ness
26-aug-2008

Høysommer (1958)

IMDb: 5.0/10 (5 votes)

Rasmus er fyrvoktar og held til åleine eit stykke utanfor sivilisasjonen. Ein dag driv det ein båt inn i bukta og i den ligg det ei pen, ung kvinne.

«Rasmus, for et latterlig navn!»

Kvinna ombord i båten er Nina. Nina har røymt frå ein kvileheim og er ettersøkt av både ektemann og politi. Ramus let mot sin vilje overtalast til å la Nina vere over natta, og før han får sukk for seg let han overtalast igjen. Kjenslene bryggast opp før han får kontroll over dei.

«Jeg har så lett for å bli glad i noen, men du må ikke bli for glad i meg.»

Utan å ha sett nok Ingmar Bergman til å verken stadfeste eller avkrefte det fekk eg høyre at denne innehar likskapar til bergmansk film. På overflata er øya på høgsommaren ein svært idyllisk stad som heilt fortreffarleg er fanga på film av ein dyktig fotograf, under overflata ulmar det av mørkare og meir innvikla personlegheiter som gjer dette meir enn til ein lett sommarflørt.

Skodespelarmessig har eg ingenting nemneverdig å utsette på denne, dialogen er stort sett av det stivare, formelle slaget, men det er ein tidssak (norsk film, 1950-talet) som er ganske lett å komme over og som eg fort finn ut at passar utmerka til skodespelet karakterane driv for kvarandre, då spesielt Nina ovafor Rasmus. Eg lærer meg altså å sette pris på dette etter kvart.

At «Høysommer» ved eit par plassar kan kjennast litt for lang er det einaste eg blir brydd av, elles er den ein fin film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10