Filmdagbok
ness
27-jun-2008

In the Valley of Elah (2007)

User Rating: 7.6/10 (13,241 votes)

Då eg skulle sjå «In the Valley of Elah» på kino tidlegare denne månaden hadde eg ingen forventingar eller tankar til kva den skulle vere. Den faktiske grunnen til at kinobesøket fall på akkurat denne filmen var at ingen av dei andre filmane freista. Men kva gjorde det når Paul Haggis skulle stige opp i så måte frå holet han grov seg sjølv ned i med «Crash» i 2004.

I det som er ein av to filmar i det som må vere Tommy Lee Jones sine betre år, den andre var «No Country for Old Men», er det ei forsvinningssak som involverar Jones rollekarakter Hank Deerfields son som står i sentrum. Sonen er i militæret og har akkurat komme heim frå Irak då han brått blir borte, noko som resulterar i at Hank får ein telefon om at sonen mest sannsynleg har teke tjuvperm og må melde seg snarast. Når sonen ikkje let seg spore vel Hank å ta saka i eigne hender og spore han opp, som tidlegare yrkesmilitære sjølv har han eit blikk som vitnar om at han er klar for å møte sannheita uansett kva den skulle vere.

Det som skjer vidare er vanskeleg å forklare i detalj utan å røpe filmen, og utan detaljfokus er det vanskeleg å forklare kvifor dette er ein så knallsterk film som det er. «In the Valley of Elah» er gjennomført med stødig hand, etterforskinga som blir gjort er lagt opp slik at den er interessant heile vegen, Tommy Lee Jones er ytterst perfekt i hovudrolla og har også med seg stødige motspelarar som verken trekk ned eller stel fokus. Dette smakar heller ikkje som anti-militær propaganda, då det med dei ulike karakterane er ulike sider av militære me møter. Tross motviljen Hank Deerfields møter i mange av brikkene som skal føre han vidare er han sjølv eks-militære og smittar forståelsen sin over på publikum til ei viss grad, balansen er nøyaktig og det er også ein underliggande frustrasjon på plass som kjem fram i augene hans i blant.

Måten filmen seier så utruleg mykje på utan å ta for sterke standpunkt, rote det til eller køyre seg fast på eit spesifikk punkt gjer at dette aldri blir nokon kjedeleg film på dei 2 timane den varer. Den er eigentleg eit veldig godt eksempel på korleis fleire filmar skulle ha vore laga, for det er ingenting som tilseier at ei forsvinningssak er det mest originale plottet, men når det er gjennomført på denne måten er det lite å halde i mot den på.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10