ness
24-aug-2008

Hodet over vannet (1993)

IMDb: 6.7/10 (510 votes)

Norsk svart komedie av Nils Gaup høyres slettes ikkje dumt ut og er det heller ikkje før filmen har runda sine 2/3.

Me møter trioen Lene (Lene Elise Bergum), Einar (Svein Roger Karlsen) og Bjørn (Morten Abel) som feriar på ei øy langs norskekysten. Lene er den leddkledde og frisinna unge kvinna som har slått seg til ro med den litt eldre Einar og Bjørn bur i ei hytte ikkje langt unna deira eigne. Det heile er ein fin og småmorsom sommarfilm før eks-kjærasten til Lene, Gaute (Reidar Sørensen) dukkar opp mens Einar og Bjørn er på fisketur.

Det er når Gaute dør at forviklingane startar, utført med ei stødig hand tek Nils Gaup dette gradvis frå å vere lys svart humor til å involvere mørke sinn og spennande blodsdrama. Med Svein Roger Karlsen si fantastiske rolletolking av den raskt vekslande Einar, frå hyggeleg til psykotisk, er dette ein fryd å følge med på. Lene Elise Bergum gjer ingen dårleg figur sjølv, men er strengt tatt ingen utfordrande rollefigur. Filmens skuffelse er nok Morten Abel, som i grunn gjer eit godt ansikt, men trekk det ned når han opnar munnen.

Etter spenninga er bygd godt opp kjem me til eit punkt i filmen der eit overraskande vendepunkt skal hjelpe til å bere dette eit stykke lengre, her feilar filmen i mine auger og endar opp med å bli eit svakt forsøk i å vere smart. Lite eller ingenting tidlegare i filmen peikar til desse overraskingane verken undervegs eller når overraskingane blir presantert for oss. No kjem nok slutten som eit lite lystpunkt og rettar opp på dette igjen, men så langt uti er eigentleg løpet køyrt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Roar har sagt:

Einig med karakteren du gav filmen. Den siste delen av filmen øydelegg ein del av heilskapsinntrykket. Det er heller ikkje den beste filmen Nils Gaup har laga. Blei forøvrig laga ein amerikansk nyinnspeling av filmen med Harvey Keitel og Cameron Diaz i hovudrollene. Håpar du held fram med anmelda norske filmar frå 80-og 90-talet. Flott om du kan anmelda Orions Belte (1985),Etter Rubicon (1987) og Kjærlighetens Kjøtere (1995), tre gode filmar etter mi meining.

ness har sagt:

Eg såg «Kjærlighetens kjøtere» i forrige månad, kanskje eg skal skrive om den ein dag.

«Orions belte» og «Rubicon» får komme etter kvart. Skulle gjerne sett »Veiviseren», nok å hente seg inn på av norsk film.