Filmdagbok
ness
29-jul-2008

Birds of America (2008)

User Rating: 8.1/10 (129 votes)

«Birds of America» er filmskapar Craig Lucas sitt andre forsøk på regissering, men i motsetning til «The Dying Gaul» frå 2005 har han her overlete manuset til ei relativt ukjent Elyse Friendman og konsentrert seg om regisseringa.

I hovudrollen som Morrie, den eldste i ein søskenflokk på tre, finn me Matthew Perry. Under ein streit introduksjon med voice-over av Perry får me fortalt historia som følger: Han, nyleg med skulebeviset i lomma blir overlete to yngre søsken når faren tek sjølvmord og mora forsvinn. Når me spolar fram i tid har det gått vel 20 år, Morrie er etablert, men søskena er prega av den mangelen på dyktige foreldre og er til ei viss grad avhengig av Morrie som det stabile midtpunktet i livet når ting går skeiss.

Fleire solide skodespelarar prega rollebesetninga i tillegg til Matthew Perry, som etter rollen som Chandler Bing i «Friends» i større grad har gått inn for å gjere seriøse rollar i filmar nærare drama, sjølv om rollen i «Studio 60 On Sunset Strip» vanskeleg kan karakteriserast som ein utelukkande streit og alvorleg. Ved å sjå på dei mindre kjente filmrollane hans kan ein ane at Perry går for å spele på talentet i å halde ei seriøs maske. Denne gjentek han i «Birds of America» der han ofte har ei hårfin balanse på kanten til det komiske han gjer ved å spele på sin eigen komiske person. Ved sidan av Perry finn ein Ben Foster i ei strålande tolking av den forstyrra yngre broren, Foster viser som han har vist så godt før (i bl.a. «Six Feet Under») at han verkeleg kan spele halvgal med mørk personlegheit. Forutan desse har me Ginnifer Goodwin («Big Love») i ei av hennar mest seriøse rollar hittil og Hilary Swank («Million Dollar Baby») som ganske glatt nabo og Lauren Graham («Bad Santa») som Morries tilsynelatande tålmodige, men også litt kjedelege kone.

Å samle handling og tema i ein enkelt bås let seg nok ikkje gjere, her sklir me over i så mange ulike problem knytt til både familie og individ at eg ikkje vågar kalle det verken familiedrama, sjølv om familien til Morrie er det sentrale, eller ein film utelukkande om depresjon, eller om økonomisk tryggheit. Tittelen kan ha ei meining forutan boka «Birds of America» tileigna den avdøde faren i familien. Som resten av filmen gir den noko å gripe tak og det skal ikkje overraske meg om nettopp omfanget av småting som er blitt samla på ein så god måte som her, i lag med kjente skodespelarnamn, vil gjere dette til ein film som nok kan bli høyrt meir om i tidene framover, på linje med annerkjente filmar som «Junebug» og «The Squid and the Whale».

Til tross for mykje godprat frå denne kanten klarar eg ikkje å ta dette inn over meg som ei sterk filmoppleving, noko som gjer at den misser unna dei høgste karakterane på min private skala. Eg synst derimot det var ein god film og kan gjerne anbefale den vidare på grunnlag av både gode prestasjonar frå Ben Foster og Matthew Perry, samt ei fin, dramatisk og småmorsom historie.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
thor har sagt:

Hvordan er det du har fått sett filmer som denne og Smart People allerede? Internett, kontakter eller er du faktisk stasjonert i USA?
Ble litt interessert, jeg prøver å få med meg flest mulig av årets severdige filmer i løpet av året, men må jo som regel vente et år eller to på filmer som dette, som virker å ha litt begrenset distribusjon. Bare nysgjerrig:)

ness har sagt:

Internett.