ness
31-jul-2008

Om Shanti Om (2007)

IMDb: 6.5/10 (2,915 votes)

Bollywood er eit relativt uutforska område for meg, antall sette filmar frå India kan teljast på ei hand, noko eg finn finurleg då eg har likt alle godt nok. «Om Shanti Om» er hittil den mest typiske eg har sett, ut i frå bilde eg har danna meg av den typiske Bollywoodfilmen, ein standard dei andre filmane eg har sett i ulik grad har styrt unna. Om dette gjer «Om Shanti Om» til ein erketypisk Bollywoodfilm er likevel tvilsomt, sett behandlinga av filmproduksjonen i historien og den ofte veldig klare merksemda på tekniske grep. Å kalle det metafilm vil bli for sterkt, men det finst i blant snev av likskapar.

«Om Shanti Om» fortel historia om personen Om før og etter reinkarnasjon. Me startar 30 år tilbake i tid og møter han som Om Prakash Makhija, eit lite namn på rollelistene og utelukkande i enkle rollar. Etter reinkarnasjonen, ei tid satt til dags dato, møter me Om igjen som superstjerna Om Kapoor som har alt den tidlege Om drøymte om.

Elles involverar dette filminnspeling, mord, songnummer, masse humor, verdens største filmstjerne Shah Rukh Khan (SRK), mange andre indiske stjerner, fiksjonelle grep og meir enn nok til å fylle 2t 42min. Å fortelje filmens forløp ser eg på som ganske unødvendig, det er like greitt å ikkje vite for mykje på førehand. Personleg likte eg dette veldig godt, det var alt eg forventa og meir til. Masse god humor og faktisk spenning då eg aldri heilt visste kva retning ting ville ta, det skal nemnast at eg stilte ganske blank på kunnskapar om både folka i filmen og filmens handling på førehand.

Det er duka for ei god filmoppleving om du faktisk ønsker det.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
30-jul-2008

Friends gjennom 10 år

Tidleg i mai bestemte eg meg for å gjere «Friends» om frå ei sjeldan og tilfeldig sett komedieoppleving på TV2 til ein grundig besøkt serie sett på eigne premiss, nemleg mange, i kronologisk rekkefølge, gjerne fortløpande. No kjenner eg folk som har brukt mindre enn mine tre månader på serien, men herre, ein må jo pause i blant!

At eg har fullført løpet seier ein del, som at eg har likt serien, at eg ikkje har blitt lei, at «Friends» går an å bruke 87 timar av livet sitt på utan å bli sinnsjuk eller emosjonelt nedbroten, at eg til tider har sett litt for mange episodar etter kvarandre då eg i tillegg til «Friends» desse tre månadane har sett andre tv-seriar, filmar og gjort ting utanom. At ting utanom i blant har gått på bekostning på «Friends»-sjåing, som denne dagen då eg skriv dette og ikkje har rukke anna etter jobb enn å ete middag, sett «Friends» og ete kveldsmat. Det får bli med dette.

Om serien vil eg sei følgande, den har hatt ei kraftig utvikling, både for det betre og verre, gjennom dei ti åra den rulla over skjermen. Første sesong staka ut komediekursen og serien fann etterkvart tonen på dramafronten, finjusteringar skjedde over tid både med tanke på skodespel, vitsar og seriøse plotlines. Lenge var det eit godt driv i serien, sjølv om eg aldri kan sei meg frelst leverte den som forventa av morsomheiter, var dønn stabil og eit tilsynelatande godt produkt. Ikkje alle karakterane er like morsomme heile vegen, men det er pirking å klage for mykje, før det nærma seg slutten.

Dei som fulgte serien over lengre tid kan eg forstå vil sette pris på ei avrunding som føregår gradvis over heile den siste sesongen, personleg synst eg seriens to-tre siste sesongar var ein tur på veg nedover, om likevel ikkje ein nedtur i ordets forstand. Den beste tida er mellom andre og femte sesong, her er humoren perfeksjonert, serien spelar ikkje altfor mykje på vaksne greier som bryllaup o.l. og slepp denne tippinga over mot å lage enkelte sekvensar som utelukkande er dramatiske utan vitsepoeng.

Når serien er ferdig sit eg ikkje igjen med noko klump i halsen, eg tenker mest på kva det neste store tv-prosjektet mitt skal bli, min neste «fix» kan du kalle det, og får seriøse tankar om dette. «Friends» varte litt for lenge og trappar etter kvart ned på det meste av det som gjorde den god på sitt beste, det er difor ikkje så mykje igjen som kan føre til eit «sluttsjokk» (definisjon: det du opplever når du har sett ferdig «Six Feet Under»).

Har eg virka i overmåte negativ på enkelte område her og du stiller deg spørsmålet kvifor eg i heile tatt såg denne serien eg virka å vere halvfornøgd med må du vite at det aldri er artig å skrive gjennomsnittlege positive innlegg, men at det er så mykje greiare å sette småting på spissen eller ende opp med fullstendig skryteskriveri.

 
ness
29-jul-2008

Birds of America (2008)

IMDb: 8.1/10 (129 votes)

«Birds of America» er filmskapar Craig Lucas sitt andre forsøk på regissering, men i motsetning til «The Dying Gaul» frå 2005 har han her overlete manuset til ei relativt ukjent Elyse Friendman og konsentrert seg om regisseringa.

I hovudrollen som Morrie, den eldste i ein søskenflokk på tre, finn me Matthew Perry. Under ein streit introduksjon med voice-over av Perry får me fortalt historia som følger: Han, nyleg med skulebeviset i lomma blir overlete to yngre søsken når faren tek sjølvmord og mora forsvinn. Når me spolar fram i tid har det gått vel 20 år, Morrie er etablert, men søskena er prega av den mangelen på dyktige foreldre og er til ei viss grad avhengig av Morrie som det stabile midtpunktet i livet når ting går skeiss.

Fleire solide skodespelarar prega rollebesetninga i tillegg til Matthew Perry, som etter rollen som Chandler Bing i «Friends» i større grad har gått inn for å gjere seriøse rollar i filmar nærare drama, sjølv om rollen i «Studio 60 On Sunset Strip» vanskeleg kan karakteriserast som ein utelukkande streit og alvorleg. Ved å sjå på dei mindre kjente filmrollane hans kan ein ane at Perry går for å spele på talentet i å halde ei seriøs maske. Denne gjentek han i «Birds of America» der han ofte har ei hårfin balanse på kanten til det komiske han gjer ved å spele på sin eigen komiske person. Ved sidan av Perry finn ein Ben Foster i ei strålande tolking av den forstyrra yngre broren, Foster viser som han har vist så godt før (i bl.a. «Six Feet Under») at han verkeleg kan spele halvgal med mørk personlegheit. Forutan desse har me Ginnifer Goodwin («Big Love») i ei av hennar mest seriøse rollar hittil og Hilary Swank («Million Dollar Baby») som ganske glatt nabo og Lauren Graham («Bad Santa») som Morries tilsynelatande tålmodige, men også litt kjedelege kone.

Å samle handling og tema i ein enkelt bås let seg nok ikkje gjere, her sklir me over i så mange ulike problem knytt til både familie og individ at eg ikkje vågar kalle det verken familiedrama, sjølv om familien til Morrie er det sentrale, eller ein film utelukkande om depresjon, eller om økonomisk tryggleik. Tittelen kan ha ei meining forutan boka «Birds of America» tileigna den avdøde faren i familien. Som resten av filmen gir den noko å gripe tak og det skal ikkje overraske meg om nettopp omfanget av småting som er blitt samla på ein så god måte som her, i lag med kjente skodespelarnamn, vil gjere dette til ein film som nok kan bli høyrt meir om i tidene framover, på linje med annerkjente filmar som «Junebug» og «The Squid and the Whale».

Til tross for mykje godprat frå denne kanten klarar eg ikkje å ta dette inn over meg som ei sterk filmoppleving, noko som gjer at den misser unna dei høgste karakterane på min private skala. Eg synst derimot det var ein god film og kan gjerne anbefale den vidare på grunnlag av både gode prestasjonar frå Ben Foster og Matthew Perry, samt ei fin, dramatisk og småmorsom historie.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
28-jul-2008

Wasted (2006)

IMDb: 6.7/10 (92 votes)

Dette relativt ukjent amerikanske dramaet frå 2006 handlar om livet i ein småby som blir gjenopplevd av den utflytta collegestudenten Mitch i forbindelse med ei graverd av ein tidlegare kamerat. Kip Pardue som spelar Mitch er, som ingen andre filmen heller, nokon distinkt hovudrolleinnehavar, han deler det å vere filmens senter med dei andre, tidlegare kameratane sine, spelt av Eddie Kaye Thomas («American Pie») og Josh Cooke («Committed»), men vinklinga mot historien føregår i stor del frå ein synsvinkel som kan opplevast som Mitch sin.

Her har me tre stykker som i lag er det klassiske eksempelet på venner som har vakse i frå kvarandre, men likevel søker tilbake som gruppe då deira felles venn har døydd, på bakgrunn av at det ikkje ligg nokon krav eller forvetningar i typen vennskap dei har. Ungdomslivet i småbyen har sidan dei gjekk på highschool blitt veldig avslappa i forhold til narkotika og dette er ein av mange små problem filmen sirklar innom over langhelga handlinga føregår gjennom. Elles ser filmen ut til å ha som mål å la oss bli kjente med karakterane og deira kvardagsproblem.

«Wasted» lykkast ikkje i å skape det store engasjementet, men køyrer på kanten mellom å vere kjedeleg og skape noko flott og nedtona. Den har ein mørk undertone som blir henta fram i blant til filmens fordel, småbyen blir flott framstilt som eit dødt miljø utan særleg potensiale for ungdommen. Når det gjeld personane og relasjonane dei i mellom manglar det derimot svært mykje for å gjere dette verdt pengane, sjølv om skodespelarane i blant kan glimte til med gode eigenprestasjonar. Resultatet er ein anonym film midt på treet. Kanskje dette er årsaken til at kinovising har uteblitt og det har teke så lang tid før filmen kom ut på disc.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-jul-2008

Dr. Horrible’s Sing-Along Blog miniserie

3 episodar.

Joss Whedons sjølvfinansierte webserie blei sendt gratis på internett i ein begrensa periode, andre halvdel i juli. Fortvil derimot ikkje om du gjekk glipp av den, serien kan kjøpast frå iTunes og er såleis ikkje heilt fjerna frå vidare sjåing.

I hovudrollen som Dr. Horrible finn me Neil Patrick Harris, ein av mine favorittskodespelarar på tv-fronten for tiden som til vanleg gjer ei formidal rolle som Barney i «How I Met Your Mother». Dr. Horrible har som mål å bli med i The League of Evil og må bevise for gruppas onde leiar, Bad Horse, at han har det som skal til for dette. Samtidig er privatlivet hans prega av at han er forelska i søte Penny frå sjølvbeteningsvaskeriet. Å utføre Den Store Onde Gjerninga er ikkje så lett når Captain Hammer, byens superhelt og redningsmann, alltid står i vegen.

Dette er handlinga kort fortalt, i all enkelheit litt … enkel, men det skal ikkje mangle på sjarm og ikkje minst gode songnummer, for dette er ein musikal. Visse trekk leiar dette mot ein amatørproduksjon, men ved eit nærare blikk er det ingen tvil om at dette er gjort av profesjonelle. Gjennom det enkle plottet skin også ei meir alvorleg historie som utover serien blir det som held dette oppe.

I det minste artig for fans av Whedon og ev. skodespelarane Neil Patrick Harris og/eller Nathan Fillion, godeste Captain Malcom Reynolds frå «Firefly», men sikkert til glede for andre også.

 
ness
24-jul-2008

Smart People (2008)

IMDb: 6.7/10 (2,502 votes)

«Smart People» hadde potensiale i frå første stund eg såg klypp frå filmen, ei ung og smart Ellen Page, ein halvfeit og miserabel Dennis Quaid, eit stykke gammal Saab og Thomas Haden Church - den siste kombinasjonen sist sett i den eminente «Sideways», men det skal ikkje handle om vin denne gongen.

Lawrence Wetherhold (Quaid) er den misantropiske enkemannen av ein professor som underviser i engelsk litteratur og vektlegg intellekt framfor kjensler i folka han ferdast i blant. Elendig på namn og ansiktsgjenkjenning er han mindre populær blant studentane. To barn i slutten av tenåra og eit bilde på skrivebordet vitnar derimot om ei betre tid. Eit sjukehusbesøk og møte med den kvinnelege legen Janet Hartigan (Sarah Jessica Parker) kan bli vegen tilbake til lykke, men den vil i sofall bli vanskeleg.

Ved sidan av har den ambisiøse og skuleflinke dottera (Page) vanskeleg med å slå seg laus og blir nærmast eit prosjekt for Wetherholds adopterte bror (Church) å opne verda for, Church er i sitt ess som den fattige adoptivbroren viss det å leve livet er viktigare enn å sikre seg jobb og bustad, perfekt når Wetherhold treng sjåfør til Saaben etter sjukehusbesøket. Church blir likevel aldri ein parodi på den verste slauren og viser fleire sider ved ein karakter som passar utmerka blant mange kompliserte karakterar i det som er ein fortreffeleg film.

Den største faren her var at «Smart People» skulle trakke opp igjen for mange gamle spor, meir enn ein film har dratt opp den middelaldrande misantropen som kjem til eit punkt i livet der han enten blir nødt til å ta eit oppgjer med seg sjølv enten for å komme seg vidare eller ufrivillig når han hanmnar midt oppi ein situasjon. Slik blei det altså ikkje, for meg blei dette både ei ny og god filmoppleving, det er her gjort ei blanding av (på eit plan) ein dysfunksjonell familie og gretten gubbe. Solide prestasjonar over heile linja av folk eg likar å sjå på skjermen var også med på å trekke opp. Elementa kan verke kjente, men blandinga er ypparleg.

«Smart People» blir ei lita anbefaling frå mi side til den som likar blandinga av drama og komedie, med vekt på drama og innslag av romantikk, men aldri sukkersøtt eller bygd opp som om alt før slutten var verdt null.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
23-jul-2008

Halvveges i 2008

Lesarar gjennom tidlegare år kan ha merka at eg ikkje har brukt tid på å oppsummere kvar enkelt månad med beste og verste hittil i 2008. På oppfordring gjennom Filmantropforumet har eg heller oppsummert dei beste nye filmane eg har sett hittil i år, gamle og gode klassikarar får vente til ei ev. årsliste om eit halvt års tid.

I tilfeldig rekkefølge her. «Once» står oppført frå 2006, men den fekk eg ikkje sett før på festival i år. Elles er det andre her ting eg ikkje har fått sjansen til å sjå før i år heller, sjølv om det skulle stå 2007.

  • «Juno» (2007)
  • «Into the Wild» (2007)
  • «The Darjeeling Limited» (2007)
  • «There Will Be Blood» (2007)
  • «In the Valley of Elah» (2007)
  • «Ji jie hao» (2007) - kinesiske «Assembly»
  • «In Bruges» (2008)
  • «Cassandra’s Dream» (2007)
  • «Cheung Gong 7 hou» (2008) - Stephen Chows «CJ7»
  • «Once» (2006)
 
ness
22-jul-2008

Another Woman (1988)

IMDb: 7.3/10 (3,022 votes)

Ei kvinne i femtiåra hamnar i midtlivskrise og opplever at det meste rundt ho raknar eller forandrar seg. «Another Woman» er som den to år seinare «Alice» ein film om ei kvinne i ein fase av livet der situasjonen er trudd å vere stabil, men ting er langt i frå å vere på plass. Mens «Another Woman» er meir drama prøver «Alice» å gi ei humoristisk vinkling, men dei er endå tematisk like.

I rollen som Marion Post finn me Gena Rowlands, Marion skal skrive ei bok og leiger kontor til dette formålet ettersom bygningsarbeid forstyrrar ho i heimen. Frå det nye kontoret kan ho høyre kva pasientane fortel psykologen i naborommet og blir sugd inn i historia til ei gravid kvinne spelt av Mia Farrow, på eit psykologisk plan framfor å bli ein av Allens fantasiprega filmar. Ved sidan av dette følger me Marion gjennom ein tøffare periode i privatlivet der fleire ting vil gå opp for ho.

Det skal ikkje vere noko tvil om at eg føretrekk denne måten frå Allen å lage film på framfor kva «Alice» er blitt. I filmografien hans fører denne seg inn blant «Interiors» og «September» i å fortelje om kvinner med problematiske liv, utan at den omhandlar psykiske problem. Det er nok ikkje den ultimate Allen-filmen, i blant føles den litt for lang og langsom, men sluttvurderinga hellar i positiv retning og ein sit igjen med viten om at denne filmen har formidla noko.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
21-jul-2008

Two and a Half Men sesong 1

24 episodar.

«Two and a Half Men» har stort sett fått godord fortalt om seg frå folk eg kjenner og frå mine vante, amerikanske nettsider om tv. Så til slutt måtte eg, styrt av nysgjerrigheita, strekke meg til å sjå kva denne populære sitcomen dreia seg om.

Som seriens viktigaste karakterar har me Charlie, broren Alan og Alans son Jake. Charlie lever av å lage reklamejingles og eig eit flott hus ved stranda i Malibu, når Alan får ekteskapstrøbbel flyttar han inn og har halvt med seg sonen i bagasjen som fast helgeinventar.

Seriens morsomme augeblikk står på Charlie sin avslappa og kule holdning til livet, han er single, player og verdens kulaste onkel for Jake. Alan, på mange måtar den strake motsetninga, men også ein fleksibel karakter, er fornuftens knytepunkt, men langt i frå perfekt han heller. Til slutt er det Jake, 10 år gammal, akkurat passe smart på enkelte område og for ung til å forstå alt, grunnlaget for mange morsomme scener dette og.

Det er ikkje til å legge skjul på at «Two and a Half Men» bevegar seg smått innpå familiekomediens område, slik er det ofte med barn i ein serie, det er visse ting som virka å vere pensum på det område. Men serien blir aldri ei moralpreiken, vektlegginga av dette i forhold til den drøye humoren, men likevel innanfor amerikanske tv-sensurs rammer, er liten nok til at dette først og fremst er ein vaksen sitcom det er snakk om. Det er vaksne som vil få mest glede av det grove språket, dei ufullstendige seksuelt lada setningane der kjerneordet blir overlete til publikum, osv.

Det tok kanskje litt for mange episodar før eg blei engasjert, ingen var direkte dårlege i løpet av seriens første få episodar, ingen gav full uttelling. Noko slikt kan vitne om at serien, i det minste innleiingsvis, er prega av heller middels gode vitsar, men karakterane veks på ein etter kvart. Og samanlikna med veldig mange andre komediar kjem denne sterkt ut til slutt. Eit stykke utover i første sesongen fall uansett fleire av vitsane på plass, så for framtida (som alt har vore i drift opp til 5. sesong per dags dato) lovar dette godt.

 
ness
18-jul-2008

Alice (1990)

IMDb: 6.4/10 (3,422 votes)

«Alice» er ingenting meir enn ein heilt grei Woody Allen film, den er vanskeleg å skrive om på ein interessant måte, men er heller ikkje på nokon måte blant dei mest interessante filmane.

Mia Farrow spelar Alice, ei kvinne som har vore gift i 16 år, møter ein ny mann og blir smått forelska. Betre blir det ikkje for sjølvkontrollen at ho går til ein healer i Chinatown og får ei rekke ulike urter som får ho til å oppføre seg ukontrollerbart eller bli usynleg.

Filmen i heilheit handlar om denne kvinna som i utgongspunktet finn seg i ein stabil situasjon, og nok har gjort det i mange år, sitt møte med ein ny og ukjend kvardag. Gradvis vil ho forandre oppfatting av tinga rundt seg og det treng ikkje nødvendigvis vere for det verre.

«Alice» er nok aldri skikkeleg morosam, Mia Farrow er litt slitsom i lengden og historien er ikkje spesielt interessant, den gir heller ikkje rom for spesielt mykje av Allens intellekt, men kan i det minste seiast å vere ei av veldig mange ulike filmar han har laga.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10