Buddy (2003)
«Buddy» er ein norsk godfilm, den er morosam, har varme og skodespelarar som stort sett gjer ein god jobb.
I ei leiligheit på Tøyensenteret har Kristoffer (Nicolai Cleve Broch) og Geir (Aksel Hennie) flytta inn hjå Stig Inge (Anders Baasmo Christiansen), Kristoffer og Geir jobbar med å henge opp boards for Norboards og er elles bestevenner. Ved sidan av jobben fører Kristoffer videodagbok og det er ei kopling mellom mista opptakstapar og TV2 som vil styre filmen.
Minst like viktig som skildringa av Kristoffer og Geirs vennskap utover TV2-forløpet er Stig Inge si rolle som den nye romkameraten og vennen, Geirs fortid og Kristoffers turbulente kjærleiksliv som vaiar i mellom Elisabeth (Janne Formoe) og Henriette (Pia Tjelta).
I det heile byr ikkje «Buddy» på store overraskingar, karakterane får tildelt sin plass og sin historie tidleg og det som skjer utover er forventa. Uansett handlar ikkje dette om originalitet, i sjiktet romantisk komedie som den høyrer til er den ein solid produksjon, innslag av klisjear er fleire, men ikkje spesielt øydeleggande. I dei mest dramatiske scenene viser diverre enkelte skodespelarar sine dårlege sider. Men forutan det er blandinga av alvor og humor god og heilheitleg likte eg «Buddy» ganske godt, betre enn håpa på kan eg også nemne.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
