ness
14-aug-2008

Charlie Bartlett (2007)

IMDb: 7.3/10 (9,271 votes)

Smarte og rare Byrd Huffstodt frå «Huff», Anton Yelchin som han eigentleg heiter, har tatt det verkelege spranget frå tv til å lande hovudrolla i «Charlie Bartlett» på storskjermen. Dei som har sett «Huff» kjenner han som den intelligente, men framleis barnelege sonen til Hank Azarias psykologkarakter frå serien som velta over av kjente og briljante skodespelarar. I «Charlie Bartlett» har han teke på seg ei litt meir humoristisk prega rolle, men spelar framleis på å vere ei blanding av smart og endå ungdom.

Etter å ha blitt kasta ut frå sin n-te privatskule er Charlies einaste valmoglegheit offentleg vidaregåande skule. For å få elevane til å like han startar han personleg rådgiving på toalettet og sel medikament til trengande, der definisjonen av trengande kan vere litt diffus. Etter kvart som populariteten stig får rektor auga opp for Charlie som ei urokråke og går hardt inn for å øydelegge skuledagen hans og dei som set han høgt.

Grunnane til at «Charlie Bartlett» er ein knakande god film er fleire, Anton Yelchin er perfekt i rolla som Charlie Bartlett, guten med glimtet i eine auge og ei seriøse mine i andre. Kombinasjonen Yelchin og Hope Davis som spelar mora gir ein dødeleg god start som får den neste halvtimen til å verke morsom på alle moglege småting, utover det kjem stadig fleire sider til overflata og bidreg ved sidan av god humor å halde dette på eit høgt nivå. Klimpre- og songstunder ved pianoet på familien Bartletts store gods (fru Bartletts ord) fargar filmen ein gong i blant utover og er gull verdt kva kjem til Yelchins brå skodespelarstil, og kan vere like brå som mange av filmens alvorlege poeng.

Tom over på Captain Charisma’s Filmblogg har mange poeng i samanlikninga med John Hughes 80-talsverk «Ferris Bueller’s Day Off», men der den tek deler av årsakene til Ferris’ popularitet for gitt går «Charlie Bartlett» innpå korleis Charlie som person skal kunne få folk til å like han og korleis han lukkast. Filmen har meir alvorlege sider som gir djubde utan å stele alt fokus og den har ei enkel og effektiv kjærleikshistorie som heller ikkje trakkar i salaten på nokon som helst måte.

Både i tonesetting, behandling av karakterar - alle spelt på upåklageleg vis, oppbygging innan den personleg foretrukne lengda i komediesjangeren på 90 minutt, filmmusikk og type humor så fengar «Charlie Bartlett» så bra at eg umiddelbart fekk lyst til å sjå den igjen og ikkje kan anna enn å anbefale den vidare. Dette nokre dagar etter så eg utan å måtte tenke meg om lengre kan stå for mine ord.

Vudering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
13-aug-2008

The Big Bang Theory sesong 1

17 episodar.

 
ness
11-aug-2008

Two and a Half Men sesong 4

24 episodar.

 
ness
11-aug-2008

The Batman vs Dracula: The Animated Movie (2005)

IMDb: 6.6/10 (768 votes)

Den sprø tittelen gav meg ingen forhåpningar om at dette skulle utmerke seg som ein spesielt god Batmanfilm, men der blei eg godt overraska, for «The Batman vs Dracula: The Animated Movie» er trass i at den skil seg mest ut i rekka av animerte fullengdes Batmanfilmar ein av dei tøffaste.

Måten denne skil seg ut på er å ikkje ha Kevin Conroy gi stemme til Batman, animasjonsstilen er enklare og meir moderne enn den klassiske firkanta stilen frå dei fleste andre filmane og den tek med ein superskurk frå utanom DC universet. Ingenting av dette er negativt for filmen, som er mørkare enn serien den er laga i kopling til («The Batman», 2004-2008). Peter Stormare gir stemma til Dracula og i tillegg dukkar både pingvinmannen og Jokeren opp akkurat sånn ein har lyst å sjå dei. Trusselen Batman står i mot er av den grad at ein ikkje ser ei enkel løysing ligge fram i tid som skal ordne alt opp på eit blunk, ein irriterar seg ikkje over at Batman lett kunne ha fiksa opp i problemet, for når problemet blir kjent for han er det allereie utvikla til eit seriøst eit.

Dracula har med seg kjente element og tilfører like mykje til filmen som Batman. Me slepp masete sidekicks som Robin og Batgirl eller Batwoman, så alt kviler på Batman sine skuldre. Me får innblikk i privatlivet til Bruce Wayne og Alfred gir inntrykk av å vere eit hjelpemiddel og ikkje berre ei usynleg og vittig skugge i bakgrunnen.

Kanskje det er litt Van Helsing-preg over historieforløpet, men Batman er aldri andre enn seg sjølv og det gjer filmen sjåverdig i Batman-samanheng. Ikkje alt er perfekt, det forventast heller ikkje av ein rett-på-video produksjon som spinner av ein enkel tv-serie.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
10-aug-2008

Batman: Mystery of the Batwoman (2003)

IMDb: 6.8/10 (863 votes)

«Mystery of the Batwoman» var ein sann opptur frå framtidsflaggermusa eg nyleg såg i «Return of the Joker». Bruce Wayne er i sitt ess, det er mystikk rundt ei ny kvinne i flaggermuskostyme og ein solid dose action.

Historia her dreiar seg omkring eit samarbeid av våpensmugling mellom Rupert Thorne, pingvinmannen og Carlton Duquesne. Brått dukkar Batwoman opp og køyrer ein hard kamp for å avsløre og stoppe smuglarane. Batman er også på sporet av desse kriminelle og må også finne ut kven Batwoman er.

Stil- og animasjonsmessig er det ingenting å utsette på denne filmen. Det er spenning i etterforskinga til Batman og i dei gjennomførte, eksplosive actionsekvensane. Kevin Conroy har sjølvsagt stemma til Batman og alt er fryd.

At eg ikkje sit å bit meg i leppa eller held meg fast i stolen er vel det som skil denne frå toppklassefilmar, men til animasjon å vere er denne oppe nær «Gotham Knight».

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
09-aug-2008

Batman Beyond: Return of the Joker (2000)

IMDb: 7.6/10 (2,993 votes)

«Batman Beyond» eller «Future Batman» er eit rart opplegg der Bruce Wayne er gjort til gammal mann og ein yngre person, Terry McGinnis, er gjort til Batman. Eg veit ikkje heilt om eg kan leve med denne tanken.

For meg vil alltid superheltar vere eit tidlaus greie, uansett kor mange år det går skal verken superheltane eller deira hemmelege identitetar eldast, miljøet knytt til dei kan tilpassast tida enten filmen eller teikneserien er laga i, men dette må behandlast med varsam hand. Me vil ikkje miste heilt grepet om miljøet helten blei skapt i.

I «Batman Beyond: Return of the Joker» og sikkert nok i den animerte tv-serien som filmen har spunne seg ut i frå, er det eit Gotham City 40 år fram i tid som møter augo våre, og det ser ikkje bra ut. For å sette tankane mine litt på plass, Gotham City er ein av dei viktigaste miljøa blant superheltar eg har litt tilknytning og kunnskap om, meir enn Metropolis har for Superman og New York har for Spider-Man. Det gjer meg vondt å sjå at i tillegg til at Bruce Wayne ikkje er Batman, at Gotham City er gjort til ei platt og futuristisk teiking i bakgrunnen av ein kamp som aldri kan bli den tenkte revansjen for Jokeren, nettopp på grunnlag av at andre folk står i rollane til våre kjente karakterar.

Så kvifor så raus i forhold til vurderinga? Tross skuffelsar som eigentleg grunnar ut i at eg stilte blank til konseptet «Batman Beyond» så er «Return of the Joker» ein eksplosiv liten animasjonsfilm som aldri står stille, som portretterar ein aldrande Bruce Wayne på ein måte eg kan tru på og som har den ekstra sprø vrien ved Jokeren som gjer han både underholdande og skremmande.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
08-aug-2008

Two and a Half Men sesong 3

24 episodar.

 
ness
08-aug-2008

Batman & Robin (1997)

IMDb: 3.5/10 (62,070 votes)

«Batman & Robin» er blant dei mindre gode superheltefilmane, dette var eg fullstendig klar over før eg gav meg i gong med den, difor styrte eg også bevisst unna spor om kor dårleg den var, som poengskalaen på IMDb og andre anmeldelsar. At eg ville sjå den er eit ledd i Batman filmperiode eg er inni.

Det einaste vesentlege spørsmålet å stille seg til Joel Schumacher sin andre Batmanfilm, denne gongen med George Clooney som mannen bak maska, er kor dårleg den eigentleg er. For alle som har sett litt av den veit at det ikkje er meining å stille seg spørsmålet kvifor den er dårleg, det tek ein for gitt.

Så dårleg er den: Blant Arnold Schwarzenegger topp 3 verste. Uma Thurman gjer århundrets verste superskurk. George Clooney er kjedeleg som ei stilna dansk vindmølle. Kombinasjonen kostymer, kulisser og kamera utgjer eit resultat Ed Wood ville ha vore skeptisk til. All form for dialog er som førsteutkastet til «Catwoman».

Oppbygginga av filmen med innfletting av ulike karakterar og måten ting utfoldar seg på gir ikkje meining, det einaste som kan seiast å vere tøft i «Batman & Robin» er oversiktsbilda av Gotham City. Den einaste som gjer ei god rolle er Elle Macpherson fordi ho stort sett held munnen lukka og ser pen ut.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
07-aug-2008

SubZero (1998)

IMDb: 7.1/10 (1,294 votes)

I «SubZero» får Batman eit gjensyn med Mr. Freeze frå «Batman: The Animated Series» og må hanske opp med ei kidnapping av Lt. James Gordons dotter, Barbara Gordon.

No har eg verken sett det eine eller andre av nokon Batman-seriar på tv og soleis ikkje «Batman: The Animated Series» heller, men «SubZero» er ein sjølvstendig animasjonsfilm som kan sjåast åleine viss ikkje å sjå den i samanheng med enten serien eller «Batman: Mask of the Phantasm» skulle vere ønskeleg.

Animasjonen er tydeleg på eit stadie der 3D-teknikkar er teke i bruk og er i enkelte få scener tydeleg eit stykke i frå perfeksjonisme, men stort sett er dette like upåklageleg som det ein ser i DC/WB sine nyaste satsingar.

Sjølve handlinga startar som ein tradisjonell detektivhistorie, me blir introdusert for andre personar (enn Batman) og etter kvart ei kriminell handling. Musikk og stil gir assosiasjonar til 1950-talet og kler historien veldig flott. Når Batman og Robin gjer ei sein entre er det med kraft, og utover i filmen blir dette meir og meir ein spenningsfyllt og eksplosiv film enn detektivisering, ei passande utvikling sett frå min ståstad.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
06-aug-2008

Batman Forever (1995)

IMDb: 5.4/10 (56,258 votes)

«Batman Forever» er eigentleg ikkje så mykje dårlegare enn forgjengaren, «Batman Returns», den legg seg på å vere ein heilt grei film, har sine små irriterande sider og nok fart og spenning til å halde det gåande som underholdning.

For å ta det positive først, Val Kilmer utgjer ein meir karismatisk Bruce Wayne og har ei tøffare Batmanstemme, Tommy Lee Jones går verkeleg inn i rolla som Harvey Two-Face Dent og det er som nemnt ein god del fart her, heile tiden skjer det noko.

Det negative er lette å finne fram til, ingenting er særleg djupt begrunna, Nicole Kidman står for ein ganske flat karakterprestasjon, kamera er ei overdriven etterlikning av dei forrige filmane og framstår som rotete og uprofesjonelt. Lista er lang og blir lengre når Chris O’Donnell som Robin dukkar opp.

Likevel synst eg dette gjekk heilt greitt i boks, kanskje fordi Joel Schumacher klarar å halde det non-stop med action slik at eg ikkje tok meg tid til å gruble for mykje undervegs, kanskje fordi enkelte dårlege valg frå regissøren satt til side så er ikkje essensen i historia her så mykje annleis enn tidlegare, noko som eg synst talar til fordel for filmen. Du har dei klovneaktige skurkane på eine sida og Batman på den andre.

Hadde skalaen vore meir fleksibel ville den nok hamna nærmare 6, men sett i forhold til tidlegare filmar som «Batman» og «Batman Returns» så er denne svakare, i så måte at den framstår som mindre smart og enklare satt saman.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10