The Red Shoes (1948)
«The Red Shoes» hadde ingen skodespelarar eg var kjent med, er laga av to menn (Powell og Pressburger) som eg har sett ein knapp film av tidlegare, og skulle handle om eit relativt uutforska tema, ballett.
Den første av dei ni filmane i DVD-boksen «The Powell & Pressburger Collection» (det finst fleire variantar) eg såg var «A Matter of Life and Death», ein på mange måtar fin film som eg likevel ikkje klarte å engasjere meg i det store for. «The Red Shoes» blir såleis den første i samlinga som gir meg eit verkeleg ønske om å utforske samarbeidet mellom Powell og Pressburger vidare.
Her handlar det altså om ballett. Moira Shearer spelar ballerinaen og Marius Goring komponisten som ca. samtidig blir teke inn i varmen hjå den store ballettimpressarioen Lermontov (spela av Anton Walbrook). Dei møter stor suksess og som publikum får me oppleve store mengder av dansinga og musikken som skal vere årsakene til denne. «The Red Shoes» er såleis ein svært rik film på inntrykk, der ideen omkring suksessen ikkje blir tatt for gitt, snarare delt. For å ikkje gjere dette for sært har hovudstykket me ser mest i frå blitt basert på eit eventyr av Hans Chr. Andersen, eit folkeleg val.
Det eg gledar meg mest over ved denne er fantastisk skodespel, Anton Walbrook viser mange sider ved den strenge Boris Lermontov og Moira Shearer har føter av fjær og ansikt som ein sukkerklump. At filmen sitt visuelle fargesterke uttrykk er til å bite i kan eg heller ikkje nekte for, dette går sant saman med, skal eg sei oversminka, skodespelaransikt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
