Filmdagbok
roar
30-jun-2008

Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder (1979)

(IMDb)

Den tiande filmen om banden og den siste frå 70-talet. Frå 1969-1979 vart det laga ein Olsenbanden-film kvart år (med unnatak av 1971). Dette er ein av dei betre filmane i serien, men den har dessverre ikkje fått så mykje omtale som nokre av dei føregåande filmane.

Ein tidlegare høgt betrudd tenar i Oljedirektoratet, no finansmeglar, Brock-Larsen (Arne Aas) vil ha tak i ein mikrofilm som inneheld opplysningar om nye oljeførekomstar i Nordsjøen. Desse vil han selja vidare til eit tysk storkonsern for 100 millionar tysk mark. Egon Olsen skal gjennom sin kontakt få 10 % av denne summen. Banden bryt seg inn hjå Oljedirektoratet og får tak i filmen. Alt ser perfekt ut for banden, heilt til Egon overleverar filmen til Brock-Larsen sjølv. Brock-Larsen meinar at Egon veit for mykje, og er lite lysten på at Egon og banden hans skal få sine delar av salsummen. Han får sin kompanjong, Roy (Lasse Kolstad), til å ta seg av Egon. Han prøver å gassa han i hel, men heldigvis kjem Benny og Kjell og reddar bandeleiaren sin.

Egon må no koma på nye påfunn for å få tak i mikrofilmen og pengane. Han har ikkje tenkt å gi seg utan kamp med ein slu finansmeglar. Som ikkje det var nok har også politiet fått kjennskap til saka. Dei hentar Hermansen frå stallen han har jobba sidan sist. Politileiinga meiner han er den einaste som kan hamla opp med banden. Dermed er Hermansen på sporet av favotittbytttet sitt, Olsenbanden, nok ein gong.

Etter 10 år med mykje av dei same skodespelarane og med Knut Bohwim som regissør i 8 av filmane, skulle ein tru det var ein viss slitasje i Olsenbandenhandlinga. Men med rutinerte og profesjonelle skodespelarar i 50-60 åra leverer gjengen nok ein gong varene. Det er ein rekkje artige scener i denne filmen, m.a. med ein sint mann med helsetrøye (Willie Hoel si siste rolle i Olsenbanden-filmane, sjå her) og scener med ein Harald Heide-Steen Jr. i storform. Artig å sjå kor stadig mindre motivert kriminalbetjent Hermansen (Sverre Wilberg) er til utføra politiarbeidet sitt. Han likar betre å fortelja om interessa si for fisking til sin kollega Holm (Øivind Blunck) enn å oppklara saka. Kan likevel seia at han denne gongen på ein eller annan måte lukkast for første (og einaste ?) gong, utan å røpa for mykje.

Filmen har sine svake sider også, m.a. er scenene på toppen av SAS-hotellet vel langdryge, i tillegg til at det er vel usannsynleg at fleire politimenn ikkje greier å ta igjen ein løpande Egon i slutten av 50-åra. Manuset, skrive av Sverre Holm og Øyvind Thorsen, er derimot friskt og byr på fleire godbitar. Musikken av danske Bent Fabricius-Bjerre passar glimrande til denne typen film, og gjer sitt til at filmen held seg godt sjøv om den er nesten 30 år gamal. Filmkritikarane var forøvrig meir positive enn vanleg til Olsenbandenfilmane, og begrunna det med m.a. eit godt og opplagt manus. Mi vurdering er at dette er blant dei 5 beste Olsenbanden-filmane, så skal du sjå ein Olsenbanden-film er denne filmen eit godt val.

Vurdering: 8 av 10

 

Stengt for kommentering.