Harold & Kumar Escape from Guantanamo Bay (2008)

Visse forventingar var knytta til denne oppfølgaren, kunne radarparet som fekk meg til å sjå «Harold & Kumar Go to White Castle» tre gonger innfri på nytt? Svaret blir ikkje så enkelt som ja eller nei.
Både faren og gleden ved ein oppfølgar er at den må gjenskape det essensielle ved førstefilmen og samtidig skape noko nytt. Ikkje alle filmar gjer dette innan stonerkomediesjangeren, som «Harold & Kumar» med si tiltrekning mot marijuana må seiast å tilhøyre, og dei endar difor opp rett på video.
I «Guantanamo Bay» møter me igjen John Cho og Kal Penn som andregenerasjons innvandrarar i USA. Filmens handling begynnar der «White Castle» slutta og dei har altså planar om å reise over dammen til Europa og Amsterdam, som Kumar så godt uttrykker det: «It’s gonna be exactly like Eurotrip only it’s not going to suck!» At referansen til «Eurotrip» i heile tatt blir teke i bruk lovar ikkje all verden, men heldigvis går ting i ei anna retning, og etter det eine har ført til det andre er Harold og Kumar hamna på Guantanamo Bay og må suge store Bobs kuk for å overleve.
Som tittelen skal ha det til stikk sjølvsagt Harold og Kumar av, det er i denne delen av filmen reisa frå leiligheita til White Castle i førstefilmen blir forsøkt gjenskapt, berre drøyare. Neil Patrick Harris er med igjen og Rob Corddry er den sinnsjuke autoriteten som skal følge dei i hælane og presse eventyret framover. Sjølv om det er morosamt så blir det sikta for høgt med denne filmen, sjarmen ved at den korte turen til White Castle som gav inntrykk av å vere lang på grunn av mengder marijuana i førstefilmen er borte i den geografiske målstokken historien her føregår i. Så kan det vere opp til den enkelte å finne positive sider ved dette, eg har iallfall uttrykkt mi meining. Personleg fann eg mest glede i å kunne oppleve ein splitter ny film med Harold og Kumar i heile tatt, deretter kose meg med den enkle humoren dei tilbydde. Forutan dette er det lite som får plass i hugseboka (ehrm, motsatte av gløymeboka?), kanskje den sekvensen med bottomless-partyet (som svar på topless-party).
Men for all del, likte du «White Castle» vil du kunne få nok ut av denne til ikkje å kjede deg.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Må innrømme at dette ikke er helt min type komedie, men jeg har nesten litt lyst til å se den for å få oppleve Dr. Horrible som rir en enhjørning.