Harold & Kumar Escape from Guantanamo Bay (2008)

IMDb: 7.3/10 (13,858 votes)

Visse forventingar var knytta til denne oppfølgaren, kunne radarparet som fekk meg til å sjå «Harold & Kumar Go to White Castle» tre gonger innfri på nytt? Svaret blir ikkje så enkelt som ja eller nei.

Både faren og gleden ved ein oppfølgar er at den må gjenskape det essensielle ved førstefilmen og samtidig skape noko nytt. Ikkje alle filmar gjer dette innan stonerkomediesjangeren, som «Harold & Kumar» med si tiltrekning mot marijuana må seiast å tilhøyre, og dei endar difor opp rett på video.

I «Guantanamo Bay» møter me igjen John Cho og Kal Penn som andregenerasjons innvandrarar i USA. Filmens handling begynnar der «White Castle» slutta og dei har altsÃ¥ planar om Ã¥ reise over dammen til Europa og Amsterdam, som Kumar sÃ¥ godt uttrykker det: «It’s gonna be exactly like Eurotrip only it’s not going to suck!» At referansen til «Eurotrip» i heile tatt blir teke i bruk lovar ikkje all verden, men heldigvis gÃ¥r ting i ei anna retning, og etter det eine har ført til det andre er Harold og Kumar hamna pÃ¥ Guantanamo Bay og mÃ¥ suge store Bobs kuk for Ã¥ overleve.

Som tittelen skal ha det til stikk sjølvsagt Harold og Kumar av, det er i denne delen av filmen reisa frå leiligheita til White Castle i førstefilmen blir forsøkt gjenskapt, berre drøyare. Neil Patrick Harris er med igjen og Rob Corddry er den sinnsjuke autoriteten som skal følge dei i hælane og presse eventyret framover. Sjølv om det er morosamt så blir det sikta for høgt med denne filmen, sjarmen ved at den korte turen til White Castle som gav inntrykk av å vere lang på grunn av mengder marijuana i førstefilmen er borte i den geografiske målstokken historien her føregår i. Så kan det vere opp til den enkelte å finne positive sider ved dette, eg har iallfall uttrykkt mi meining. Personleg fann eg mest glede i å kunne oppleve ein splitter ny film med Harold og Kumar i heile tatt, deretter kose meg med den enkle humoren dei tilbydde. Forutan dette er det lite som får plass i hugseboka (ehrm, motsette av gløymeboka?), kanskje den sekvensen med bottomless-partyet (som svar på topless-party).

Men for all del, likte du «White Castle» vil du kunne få nok ut av denne til ikkje å kjede deg.

6/10

That ’70s Show sesong 4

27 episodar.

Vel halvveges og framleis på dei gode episodane, tidlegare har eg ytra at serien ligg på topp rundt sesong fire og fem, etter å ha tenkt meg om to gonger til vil eg setje eit skilje mellom tredje og fjerde sesong og kalle den tredje for best blant dei mest uskuldige ungdomsåra og fjerde som eit nytt kapittel med litt meir alvor og større avstikkarar både på område som kjærleiksforhold og nye sider ved dei ein gong så enkle karakterane i serien.

Som vanleg er det lite å utsette på serien, eg sluker dei fleste episodane rått, kanskje minus to mindre gode, mens andre episodar kan vere betre enn vanleg. Du har ein episode der Kelso innfører Prank Day og Red blir med i «krigen» som oppstår, denne ligg i ein eigen klasse. Så er det eit forsøk på å lage ein musikalepisode som mislykkast både på grunn av elendige songnummer som sjeldan blir morosame og dårleg oppbygging rundt desse.

I fjerde sesong kan ein merke at det ikkje berre er Eric som er «That ’70s Show», dÃ¥ han tidlegare har stukke av med mesteparten av fokuset, har han her gitt frÃ¥ seg litt ekstra rom til dei andre, sjølv om forskjellen knapt kan merkast før ein oppsummerar sesongen i ettertid. Denne sesongen er ingen dum ting Ã¥ bruke tid pÃ¥, hugsar eg rett finst det endÃ¥ minst ein god sesong (5) og ein grei (6) før serien svakt rundar av for Kelso og Eric (7) og serien slit seg gjennom ein siste sesong (8) utan desse.

Mr. & Mrs. Smith (2005)

IMDb: 6.4/10 (66,532 votes)

«Mr. & Mrs. Smith» såg eg tilbake i januar, 2006, den gongen gav eg 6 av 10 og var generelt fornøgd med underholdninga, men må ha meint at den mangla det ekstra som skulle til for løfte den opp i den gode klassen. Av positiv omtale skreiv eg følgande:

Ein av dei betre spenningskomediane eg har sett. Full gass tvers igjennom. Og med eit glimt i auge frå både Angelina Jolie og Brad Pitt.

Når eg no føretok eit gjensyn, og det som mi første Blu-Ray oppleving, merka eg at dette var blitt ein betre film enn det inntrykket som var lagra i hukommelsen, og at dei positive orda eg har sitert står sterkare. At dette var ei oppleving i høg oppløysing lot ikkje til å imponere meg spesielt, eg la meg på tanken at det er slik det bør vere på eit stor televisjonsapparat; klart og tydeleg bilde.

Doug Liman har gjort litt av kvart, han regisserte den første Jason Bourne-filmen, streifa innom tv-regissering med bl.a. «The O.C.» og eit feila pilotprosjekt av eit forsøk på å føre «Mr. & Mrs. Smith» til amerikanske tv-skjermar i 2007. Han gav oss nyleg «Jumper», ein diskutabel film ser det ut til å vere. Med «Mr. & Mrs. Smith» har han spelt dei rette korta og gir oss ei god blanding av spenning og humor. Brad Pitt og Angelina Jolie spelar ekteparet der begge er leigemordarar og held dette skjult for kvarandre. Me møter dei i ekteskapsrådgiving og får herifrå fortalt historia om møtet som førte til giftemål og no har utvikla seg til å bli eit kaldt forhold. Litt etter litt blir liva deira bretta ut for oss og etter eit dobbeltbooka oppdrag der både John og Jane Smith er tilstades begynnar dramatikken.

«Mr. & Mrs. Smith» kunne fort blitt ei gjennomsnittleg affære hadde det ikkje vore for den stødige behandlinga av manusskriptet og eit glimrande samspel mellom Pitt og Jolie. For å ta Liman først, det han har gjort er å legge eit lok på det heile, halde det dempa utan å fjerne verken framgong eller humoren. Det finst tallause stader der ei one-liner kunne ha blitt plassert og enten tatt fokuset frå den nettopp velfortalte vittigheita eller ruinert den, i staden let Liman (ev. medarbeidarar) det vere eit pusterom der du så tydeleg forventar noko, men endar opp med å gi det som nettopp skjedde ein ekstra tanke. Mange små, bevisste val gjer at dette ikkje endar opp på motorvegen.

Kontrasten mellom samlivet i forstaden og jobbane er mykje av poenget og kunne, viss eg skal pirke, vore endå skarpare. At det er prega av ein del forbrukarvarer er nok vanskeleg å komme unna, men den verste glorifiseringa av forstaden er til all glede utelatt då Pitt og Jolie så godt klarar å framstå som dyktige i «forkledninga» som vanlege folk og samtidig så falske då me har fått sjansen til å bli fort, men godt kjende med dei tidleg i filmen som heilt meir og/eller anna enn typisk, rik middelklasse.

Det er mykje bra å hente her, men ein optimal film er det nok ikkje. Etter kvart mista eg konsentrasjonen, den blir for lang i enkelte parti, sjølv om oppbygginga virkar rett i mine auger. Me har ein del folk som ikkje klarar å gjere birollane til dei små sidestykka som «Mr. & Mrs. Smith» kunne ha vore tent med i denne lengda. Eg har ingen svar på løysinga, men forslag som å gi dei meir tid ved sidan av Pitt og Jolie eller køyrt dei endå lengre i bakgrunnen streifa meg, mellomtingen Vince Vaughn har hamna i er nesten litt forvirrande, for han virkar ikkje viktig på nokon måte, men har likevel nok skjermtid. Adam Brody som målet i oppdraget som blir dobbeltbooka gjer ein storvegs rolle som me ser altfor lite av. Vel, poenget er, ingen toppfilm, men framleis god altså.

7/10

Seasons (2008)

The Collective Online Store

«Seasons» er ein timeslang sportsfilm om sju av verdas beste terrengsyklistar, laga av The Collective, ei gruppe filmskaparar, fotografar og syklistar. Dette er tredje film ut frå gruppa som kom med «Roam» i 2006, og denne gongen skal det handle om korleis det er å leve som terrengsyklist på fulltid gjennom heile året.

Når det gjeld terrengsyklinga så handlar denne filmen om trening til ulike konkurransar som lengre, og ville, nedoverløyper, løyper med fokus på triks og gleden dei involverte finn i å drive med sykling generelt. The Collective byr ikkje overraskande på køyring og triks i ypperste klasse, filma av sjukt flinke kamerafolk og satt saman til ei heilt grei lengde.

«Seasons» er først og fremst ein film for dei som kan verdsette gode terrengsyklistar, men bør også gå godt i hus hjå dei som veit å sette pris på høg fart og ville triks, gjennomført av menneske som heile tida pressar grensene og via film byr på noko ekte. Ekte er jo alltid meir imponerande enn filmtriksing.

7/10

The Red Shoes (1948)

IMDb: 8.1/10 (5,064 votes)

«The Red Shoes» hadde ingen skodespelarar eg var kjent med, er laga av to menn (Powell og Pressburger) som eg har sett ein knapp film av tidlegare, og skulle handle om eit relativt uutforska tema, ballett.

Den første av dei ni filmane i DVD-boksen «The Powell & Pressburger Collection» (det finst fleire variantar) eg såg var «A Matter of Life and Death», ein på mange måtar fin film som eg likevel ikkje klarte å engasjere meg i det store for. «The Red Shoes» blir såleis den første i samlinga som gir meg eit verkeleg ønske om å utforske samarbeidet mellom Powell og Pressburger vidare.

Her handlar det altså om ballett. Moira Shearer spelar ballerinaen og Marius Goring komponisten som ca. samtidig blir teke inn i varmen hjå den store ballettimpressarioen Lermontov (spela av Anton Walbrook). Dei møter stor suksess og som publikum får me oppleve store mengder av dansinga og musikken som skal vere årsakene til denne. «The Red Shoes» er såleis ein svært rik film på inntrykk, der ideen omkring suksessen ikkje blir tatt for gitt, snarare delt. For å ikkje gjere dette for sært har hovudstykket me ser mest i frå blitt basert på eit eventyr av Hans Chr. Andersen, eit folkeleg val.

Det eg gledar meg mest over ved denne er fantastisk skodespel, Anton Walbrook viser mange sider ved den strenge Boris Lermontov og Moira Shearer har føter av fjær og ansikt som ein sukkerklump. At filmen sitt visuelle fargesterke uttrykk er til å bite i kan eg heller ikkje nekte for, dette går sant saman med, skal eg sei oversminka, skodespelaransikt.

7/10

Funny Face (1957)

IMDb: 7.0/10 (4,141 votes)

Med Audrey Hepburn og Fred Astaire, regissert av Stanley Donen og gjort i fargerike omgivelsar fanga på Technicolor-film. «Funny Face», ein romantisk komedie musikal frå 1957 om møte mellom intellekt og den glamorøse modellverda.

Hepburn spelar ei smart, men sky jenta som jobbar i ein bokhandel. Under eit påtrengande photoshoot i bokhandelen for motemagasinet Quality Magazine blir fotografen (Astaire) obs på (Hepburns karakter) Jo Stockton. Redaktøren i magasinet synst Jo har eit rart ansikt, men let seg overtale til å gjere Jo til bladets nye ikon.

Til Ã¥ vere musikal føles det som om synging er sparsommeleg brukt, det har Ã¥ gjere med at dei heller er godt plassert og glir naturleg inn i den fortalte historien enn Ã¥ bryte opp og stoppe flyten for synginga sin del — slikt var noko som skremte meg bort frÃ¥ musikalar ei stund. NÃ¥r Fred Astaire stÃ¥r pÃ¥ rollelista er det pÃ¥ plass med eit dansenummer, men det blir Hepburn som stikk av med det villaste dansenummeret, ein bohemskstila solodans i ein nattklubb, eit nummer som sidan har blitt stÃ¥tt som vanleg Ã¥ nemne i retrospekt av karrieren hennar, forstÃ¥eleg nok!

Synginga og dansinga fungerar altså i «Funny Face», det gjer også den fortalte historien i modellverda og reisa til Paris, at enkelte løysingar er litt enkle er lett å oversjå når det er så flott laga og artig som sådan.

8/10

Ferris Bueller’s Day Off (1986)

IMDb: 7.9/10 (59,511 votes)

Eg har tidlegare uttrykkt stor begeistring for John Huges sine fire første filmar, dÃ¥ spesielt «The Breakfast Club» som ved sidan av Ã¥ vere ein god film er ein av mine personlege favorittar. «Ferris Bueller’s Day Off» hamna høgt pÃ¥ lista forrige gong eg sÃ¥g den, men har sunke litt etter gjensynet.

Matthew Broderick spelar Ferris Bueller, ein smart og snartenkt ungdom med karisma og posisjon som forbilde blant alle clique-ane pÃ¥ skulen. Ferris er ikkje spesielt glad i Ã¥ bruke tiden pÃ¥ unyttig skulelærdom og det filmen handlar om er hans niande skulkedag, den norske tittelen «Skulk med stil» er nok meir dømmande enn det «… Day Off» stÃ¥r for, men passar perfekt nÃ¥r det gjeld delen «… med stil». Ferris Bueller er nok ein slaur, men med stil.

På motsett side av Ferris står skuleinspektøren Rooney som har sett seg lei av skulkinga og ser på han som ein trussel mot gode elevar, og søstra til Ferris som er misunneleg på at han stadig slepp unna. Desse er med på å skape litt ekstra spenning og humor i skuletilveret til Ferris, som han nyttar med å ta med kjærasten og vennen inn til byen for å leve livet.

Grunnen til at dette ikkje var like festleg som forrige gong var nok at eg visste kva som ville skje og tenkte meir over at det blir brukt god tid, litt for god, på mange av scenene. Filmen i seg sjølv er framleis veldig morosam, vel verdt å bruke tid på, iallfall om ein aldri har sett den før. Den mangla altså tempoet som får kvart minutt til å føles verdifullt.

Her får ein servert populærkulturelle referansar i fleng, paradeframføringa av The Beatles «Twist and Shout» er framleis ein av dei betre musikalske innslaga på film. Ferris kommunikasjon med publikum er aldri for tydeleg til å bli eit minus, men tillegg mykje til karakteren hans som ein menneskesjarmør klar over eigen posisjon. Skuleinspektør Rooney byr på flotte og enkle slapstickaugeblikk, han har minimalt med delt skjermtid ved sidan av Ferris, noko som forsterkar den patetiske personen han er i jakta på «usårbare» Bueller. Søstra er på si side vanskelegare å forstå, ho virkar ikkje å hate Ferris så mykje som ho er konkurranseinnstilt mot posisjonen hans, noko som vanskeleg kan gjere ho til ein direkte fiende, ein tanke som nærmast blir stadfesta av slutten.

7/10

In Bruges (2008)

IMDb: 8.1/10 (18,272 votes)

«In Bruges» tek oss med til denne belgiske byen og på spørsmålet kvifor me er hamna i dette holet er svaret at våre to viktigaste karakterar har utført ein jobb og må søke dekning. I føringa som desse to mennene finn me Brendan Gleeson (som Ken) og Colin Farrell (som Ray), per dags dato vidt kjente skodespelarar og unødvendig for vidare presentasjon.

No er greia med Brugge at det slett ikkje kan bli opplevd som holet Ray held det for å vere, faktisk er byen pen, om enn litt stille viss nokon skulle halde det i mot den. Dei brulagde og trange gatene, kanalen og husa i den middelalderske gamlebyen utgjer eit passande bakteppe for Ken og Rays søking av dekning. Det kjem og til nytte då byrjinga, før me lærer å kjenne den meir seriøse biten av historien, har innslag av kultur i form av sightseeing. Etter å ha tenkt meg om kjem eg ikkje på andre filmar lagt til Brugge, og hadde handlinga blitt lagt til Paris eller Roma hadde mykje av magien i det filmatisk ukjende miljøet blitt borte.

Etter kvart som filmen sneglar seg framover blir me vitne til ei stadig mørkare og dystrare handling, så gradvis at ein aldri anar det før det er over ein. Nokre innslag av skytevåpen er ikkje til å komme forbi, alt i alt er det derimot overraskande lite skyting, noko som gjer episodane desto meir seriøse. Svart, svart humor pregar også «In Bruges» i stor grad, stadig balanse mellom alvor og spøk resulterar i ein film som styrer unna banalitetane.

Innleiingsvis gav eg ikkje så mykje tanke til filmen eg såg på, som eg har nemnt sneglar det seg litt framover, utan å bli direkte kjedeleg er det heller ikkje spennande. Starten er derimot viktig for vidare og blei noko eg satte pris på at blei grundig gjennomført med god tid. Me blir introdusert for Ken og Ray som tilsynelatande to motsetningar, men sidan blir personar me heile tiden vil jobbe med å prøve og forstå. Både dette og meir er fordelen ved å starte på null i Brugge, halde det flatt ei stund og så gradvis køyre på med blodsalvoret, som då blir forsterka og forøvrig blir betre heilt fram til slutten som markerar toppen på filmen. Ingen Hollywoodkurve her, meir ei rett fram stigande kurve.

Ein mørk film altså, men med humor, dvergar, narkotika, skytevåpen og europeisk middelaldersk byggestil. Ei noko spesiell blanding, aldri over toppen av kva som kan slukast, litt roleg i starten, men den belønnar rikt den som vel å følge med vidare.

8/10

Forgetting Sarah Marshall (2008)

IMDb: 7.7/10 (21,795 votes)

Som min andre Apatowproduserte film på kort tid, den første var den skuffande «Drillbit Taylor», låg det stor spenning knytt til om denne kunne innfri forventingane. Generelt god omtale klarte aldri å riste av meg tanken om at dette kunne gå begge vegar, både Kristen Bell og Mila Kunis har trådd i salaten på storskjermen tidlegare og skulle ha større birollar her.

«Forgetting Sarah Marshall» er først og fremst Jason Segel sin film, han har skrive manus og debuterar også i ein hovudrolle. Dei som kjenner han frå før, frå bl.a. «How I Met Your Mother», «Freaks and Geeks» og ein mindre rolle i «Knocked Up», vil med ein gong kjenne igjen den itt forsiktige og følsomme typen som kan ta steget og gå ganske langt utanfor skalet sitt når situasjonane er dei rette. Han er ingen tradisjonell softie, men ein mann det går an å respektere. I «Forgetting Sarah Marshall» gjentek han denne rolla. Filmen styrer historien innpå følgande; Peter Bretters (Segal) kjente skodespelarkjærasten slår opp og Peter reiser difor til Hawaii for å komme seg igjen etter brotet. På Hawaii er sjølvsagt ekskjærasten med hennar nye flamme.

I grove trekk er «Forgetting Sarah Marshall» gammalt nytt (kvinne slår opp med mann, mann reiser bort, mann og kvinne er dømt til å møtes på reisemålet), det er når ein går nærmare inn på filmen den skil seg ut. For i staden for å måke gjennom scene etter scene som om målet var å bli ferdig fortast mogleg tek ein her for seg karakterane, behandlar dei med stødig hand og let etterkvart dei drive handlinga framover. Eg brydde meg ikkje om kva som kom til å skje minuttar fram i tid og aldri stod slutten som ein spørsmål før slutten stod for døra, her var det nok å kose seg meg der og då det skjedde. Dete var ein morosam, frisk og frekk film der rollane sit som støypt.

Noko lite, utan at eg klarar å sette fingeren på det, manglar for å gjere dette til den ultimate filmopplevelsen. Det er likevel ingen hinder for å gjere dette til ein av sommarens beste komediar for min del.

8/10

House M.D. sesong 4

16 episodar.

«House» har utvikla seg til å bli ein sommarting for vedkommande, eit dykk i Filmdagbokarkivet viser at eg brukte midtsommaren i fjor på sesong 3 og seinsommaren året før på sesong 2. Så glad eg har blitt i serien framskunda eg sjåinga av sesong 4 til juni denne sommaren.

For dei som ikkje har sett sesong 3 kan det vere ein idé å stoppe lesinga her, dersom du ikkje har fått med deg endringane i staben. Skulle du vere nysgjerrig derimot, eg vil ikkje avsløre mange detaljar, helst skrape på overflata.

På slutten av forrige sesong skjedde det enkelte endringar som førte til ei dramatisk sesongavslutning, eg som mange andre forventa nok at ting skulle styrast inn mot normalen igjen, men det var ikkje meint å bli slik, i sesongens andre episode blir me introdusert for ei større gruppe nye menneske viss nokre få skal bli med i Dr. House sitt nye team. Dei nye ansikta er eit friskt pust, verdt å sette pris på, dei tidlegare teammedlemmane er endå med i serien, men to av dei i mindre grad enn tidlegare.

I utgongspunktet er eg sterk motstandar av endringar i rollebesetningar, i tilfelle med «House» trur eg skaparane av serien fann det perfekte tidspunktet å føreta dette på for å halde liv i serien. Eg finn ingen grunn til å vere negativ, utan å forsøke på det heller. Tidlegare truslar frå gjesterollar har alltid, ikkje overraskande, døydd ut. Å sentrere store delar av denne, grunna manusforfattarstreiken i vinter, forkorta sesongen rundt nye og gamle medisinsk personell er ein fin vri. Utan at eg på nokon måte står som motstandar av rollar bl.a. besøkt av David Morse i tidlegare sesongar. Slik vil det nok bli neste sesong også.

Ei side ved tilføringa av nytt blod i «House» er at spørsmÃ¥let om me vil sjÃ¥ eit kjent ansikt forsvinne dukkar opp, skjermtiden til eit par av Houses tidlegare medarbeidarar har blitt betrakteleg redusert, utan at eg saknar dei. At dei i heile tatt er med fÃ¥r meg til Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ endringa som meir naturleg, nÃ¥r dei ikkje brÃ¥tt forsvinn frÃ¥ jordas overflate. Vil det bli slik at serien skal vere open for gjennomtrekk av nye folk seinare ogsÃ¥, i den grad det har skjedd no? Ã… erstatte Hugh Laurie kan ikkje fungere, denne sesongen stÃ¥r som ei stadfesting pÃ¥ det me allereie visste, Laurie ER «House». Rykta skal derimot ha det til at neste sesong vil ha ei lengre plotline som skal resultere i ein spin-off. Kven som blir med over i den, om nokon me kjenner no, vil bli artig Ã¥ følge med pÃ¥, og ikkje minst kva den serien vil stÃ¥ for. Vil den bli ein kopi av konseptet rundt «House» med ein ny sentral karakter, eller ingen sentrale, men eit forsøk frÃ¥ FOX Ã¥ komme seg inn pÃ¥ omrÃ¥de der ABC stÃ¥r sterkt med «Grey’s Anatomy» og NBC med «E.R.»? Tiden vil vise, ev. informasjon pÃ¥ www.houseisright.com.

Heilt klart er det at asesong 4 av «House» har vore minst like bra som tidlegare, på nokre område annleis, men det står ikkje som noko hinder. Friskt.

2 / 3123