Ni liv (1957)

IMDb: 8.1/10 (478 votes)

29. mars 1943 kom Jan Baalsrud i lag med elleve andre om bord på fiskeskøyta «Bratholm» til Toftefjord i Troms. 1. juni same året kryssa han med hjelp grensa til Sverige, ingen av kameratane som starta reisa frå Shetland over 2 månader tidlegare var med.

Filmen «Ni liv» er basert på boka «We die alone» av David Howarth, denne er nok mest kjent som «Ni liv» i norskoversatt utgåve og er tross alt ei norsk historie, men då altså skildra av ein britisk historikar og forfattar, som interessant nok har skrive meir om Noreg i ettertid av den episke uthaldanheitshistoria som «Ni liv» er.

Skal eg beskrive dette som ein bestemt type film freistar det mest å sette den i eventyrsjangeren, av amerikanske adventure, me har ein protagonist med eit mål for ei handling som brått blir hindra og han må sette seg eit nytt mål, reisa mot dette målet er senteret for filmen og undervegs møter han på nok av hindringar av den skikkeleg seriøse varianten, til tider så tyngande at eit realistisk mål om å nå fram i live kjennes håplaust.

At eg let meg fascinere av norsk motstandsrøyrsle vil eg få fram, for nokre år sidan las eg boka og den stod framleis sterkt i minne før eg såg filmen no nyleg. Det var difor ei stor glede å sjå at «Ni liv» blir fortalt med like stor dramatikk gjennom levande bilder som ord i ei bok, historia er tydeleg og godt fortalt og filmen kan såleis opplevast på ein god måte uavhengig om du har lese boka eller ikkje. Sjølvsagt står det ikkje meg i mot å anbefale boka først som sist, den har det med å lime seg fast i hendene dine til du er ferdig med ho. Men her handlar det altså om filmen, som skal ha skryt for måte den har klart å framheve den viktige historien om Jan Baalsrud framfor alt, dei hindringane han møtte og det motet han og hjelparane undervegs viste.

8/10

Skadeskutt (1951)

IMDb: 5.4/10 (11 votes)

Filmfortellingen «Skadeskutt» er et viktig bidrag til den vrangforestillingen som nok hersket i 1950-tallets samtid om sinnsyke, de asylopphold som måtte foreligge og menneskers uvitenhet i forhold til behandlingen av den såkalt helbredede. I sitt verk som en oppdiktet fortelling har «Skadeskutt» først og fremst et formål, her skal vi som dumme, dumme seere læres opp til å forstå hvor viktig det er å behandle de sinnsyke med varsomme hender uten å nedverdige dem.

I en av filmens sentrale roller finner vi arkitekt Wang, i dagligtale kalles han etter sitt fornavn Einar, som i de dramatiske åpningsminuttene forsøker å ta sitt liv. Einar, jeg tør kalle han dette ettersom vi får et meget personlig forhold til han etter hvert, blir lagt inn på et asyl hvor han skal få behandling. Else ved hans side er en tålmodig kone, hvis aldri gir opp håpet om å fa tilbake sin Einar i den tilstaden han engang var.

Det er den sterke moralen som driver «Skadeskutt», og hvordan skal det nå gå med arkitekt Einar «sinnsyk» Wang? Fortellerteknikken er tradisjonell med en introduksjon og en avslutning ved en doktor fra institusjonen der Einar hviler av seg galskapen, doktoren formidler den sterke budskapen og er oss tydelig overlegen med sine fagkunnskaper, noe han heller ikke legger skjul på. I mellom byrjing og slutt følger vi bokstavelig talt Einar fra byrjinga av galskapen til slutten.

Etter filmfortellingens slutt sitter jeg igjen med ny ervervet viten om den viktige rollen asylet har, om de ukontrollerbare ånder som hersker i et sinnsykt sinn og en stor respekt for de som forsøker å hjelpe, både profesjonelle og pårørende. Jeg føler nok også en avsky, om enn jeg vet at de ikke kan noe for sine holdninger, til de som fryser ute ferdig behandlede asylklienter.

6/10

Høysommer (1958)

IMDb: 5.0/10 (5 votes)

Rasmus er fyrvoktar og held til åleine eit stykke utanfor sivilisasjonen. Ein dag driv det ein båt inn i bukta og i den ligg det ei pen, ung kvinne.

«Rasmus, for et latterlig navn!»

Kvinna ombord i båten er Nina. Nina har røymt frå ein kvileheim og er ettersøkt av både ektemann og politi. Ramus let mot sin vilje overtalast til å la Nina vere over natta, og før han får sukk for seg let han overtalast igjen. Kjenslene bryggast opp før han får kontroll over dei.

«Jeg har så lett for å bli glad i noen, men du må ikke bli for glad i meg.»

Utan å ha sett nok Ingmar Bergman til å verken stadfeste eller avkrefte det fekk eg høyre at denne innehar likskapar til bergmansk film. På overflata er øya på høgsommaren ein svært idyllisk stad som heilt fortreffarleg er fanga på film av ein dyktig fotograf, under overflata ulmar det av mørkare og meir innvikla personlegheiter som gjer dette meir enn til ein lett sommarflørt.

Skodespelarmessig har eg ingenting nemneverdig å utsette på denne, dialogen er stort sett av det stivare, formelle slaget, men det er ein tidssak (norsk film, 1950-talet) som er ganske lett å komme over og som eg fort finn ut at passar utmerka til skodespelet karakterane driv for kvarandre, då spesielt Nina ovafor Rasmus. Eg lærer meg altså å sette pris på dette etter kvart.

At «Høysommer» ved eit par plassar kan kjennast litt for lang er det einaste eg blir brydd av, elles er den ein fin film.

7/10

Hodet over vannet (1993)

IMDb: 6.7/10 (510 votes)

Norsk svart komedie av Nils Gaup høyres slettes ikkje dumt ut og er det heller ikkje før filmen har runda sine 2/3.

Me møter trioen Lene (Lene Elise Bergum), Einar (Svein Roger Karlsen) og Bjørn (Morten Abel) som feriar på ei øy langs norskekysten. Lene er den leddkledde og frisinna unge kvinna som har slått seg til ro med den litt eldre Einar og Bjørn bur i ei hytte ikkje langt unna deira eigne. Det heile er ein fin og småmorosam sommarfilm før eks-kjærasten til Lene, Gaute (Reidar Sørensen) dukkar opp mens Einar og Bjørn er på fisketur.

Det er når Gaute dør at forviklingane startar, utført med ei stødig hand tek Nils Gaup dette gradvis frå å vere lys svart humor til å involvere mørke sinn og spennande blodsdrama. Med Svein Roger Karlsen si fantastiske rolletolking av den raskt vekslande Einar, frå hyggeleg til psykotisk, er dette ein fryd å følge med på. Lene Elise Bergum gjer ingen dårleg figur sjølv, men er strengt tatt ingen utfordrande rollefigur. Filmens skuffelse er nok Morten Abel, som i grunn gjer eit godt ansikt, men trekk det ned når han opnar munnen.

Etter spenninga er bygd godt opp kjem me til eit punkt i filmen der eit overraskande vendepunkt skal hjelpe til å bere dette eit stykke lengre, her feilar filmen i mine auger og endar opp med å bli eit svakt forsøk i å vere smart. Lite eller ingenting tidlegare i filmen peikar til desse overraskingane verken undervegs eller når overraskingane blir presantert for oss. No kjem nok slutten som eit lite lystpunkt og rettar opp på dette igjen, men så langt uti er eigentleg løpet køyrt.

6/10

Buddy (2003)

IMDb: 6.9/10 (1,715 votes)

«Buddy» er ein norsk godfilm, den er morosam, har varme og skodespelarar som stort sett gjer ein god jobb.

I ei leiligheit på Tøyensenteret har Kristoffer (Nicolai Cleve Broch) og Geir (Aksel Hennie) flytta inn hjå Stig Inge (Anders Baasmo Christiansen), Kristoffer og Geir jobbar med å henge opp boards for Norboards og er elles bestevenner. Ved sidan av jobben fører Kristoffer videodagbok og det er ei kopling mellom mista opptakstapar og TV2 som vil styre filmen.

Minst like viktig som skildringa av Kristoffer og Geirs vennskap utover TV2-forløpet er Stig Inge si rolle som den nye romkameraten og vennen, Geirs fortid og Kristoffers turbulente kjærleiksliv som vaiar i mellom Elisabeth (Janne Formoe) og Henriette (Pia Tjelta).

I det heile byr ikkje «Buddy» på store overraskingar, karakterane får tildelt sin plass og sin historie tidleg og det som skjer utover er forventa. Uansett handlar ikkje dette om originalitet, i sjiktet romantisk komedie som den høyrer til er den ein solid produksjon, innslag av klisjear er fleire, men ikkje spesielt øydeleggande. I dei mest dramatiske scenene viser diverre enkelte skodespelarar sine dårlege sider. Men forutan det er blandinga av alvor og humor god og heilheitleg likte eg «Buddy» ganske godt, betre enn håpa på kan eg også nemne.

8/10

1958 (1980)

IMDb: 5.0/10 (31 votes)

Sjelden har norsk byungdom på 1950-talet blitt så frisk portrettert som i Oddvar Bull Tuhus tidlege 1980-talsfilm «1958». Med sex, alkohol og ikkje minst rock («dere rockepøbler!») som tema er det duka for eit norsk nostalgikalas på mange måtar.

I vennegjengen som bestÃ¥r av Arne, Morten, Hanser’n, Eddie, Knut, Doffen, Jan og jentene Tove og Beate er dagane prega av Ã¥ vere skulelei, rockeinteressert og det Ã¥ bli i lag. Meir enn noko anna er det venneforholda som utgjer filmen. I forsøk pÃ¥ Ã¥ samanlikne dette med ein enkelt kjent amerikansk film streifa tankane innom bÃ¥de «Grease» pÃ¥ grunn av den skildra tidsepoken og at desse kom ut med berre to Ã¥rs mellomrom, typen Marlon Brando film ala «The Wild One» pga. tøffe gutta og motorsyklar og igjen tidsepoken, før eg hamna pÃ¥ tanken om at dette mest av alt er i Ã¥nden av «American Grafitti» i skildringa av ungdom som eigentleg ikkje gjer noko anna enn Ã¥ fÃ¥r tida til Ã¥ gÃ¥. No skal det for nemnast at «1958» pÃ¥ langt nær nÃ¥r opp til «American Grafitti».

Då eg stod på universitetsbiblioteket for å sjå gjennom kva norske filmar dei hadde til utlåns dukka det opp ein likesinna (og sikkert langt meir) filminteressert enn meg som kunne anbefale «1958» på grunnlag av at den er teit morosam. I hans krets var den ein hit på vorspiel, så allereie same kvelden sat eg heime med DVD-en og våga meg i gong utan alkohol innanbords og kan skrive under på at denne har sine festlege stunder også i edru tilstand. Her er det snakk om på det beste gjennomsnittleg god film, med nok av morosamt dårlege sekvensar som med jamne mellomrom gir solide latterkuler. Enkelte av karakterane er til tider svært patetiske i forsøket på å vere tøffe, spesielt kvisetrynet Doffen som forutan å aldri få seg dame går rundt og seier «tøft» mens han gir tommel opp og er verdens kulaste, «no problem»! At ingen kan spele er på langt nær noko problem, det kan sjåast på som ein fordel då fokuset blir trukke frå mykje anna som er teit og dårleg.

Uansett kor dårleg den måtte vere i fråplukka tilstand synst eg «1958» til tider er eit interessant skue, det er ein viss dynamikk i gruppa og sjølv om problema ungdommen støyter på er relativt banalt framstilte så er denne 1980-tals produserte varianten av året 1958 av den tidslause typen, bortsett frå eit par grusomme hårsveisar og anna småtteri er det lite som hadde trengt å bli forandra for at dette skulle ha vore om året 1990. Sett bort i frå regi, klypping, det tekniske, skodespelarprestasjonar og litt slikt så funka dette i grunn heilt midt på treet, mest takka vere at det er ein lett og per i dag morosam film. Ikkje nødvendigvis den første norske filmen du behøver å hoppe på, men for all den heller ikkje den siste.

5/10

The Dark Knight (2008)

IMDb: 9.2/10 (242,630 votes)

Mange vil gå så langt som å kalle «The Dark Knight» årets film, enkelte vil nok også sette den på lista blant dei beste filmane dei har sett, uansett korleis eg vrir og vender på det får eg verken det eine eller det andre til å stemme sjølv.

Christopher Nolan er tilbake i regissørstolen og Christan Bale er igjen Bruce Wayne/Batman i oppfølgaren til nysatsinga av Batman som starta med «Batman Begins» i 2005. Som sluttminuttet i den filmen hinta til er det igjen The Joker, ein av Batmans største fiendar som også var skurken i Tim Burtons «Batman» med Michael Keaton frå 1989, som er superskurken her, ikkje heilt åleine, i ei innfløkt, men likevel ikkje innvikla blanding finn me både Two-Face, mafiaen og mindre problem.

Hypen som mange gav meg håp om at kunne ha noko for seg, hadde over tid bygd opp relativt store forventingar. Sidan det tok si tid før eg fekk sett «The Dark Knight» etter den dukka opp på kino roa forventingane seg eit par hakk ned, om det går an å uttale seg på den måten, men det er ikkje til å legge skjul på at eg blei skuffa over filmen, som tross skuffelsen eg vil karakterisere som ein god film.

Det gode med «The Dark Knight» er måten den framstille Batman på, som vigilanten han er og komplikasjonane hans posisjon, då her i Gotham City, fører til på godt og vondt. Her er det rikdom på gode skurkar og motstand som unngår klovnepreget spesielt 1990-talssatsingane av Batman hadde overflod av. Behandlinga av så mange større og mindre historiar side ved side er utført med stødig hand og ingenting gav meg ved første vising inntrykk av å vere ufullstendig. Denne variasjonen hentar «The Dark Knight» ut frå å bli ei avgrensa handling i livet til ein superhelt. Dessverre er også dette mangfaldet noko som resulterar i at filmen får ei ubehageleg lengde som gir aldri, aldri tek slutt, så eg stiller meg ikkje utelukka positivt til alle skurkane heller. Dei aller minste og mest ubetydelege som ikkje utgjer hovudtrådane filmen følger kunne for min del gjerne blitt kutta.

PÃ¥ skodespelarsida er det ingenting Ã¥ utsette, her passar alle som fot i hose. Christian Bale stÃ¥r som ein halvveges mystisk Bruce Wayne som avstÃ¥r frÃ¥ Ã¥ blotte sin person fordi det rett og slett ikkje er nødvendig for filmen, Heath Ledger forsvinn nok litt bak sminken, men The Joker her er den beste framstillinga av karakterens psykopatiske side eg har sett, ei side som igjen passar bra inn i tonen til resten av filmen. Den minst heldige karakteren er nok Harvey Dent, som tidvis er ganske anonym. Før Dent blir Two-Face (noko alle burde vite) blir det brukt mykje tid pÃ¥ han utan at det eigentleg er spesielt interessant, Aaron Eckhart gjer det beste han kan ut av rolla virkar det som, men det er Two-Face som er den interessante varianten av Harvey Dent — og det var ein skuffelse Ã¥ sjÃ¥ type «Terminator-teknologi» bli nytta sÃ¥ opplagt, det fall ikkje i smak her, her som Eckhart tok eit par steg opp i Ã¥ fÃ¥ ytre seg pÃ¥ skjermen forsvann litt av moroa bak ei upassande dataanimert maske.

Sett vekk frå mange små skuffelsar lot eg meg underhalde godt nok stort sett, i Batman-perspektiv deler denne plassen med «Batman Begins» i «live action»-samanheng (eg vel å utelate animasjonane som eg ser på som heilt andre filmopplevingar). På fleire måtar kan nok «The Dark Knight» vere betre enn «Batman Begins», men den store gleden i å oppleve ein mørkare superheltefilm (definisjonen av Batman som superhelt kan diskuterast ein anna gong) var ikkje så tilstades denne gongen og det var ein del forventingar knytt opp mot dette.

Etter grundig tenking hamnar eg på ein sterk sjuar.

7/10

Jaws (1975)

IMDb: 8.3/10 (103,588 votes)

Gjensynet med «Jaws» forrige helg vart like kjekt som eg håpte på, sjølv etter å ha sett han to gonger før er denne dønn stabil på gjensjåingsskalaen og stadig ein sterk film.

Filmen om ein stor kvithais invasjon av farvannet rundt den idylliske sommarferiestaden Amity Island er rekna for å vere den første store blockbusteren, i USA tente den inn budsjettet med heile 40 gonger og på verdsbasis med 67, etter Wikipedia å dømme. Andre stader er budsjettet opplyst å vere 12 millionar dollars istaden for 7 og inntektene andre, det som uansett er klart er at filmen som sprengte budsjettet og produksjonstiden med det dobbelte (friskt etter minnet frå boka «Easy Riders, Raging Bulls») tente sjukt med pengar.

Pengane satt til side, «Jaws» er ved sidan av å ha ei god historie tilknytta produksjonen ei godt fortalt historie på skjermen. Oppbygginga er i ein eigen klasse, men kan misforståast av den utålmodige og yngre generasjonen, som sagt i «Two and a Half Men» (fritt oversatt): «Kva er så fascinerande med ein film der haien ikkje dukkar opp før etter 40 minuttar?». For den som klarar å sjå forbi at det ikkje er action frå første sekund, at det er filmens styrke i å etablere Amity Island som den idylliske ferieplassen det skal vere for å gi større kontrast til grusomheitene monsteret av ein hai bringe, så er dette veldig mykje ein film som leverar det som trengs.

Det flotte med oppbygginga er at tida blir brukt til å tilfører filmen mykje til heilheita. Her er konfliktar i mengder, folk du ikkje likar som har rett og folk du likar som må ta avgjerlser for det betre utan å faktisk vite om dei gjer det rette likevel. I tillegg til å vere kompleks er den også veldig enkel å forstå, den blir spennande på ein enkel måte og gjer seg fortent til å vere ein annerkjent blockbuster. Utan å dvele meir på filmen for denne gong sler eg fast at den ved sidan av å vere blant Spielbergs topp 3 (vanskeleg å favorisere nokre av dei vidt ulike filmane hans) er ein av mine favorittar på tvers av alle sjangrar og år.

8/10

Charlie Bartlett (2007)

IMDb: 7.3/10 (9,271 votes)

Smarte og rare Byrd Huffstodt frå «Huff», Anton Yelchin som han eigentleg heiter, har tatt det verkelege spranget frå tv til å lande hovudrolla i «Charlie Bartlett» på storskjermen. Dei som har sett «Huff» kjenner han som den intelligente, men framleis barnelege sonen til Hank Azarias psykologkarakter frå serien som velta over av kjente og briljante skodespelarar. I «Charlie Bartlett» har han teke på seg ei litt meir humoristisk prega rolle, men spelar framleis på å vere ei blanding av smart og endå ungdom.

Etter å ha blitt kasta ut frå sin n-te privatskule er Charlies einaste valmoglegheit offentleg vidaregåande skule. For å få elevane til å like han startar han personleg rådgiving på toalettet og sel medikament til trengande, der definisjonen av trengande kan vere litt diffus. Etter kvart som populariteten stig får rektor auga opp for Charlie som ei urokråke og går hardt inn for å øydelegge skuledagen hans og dei som set han høgt.

Grunnane til at «Charlie Bartlett» er ein knakande god film er fleire, Anton Yelchin er perfekt i rolla som Charlie Bartlett, guten med glimtet i eine auge og ei seriøse mine i andre. Kombinasjonen Yelchin og Hope Davis som spelar mora gir ein dødeleg god start som får den neste halvtimen til å verke morosam på alle moglege småting, utover det kjem stadig fleire sider til overflata og bidreg ved sidan av god humor å halde dette på eit høgt nivå. Klimpre- og songstunder ved pianoet på familien Bartletts store gods (fru Bartletts ord) fargar filmen ein gong i blant utover og er gull verdt kva kjem til Yelchins brå skodespelarstil, og kan vere like brå som mange av filmens alvorlege poeng.

Der «Ferris Bueller’s Day Off» tek deler av Ã¥rsakene til populariteten til Ferris for gitt gÃ¥r «Charlie Bartlett» innpÃ¥ korleis Charlie som person skal kunne fÃ¥ folk til Ã¥ like han og korleis han lukkast. Filmen har meir alvorlege sider som gir djubde utan Ã¥ stele alt fokus og den har ei enkel og effektiv kjærleikshistorie som heller ikkje trakkar i salaten pÃ¥ nokon som helst mÃ¥te.

BÃ¥de i tonesetting, behandling av karakterar — alle spelt pÃ¥ upÃ¥klageleg vis, oppbygging innan den personleg foretrukne lengda i komediesjangeren pÃ¥ 90 minutt, filmmusikk og type humor sÃ¥ fengar «Charlie Bartlett» sÃ¥ bra at eg umiddelbart fekk lyst til Ã¥ sjÃ¥ den igjen og ikkje kan anna enn Ã¥ anbefale den vidare. Dette nokre dagar etter sÃ¥ eg utan Ã¥ mÃ¥tte tenke meg om lengre kan stÃ¥ for mine ord.

Vudering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

The Batman vs Dracula: The Animated Movie (2005)

IMDb: 6.6/10 (768 votes)

Den sprø tittelen gav meg ingen forhåpningar om at dette skulle utmerke seg som ein spesielt god Batmanfilm, men der blei eg godt overraska, for «The Batman vs Dracula: The Animated Movie» er trass i at den skil seg mest ut i rekka av animerte fullengdes Batmanfilmar ein av dei tøffaste.

Måten denne skil seg ut på er å ikkje ha Kevin Conroy gi stemme til Batman, animasjonsstilen er enklare og meir moderne enn den klassiske firkanta stilen frå dei fleste andre filmane og den tek med ein superskurk frå utanom DC universet. Ingenting av dette er negativt for filmen, som er mørkare enn serien den er laga i kopling til («The Batman», 2004-2008). Peter Stormare gir stemma til Dracula og i tillegg dukkar både pingvinmannen og Jokeren opp akkurat sånn ein har lyst å sjå dei. Trusselen Batman står i mot er av den grad at ein ikkje ser ei enkel løysing ligge fram i tid som skal ordne alt opp på eit blunk, ein irriterar seg ikkje over at Batman lett kunne ha fiksa opp i problemet, for når problemet blir kjent for han er det allereie utvikla til eit seriøst eit.

Dracula har med seg kjente element og tilfører like mykje til filmen som Batman. Me slepp masete sidekicks som Robin og Batgirl eller Batwoman, så alt kviler på Batman sine skuldre. Me får innblikk i privatlivet til Bruce Wayne og Alfred gir inntrykk av å vere eit hjelpemiddel og ikkje berre ei usynleg og vittig skugge i bakgrunnen.

Kanskje det er litt Van Helsing-preg over historieforløpet, men Batman er aldri andre enn seg sjølv og det gjer filmen sjåverdig i Batman-samanheng. Ikkje alt er perfekt, det forventast heller ikkje av ein rett-på-video produksjon som spinner av ein enkel tv-serie.

7/10
1 / 212