The Batman vs Dracula: The Animated Movie (2005)
Den sprø tittelen gav meg ingen forhåpningar om at dette skulle utmerke seg som ein spesielt god Batmanfilm, men der blei eg godt overraska, for «The Batman vs Dracula: The Animated Movie» er trass i at den skil seg mest ut i rekka av animerte fullengdes Batmanfilmar ein av dei tøffaste.
Måten denne skil seg ut på er å ikkje ha Kevin Conroy gi stemme til Batman, animasjonsstilen er enklare og meir moderne enn den klassiske firkanta stilen frå dei fleste andre filmane og den tek med ein superskurk frå utanom DC universet. Ingenting av dette er negativt for filmen, som er mørkare enn serien den er laga i kopling til («The Batman», 2004-2008). Peter Stormare gir stemma til Dracula og i tillegg dukkar både pingvinmannen og Jokeren opp akkurat sånn ein har lyst å sjå dei. Trusselen Batman står i mot er av den grad at ein ikkje ser ei enkel løysing ligge fram i tid som skal ordne alt opp på eit blunk, ein irriterar seg ikkje over at Batman lett kunne ha fiksa opp i problemet, for når problemet blir kjent for han er det allereie utvikla til eit seriøst eit.
Dracula har med seg kjente element og tilfører like mykje til filmen som Batman. Me slepp masete sidekicks som Robin og Batgirl eller Batwoman, så alt kviler på Batman sine skuldre. Me får innblikk i privatlivet til Bruce Wayne og Alfred gir inntrykk av å vere eit hjelpemiddel og ikkje berre ei usynleg og vittig skugge i bakgrunnen.
Kanskje det er litt Van Helsing-preg over historieforløpet, men Batman er aldri andre enn seg sjølv og det gjer filmen sjåverdig i Batman-samanheng. Ikkje alt er perfekt, det forventast heller ikkje av ein rett-på-video produksjon som spinner av ein enkel tv-serie.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
