Bag Boy (2007)
User Rating: 4.5/10 (177 votes)
«Bag Boy» eller «National Lampoon’s Bag Boy» som den den i stor grad vil vere nemnt som i dei aktuelle samanhengane er ein film du i stor grad av sannsynlegheit ikkje kjem til å høyre noko om eller sjå, om du ikkje skulle snuble over eit billegstativ i bakerste hjørne av bensinstasjonen eller aktivt oppsøke nye filmar frå «National Lampoon» i ny og ne. Eg er verken eller, då eg kom over tittelen på ei lanseringsliste, men kan nok samanliknast med stativsnokarane om nødvendig.
Sett i «National Lampoon»-samanheng er «Bag Boy» eit lite under, her er verken fokus på fyll, fest eller nakne kvinner og silikonpuppar. Om ideen omkring ein handleposepakkar, på amerikansk kalla bag boy eller bagger, er så mykje sterkare er sanktens meg eit godt spørsmål, men det er jo måten det blir gjennomført på som er tingen?
Paul Campell, for nokre kjent som hjelparen til den kvinnelege presidenten i «Battlestar Galactica», spelar i hovudrolla som ein talentfull posepakkar med gode moglegheiter innanfor posepakkemesterskap. Dette er like uspennande som det høyres ut som, men no tek det ei stund før denne delen av historia kjem i gong. Før startskotet går skjer det heller lite, ei halvdårleg kjærleikshistorie, vitsar som bommar godt, skodespelarar som er verken morsomt dårlege eller nemneverdig gode. Alt i alt leverar «Bag Boy» berre tilstrekkeleg til ikkje å bli skrekkeleg, men god er den ikkje. Eg hadde i det minste forventa ein del rølpete humorstrekar, som for meg reint personleg gjer filmane av denne typen heilt greie, men mangelen på slikt viste seg å blotte det kjedelege plottet.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
