Ferris Bueller’s Day Off (1986)
Eg har tidlegare uttrykkt stor begeistring for John Huges sine fire første filmar, då spesielt «The Breakfast Club» som ved sidan av å vere ein god film er ein av mine personlege favorittar. «Ferris Bueller’s Day Off» hamna høgt på lista forrige gong eg såg den, men har sunke litt etter gjensynet.
Matthew Broderick spelar Ferris Bueller, ein smart og snartenkt ungdom med karisma og posisjon som forbilde blant alle clique-ane på skulen. Ferris er ikkje spesielt glad i å bruke tiden på unyttig skulelærdom og det filmen handlar om er hans niande skulkedag, den norske tittelen «Skulk med stil» er nok meir dømmande enn det «… Day Off» står for, men passar perfekt når det gjeld delen «… med stil». Ferris Bueller er nok ein slaur, men med stil.
På motsatt side av Ferris står skuleinspektøren Rooney som har sett seg lei av skulkinga og ser på han som ein trussel mot gode elevar, og søstra til Ferris som er misunneleg på at han stadig slepp unna. Desse er med på å skape litt ekstra spenning og humor i Ferris’ skulketilværelse, som han nyttar med å ta med kjærasten og vennen inn til byen for å leve livet.
Grunnen til at dette ikkje var like festleg som forrige gong var nok at eg visste kva som ville skje og tenkte meir over at det blir brukt god tid, litt for god, på mange av scenene. Filmen i seg sjølv er framleis veldig morsom, vel verdt å bruke tid på, iallfall om ein aldri har sett den før. Den mangla altså tempoet som får kvart minutt til å føles verdifullt.
Her får ein servert populærkulturelle referansar i fleng, paradeframføringa av The Beatles «Twist and Shout» er framleis ein av dei betre musikalske innslaga på film. Ferris kommunikasjon med publikum er aldri for tydeleg til å bli eit minus, men tillegg mykje til karakteren hans som ein menneskesjarmør klar over eigen posisjon. Skuleinspektør Rooney byr på flotte og enkle slapstickaugeblikk, han har minimalt med delt skjermtid ved sidan av Ferris, noko som forsterkar den patetiske personen han er i jakta på «usårbare» Bueller. Søstra er på si side vanskelegare å forstå, ho virkar ikkje å hate Ferris så mykje som ho er konkurranseinnstilt mot posisjonen hans, noko som vanskeleg kan gjere ho til ein direkte fiende, ein tanke som nærmast blir stadfesta av slutten.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

En tidløs klassiker…. eller?
Av nostalgiske årsaker er dette en film jeg har latt være å se de siste 10 årene. Selv om jeg tror den er like bra i dag!
I stilen er den naturlegvis litt 80-tals, men når det kjem til den fortalte historien ser eg for meg at den kunne ha glidd i nesten kor tid som helst. Og av dette er det ingen problem å vere publikum til denne filmen per i dag. Så du er inne på noko med tidlaus klassikar, denne har halde seg bra (ikkje at eg såg den i 1986 og kan samanlikne så grundig det eg påstår).