ness
24-jul-2008

Smart People (2008)

IMDb: 6.7/10 (2,502 votes)

«Smart People» hadde potensiale i frå første stund eg såg klypp frå filmen, ei ung og smart Ellen Page, ein halvfeit og miserabel Dennis Quaid, eit stykke gammal Saab og Thomas Haden Church - den siste kombinasjonen sist sett i den eminente «Sideways», men det skal ikkje handle om vin denne gongen.

Lawrence Wetherhold (Quaid) er den misantropiske enkemannen av ein professor som underviser i engelsk litteratur og vektlegg intellekt framfor kjensler i folka han ferdast i blant. Elendig på namn og ansiktsgjenkjenning er han mindre populær blant studentane. To barn i slutten av tenåra og eit bilde på skrivebordet vitnar derimot om ei betre tid. Eit sjukehusbesøk og møte med den kvinnelege legen Janet Hartigan (Sarah Jessica Parker) kan bli vegen tilbake til lykke, men den vil i sofall bli vanskeleg.

Ved sidan av har den ambisiøse og skuleflinke dottera (Page) vanskeleg med å slå seg laus og blir nærmast eit prosjekt for Wetherholds adopterte bror (Church) å opne verda for, Church er i sitt ess som den fattige adoptivbroren viss det å leve livet er viktigare enn å sikre seg jobb og bustad, perfekt når Wetherhold treng sjåfør til Saaben etter sjukehusbesøket. Church blir likevel aldri ein parodi på den verste slauren og viser fleire sider ved ein karakter som passar utmerka blant mange kompliserte karakterar i det som er ein fortreffeleg film.

Den største faren her var at «Smart People» skulle trakke opp igjen for mange gamle spor, meir enn ein film har dratt opp den middelaldrande misantropen som kjem til eit punkt i livet der han enten blir nødt til å ta eit oppgjer med seg sjølv enten for å komme seg vidare eller ufrivillig når han hanmnar midt oppi ein situasjon. Slik blei det altså ikkje, for meg blei dette både ei ny og god filmoppleving, det er her gjort ei blanding av (på eit plan) ein dysfunksjonell familie og gretten gubbe. Solide prestasjonar over heile linja av folk eg likar å sjå på skjermen var også med på å trekke opp. Elementa kan verke kjente, men blandinga er ypparleg.

«Smart People» blir ei lita anbefaling frå mi side til den som likar blandinga av drama og komedie, med vekt på drama og innslag av romantikk, men aldri sukkersøtt eller bygd opp som om alt før slutten var verdt null.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10