ness
17-aug-2008

Jaws (1975)

IMDb: 8.3/10 (103,588 votes)

Gjensynet med «Jaws» forrige helg vart like kjekt som eg håpte på, sjølv etter å ha sett han to gonger før er denne dønn stabil på gjensjåingsskalaen og stadig ein sterk film.

Filmen om ein stor kvithais invasjon av farvannet rundt den idylliske sommarferiestaden Amity Island er rekna for å vere den første store blockbusteren, i USA tente den inn budsjettet med heile 40 gonger og på verdsbasis med 67, etter Wikipedia å dømme. Andre stader er budsjettet opplyst å vere 12 millionar dollars istaden for 7 og inntektene andre, det som uansett er klart er at filmen som sprengte budsjettet og produksjonstiden med det dobbelte (friskt etter minnet frå boka «Easy Riders, Raging Bulls») tente sjukt med pengar.

Pengane satt til side, «Jaws» er ved sidan av å ha ei god historie tilknytta produksjonen ei godt fortalt historie på skjermen. Oppbygginga er i ein eigen klasse, men kan misforståast av den utålmodige og yngre generasjonen, som sagt i «Two and a Half Men» (fritt oversatt): «Kva er så fascinerande med ein film der haien ikkje dukkar opp før etter 40 minuttar?». For den som klarar å sjå forbi at det ikkje er action frå første sekund, at det er filmens styrke i å etablere Amity Island som den idylliske ferieplassen det skal vere for å gi større kontrast til grusomheitene monsteret av ein hai bringe, så er dette veldig mykje ein film som leverar det som trengs.

Det flotte med oppbygginga er at tida blir brukt til å tilfører filmen mykje til heilheita. Her er konfliktar i mengder, folk du ikkje likar som har rett og folk du likar som må ta beslutningar for det betre utan å faktisk vite om dei gjer det rette likevel. I tillegg til å vere kompleks er den også veldig enkel å forstå, den blir spennande på ein enkel måte og gjer seg fortent til å vere ein annerkjent blockbuster. Utan å dvele meir på filmen for denne gong sler eg fast at den ved sidan av å vere blant Spielbergs topp 3 (vanskeleg å favorisere nokre av dei vidt ulike filmane hans) er ein av mine favorittar på tvers av alle sjangrar og år.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Captain Charisma har sagt:

Jaws holder seg godt. Filmmusikken er halve filmopplevelsen i Jaws, og jeg liker godt at vi ikke ser så mye til haien. Skaper skikkelig uhygge.

Ser du skriver tigerhai, men det er vel en hvithai.

ness har sagt:

Retta no. Det var naturlegvis den haien fiskarane klarte å fange som var tigerhai.