ness
14-jun-2008

That ’70s Show sesong 2

26 episodar.

Tre år etter eg brukte sommaren og hausten på å sjå meg gjennom tv-serien «That ’70s Show» er eg tilbake til byrjinga, eller nesten då, første sesong hadde eg allereie i fjor sommar eit gjensyn med, men det har gått litt tid før eg har gått for meir.

«That ’70s Show» er på mange måtar ein perfekt serie å ta gjensyn med, for det første likar eg serien veldig godt, noko som underbygg mitt andre poeng, eg såg tidlegare veldig mange episodar på kort tid og hadde berre dei større trekka framfor små detaljar i hukommelsen. Dette gjorde at episodane virka som tidlegare usett på meg og eg kunne ha like mykje moro med å sjå dei no.

Eg vil ikkje legge skjul på at «That ’70s Show» er av dei enklare sitcoms der ute, mange av vitsane er svært enkle og ikkje alle er like morosame, ein del står seg på enkle poeng som går opp igjen i det uendelege, men finn ein gleden bak desse, karakterane i serien og miljøet, så er det ingenting i vegen for å like «That ’70s Show».

Ut i frå hukommelsen kan eg ikkje hugse andre sesong som den beste, det var (trur eg) rundt fjerde og femte sesong serien nådde toppen. Likevel er det ingenting i vegen for at det er god underholdning og eg ser for meg ein gjensyn med tredje sesong etterkvart, litt nærmare i tid enn til neste sommar.

Eg har ikkje streifa så mykje innom handling og spesifikke beskrivande detaljar om serien då eg reknar med dei fleste enten har sett litt/meir av serien på tv eller i det minste høyrt om den. Så dette framstår som eit reint innlegg om meg og mitt forhold til serien og då med andre sesong i fokus.

 
ness
11-jun-2008

eXistenZ (1999)

IMDb: 6.7/10 (27,094 votes)

Meg og David Cronenberg har ikkje stått heilt på godfot mellom dei nydelege, groteske filmane frå 1980-talet og «A History of Violence» i 2005. «Naked Lunch» fall aldri heilt i smak, det same kan seiast om «Crash» og «Spider». Det var difor utruleg artig å oppdage at «eXistenZ» gav meg den same kjensla som Cronenbergs 1980-talsfilmar.

I «eXistenZ» rettar Cronenberg fokus mot det neste steget i spelbransjen, der kropp blir direkte tilkopla spelmaskina. Maskina som er kunstig organisk blir både drive av energien frå og tilkopla til kroppen via eit hol til ryggmargen. Eg skal unngå meir av det tekniske som høyres rart ut, men som faktisk fungerar utruleg godt i filmsamanhengen.

Med Jude Law og Jennifer Jason Leigh i spissen blir me teke med inn i ei verd som virkar så realistisk at det etter kvart blir uklart korvidt ting er ekte eller spel når dei skal gå fram og tilbake mellom denne og den ekte. Her kjem det fram det som gjer «eXistenZ» til typisk David Cronenberg-film, å stille sentrale spørsmål, f.eks. kva som definerar menneske i forholdet til verden omkring, og på ei måte som inkluderar mengder med stemningsfulle scener, udefinerbare og sære karakterar og helst ein del groteske bilder kjenner eg igjen den herlege stilen hans frå godfilmar som bl.a. «Videodrome».

Nøye inspeksjon av strukturen til filmen, dens faktiske innhald og oppbygging, avslører noko litt simpelt, mens andre sider av filmen veg opp for dette og gjer det til ein bra filmopplevelse. Eg koste meg iallfall, på den måten ein kan koste seg med ledningar i ryggmargen og gørr flytande omkring.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
07-jun-2008

O Brother, Where Art Thou? (2000)

IMDb: 7.8/10 (69,616 votes)

Med «O Brother, Where Art Thou?» bak meg er eg ajour med eit prosjekt eg har hatt i bakhovudet i lengre tid no, nemleg alle Coenbrødre-filmane. Grunnen er enkel, dei eg hadde sett allereie før innspurten som bestod av fire filmar for tre dagar sidan, var gode og gav meg lyst til å sjå resten som var blant dei mest rosa i filmografien deira.

«O Brother, Where Art Thou?» er basert på sjølvaste Odysseen av Homer, ei historie eg aldri har lese originalen til, men fått fortalt i eigne versjonar både via Donald Pocket og anna nok til at eg kjenner til grunntrekka. Her handlar det om tre fengselsfuglar på flukt i Coens favorittmiljø, ein stad i sørstatane, spelt av George Clooney, John Turturro og Tim Blake Nelson. Den litt komiske flukta deira er krydra av eventyrlege møter og spirituell musikk og resultatet blir ein spelefilm av det fullkomne slaget.

Definitivt ein av Coens betre filmar. Frå før av var det vanskeleg nok å skilje ut ein favoritt i filmografien, det blei ikkje lettare no.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
07-jun-2008

The Hudsucker Proxy (1994)

IMDb: 7.4/10 (23,485 votes)

Tredje del ut i mitt firefilmarsløp av gjenståande Coenbrødrene-filmar er den fiksjonelle forteljinga om oppfinnaren av rockeringen.

«The Hudsucker Proxy» handlar om ein vanleg mann som får sjansen til å bli president i eit gigantisk New York konsern. Norville Barnes (Tim Robbins) er ikkje den smartaste av menn og blir hyra til å drive aksjekursen ned. Filmen fortel historia om Barnes raske stiging i forretningsverden og problema som møter han der.

Ikkje berre er handlinga satt til eit 1950-tals miljø, store delar av filmen er direkte inspirert frå 1940-talsfilmar om vanlege menn, type Frank Capra filmar. Heile vegen ser foto bra ut, karakterane er ikkje stor å utsette på heller, men når aldri toppen i interessehierakiet. Det er få, om ingen direkte svakheiter å sette fingeren på, kanskje fordelinga av dei ulike stadia i filmen er litt snodig ein gong i blant, spesielt partiet der Barnes oppfører seg som drittsekk i toppstillinga virkar å vere litt brå med tanke på kor sentralt dette partiet er.

Noko var det iallfall som fekk meg til å tenke på dette som hakket svakare film i rekka av Coenfilmar enn gårsdagens «Barton Fink», likevel skal det seiast at dette er ein sterk film som aldri blir kjedeleg.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
06-jun-2008

Barton Fink (1991)

IMDb: 7.7/10 (21,445 votes)

Etter gårsdagens heller skuffande oppleving med «Raising Arizona» var det ein opptur å sjå Coens 1991-film «Barton Fink» med John Turturro og John Goodman. Grunnen til oppturen er så mange, men eg skal prøve å trekke fram dei mest sentrale grunnane til at eg fann «Barton Fink» å bli ein god film.

Noko av det første som slo meg som positivt var auge for detaljar Coenbrødrene har hatt når dei har laga filmen, stemninga på hotellet der store delar av filmen er godt gjennomført, kanskje berre toppa av «The Shining», mykje på grunn av alle detaljane forfattaren som er hovudpersonen (John Turturro) observerar under opphaldet sitt. Godt hjulpe av musikk her sjølvsagt.

Når det gjeld observasjonane som blir gjort framstår mange av dei som poetiske augeblikk der det aldri blir tomme bilde for oss publikum, det skjer noko i desse stille stundene (litt musikk her og då, ok) som gjer at tankane blir leia inn på baner som eg rekna med det er meiningen me skal bli leia inn på, utan at noko blir sagt.

Filmar om forfattarar er noko eg har sansen for, slik er det med den saken, her er heile historien enkel nok, men kombinasjonen av skriveblokk og mørk thriller (under overflata) gir eit spennande preg over ein film det eigentleg ikkje skjer så mykje i.

Når alt kjem til alt var det mest den gode stemninga eg beit meg merke i, det var ein fryd å ta inn over seg denne filmen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
06-jun-2008

Raising Arizona (1987)

IMDb: 7.5/10 (34,951 votes)

«Raising Arizona» var ein av fire filmar eg hadde liggande usett av Coenbrødrene for å bli ferdig med filmografien deira. Dei neste tre, «Barton Fink», «The Hudsucker Proxy» og «O Brother, Where Art Thou?» skal bli forsøkt sett dei neste dagane.

«Raising Arizona» var den andre filmen ut frå brødreparet, som tre år tidlegare laga den tøffe krimthrilleren «Blood Simple». Denne gongen prøver dei seg på kombinasjonen av komedie og krim og lukkast diverre ikkje heilt med dette. I hovudrollen har finn me Nicolas Cage som den vanekriminelle HI som etter å ha funne kjærleiken til politidama Ed (Holly Hunter) må prøve å komme seg på rett kjøl, samlivet deira møter etter kvart ei hindring når Ed ikkje kan få barn og HI si fortid hindrar adopsjon.

Filmen har nokre små artige bitar her og der, først og fremst på grunn av til tider friskt formulerte samtalar, her er også nokre kjente ansikt som dukkar opp og skapar grei underholdning. Heilheitsmessig er nok likevel «Raising Arizona» ein ganske tam opplevelse der eg mest blir sittande å tenke på at Holly Hunter var ganske søt på den tiden enn å interessere meg for handlinga. Det er heller ikkje av Nic Cage sine betre filmar, spelemessig.

Eg følte denne låg på kanten til det verre, men at den aldri blei direkte bortkasta tid heller. Kanskje fordi det var Coen og at Coen var grunnen til at eg såg filmen i utgongspunktet.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
04-jun-2008

Jim Carrey: The Un-Natural Act (1991)

IMDb: 8.5/10 (117 votes)

Kva kan ein sei om ei standupkomikars akt anna enn at det er morosamt eller kjedeleg? Litt om stilen kan komme på bane og sette lys på kor vidt behandlinga av tema er bra?

Dei fleste som har sett 1990-talskomediane til Jim Carrey kjenner stilen hans, prega av svært mykje kroppsspråk og fakter, grimasar og eit breidt spekter av ulike stemmer. I standupsamanheng er dette gull verdt, iallfall for at det skal slå igjennom for vedkommande. Når ein komikar har både gode vitsar og i tillegg viser seg sjølv som ei energibombe som gir alt blir det skikkeleg gøy å sjå på. Det kan ikkje lukkast heile tida, men igjen, Carrey har talent. Han overdriv så det held og halve showet hans er nok fakter, men du verden kor artig det er å følge med på.

Undervegs kom eg til å tenke Pablo Francisco som også til ei viss grad brukar grimasar, kroppslege rørsler og slikt til å danne visuelle bilde knytta til historiane sine, ein utruleg morosam standupkomikar må seiast. Her virkar Jim Carrey endå meir spontan, tek det heile mange hakk lengre og hoppar i blant godt ut av boksen på kva han faktisk har snakka om, berre for å overraske publikum til å le ekstra.

Ei varm anbefaling til den som måtte sette pris på god, amerikansk standup.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
03-jun-2008

Big (1988)

IMDb: 7.2/10 (34,936 votes)

«Big» er verken min favorittfilm eller spesielt nemneverdig, difor fekk eg lyst til å skrive om den. Midt i eksamensperioden med heimeeksamen og side på side om 11. september, musikk og globaliseringsteori er det greitt å avveksle med noko simpelt som å sjå «Big» eller skrive om «Big», og ettersom eg ikkje har lyst til å sjå filmen ein gong til blir det vel å skrive om den.

No har eg faktisk sett «13 Going on 30» med Jennifer Garner heile to gonger, og likt den passe mykje, så eg skulle tru at «Big» var grei skuring, og eg fekk rett.

Dette handlar altså om Josh som blir stor, derav tittelen, den store Josh blir spelt av Tom Hanks. Det spesielle her er at Josh blir stor over natta, etter å ha ønska seg dette frå ei gammal ønskemaskin på tivoliet. Han må rømme heimanifrå og tilpasse seg størrelsen og dei verda til dei vaksne. Tom Hanks spelar rollen som barn i vaksen kropp bra og filmen byr på mange morsomme episodar. Bortsett i frå dette synst eg ikkje «Big» bydde på det heilt store innan underholdning, den legg seg litt over middels og er såleis i kombinasjon med den flotte humoren Hanks leverar i tolkninga si ein relativt kurant komedie. Oppbygginga og denslags er ganske rett fram, forutsigbar, ikkje spesielt utfordrande, you name it.

Grei film som avbrekk.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
01-jun-2008

Top Gear ryktebørs

Mens det endå er usikkert når Top Gear kjem tilbake, nettsidene seier sommaren 2008, vil eg dele nokre rykter om kva den kommande sesongen kanskje vil tilby. Viktig er det å understreke at eg ikkje har gått for å finne stadfestingar på desse, og at det mest sannsynleg ikkje har komme nokon stadfestelsar heller.

  • Hammond, Clarkson og May vil reise til Japan for ein av dei kjente «cheap cars challenges», på grunnlaget av at Hammond vil føle seg høg blant japanarane.
  • Eller blir det Nissan GT-R v.s. Bullet Train (Shinkansen) i Japan?
  • Serien vil introdusere ein ny karakter, litt som The Stig, men ikkje heilt som The Stig. Ein karakter som håpefullt vil gjere spennande saker til glede for seriens publikum.
  • Studio vil få nye stolar.
  • Vi vil få eit «bil vs. ukjent faktor» type race. Igjen, Shikansen?
  • Jeremy skal teste ein genial plan for å gjere britiske politibilar betre.
  • Det vil framleis vere store innslag, men i litt mindre grad enn før.
  • Top Gear vil gå til krig mot Tyskland. Sabine kjem tilbake! Vil dette involvere paintball?
  • The Stig vil teste Veyron. Eller berre eit standard photoshoot for eit magasin?
  • James vil køyre ein mini-tank.

Også eit par bilder for å stusse meir på eit par av rykta.