From Russia with Love (1963)

IMDb: 7.5/10 (24,764 votes)

Sjølv om denne er god fall den ikkje så godt i smak som «Dr. No», til det er den litt for roleg, det er ikkje så mykje spenning, og det ser også ut til å mangle ein del på innhaldet for å fylle ut filmen på det eg vil kalle verdig måte. Eg skal ikkje gå meir innpå det spesifikke.

Det som gjorde meg litt interessert var at me møter Q for første gong her, eit steg i retning av James Bond eg kjenner. Eg satte meg ikkje godt nok inn i detaljane undervegs til å finne ut kva det var, men dette virkar på meg meir som den typiske Bond-filmen.

Opningssekvensen er relativt skuffande med orkestermusikk istaden for Bond-song, musikken er forsåvidt fin den, men det var ikkje før ved rulleteksten det dukka opp ein «From Russia With Love»-song.

For å sei det på ein god måte, dette er ein bra nok film det, Sean Connery, damer, spenning og reising. Skurkane er spesielt interessante og eg håpar og trur me får sjå meir til mannen som ikkje viser ansikt seinare. Eg føler på ein måte at denne filmen bygg meir opp rundt eit eller anna som kan ha med Bond-universet å gjere enn å stå seg fram som den aller beste filmen.

6/10

10 beste: Musikalsk film

I eit forsøk på å komme fram til mine musikalske favorittar på film (og tv), som strengt tatt ikkje treng følge musikalens premiss til punkt og prikke, har eg komme fram til følgande titlar.

Eit par merknader først: «Dr. Horrible’s Sing-Along Blog» scora på å vere sjølvfinansiert av Joss Whedon. «Funny Face» har eit fantastisk danseinnslag med Audrey Hepburn. «Om Shanti Om» representerar India som eg har sett altfor lite frå.

  1. «Hedwig and the Angry Inch»
  2. «Cry-Baby»
  3. «Across the Universe»
  4. «Singin’ in the Rain»
  5. «Once»
  6. «Om Shanti Om»
  7. «Blackpool»
  8. «Funny Face»
  9. «Interstella 5555: The 5tory of the 5ecret 5tar 5ystem»
  10. «Dr. Horrible’s Sing-Along Blog»

Hedwig and the Angry Inch (2001)

IMDb: 7.6/10 (11,962 votes)

Me følger transseksuelle Hedwig på turne i hælane på rockystjerna Tommy Gnosis gjennom USA. Den opprinnelege tyske guten Hansel har ein ting for blonde parykkar og har saksøkt Gnosis for å stele songane hans, i forsøk på å skaffe bevis for eit tidlegare bekjentskap mellom Hedwig og Gnosis har Hedwigs advokat oppfordra til denne påhengsturneen, der Gnosis stikk av med all ære på større stadion og Hedwig and the Angry Inch pent må ta til takke med kaféframsyningar.

John Cameron Mitchell stÃ¥r bÃ¥de for manus og regi, mens Stephen Trask stÃ¥r for songtekstane. Mykje av filmen sin energi ligg i songane og den gode framstillinga av hovudrolla Hedwig — igjen spelt av Mitchell. Temaet snurrar rundt transseksualitet i forbindelse med Hansels oppvekst og tilblivelsen av Hedwig nÃ¥r han flyttar frÃ¥ Aust-Berlin til USA. Det er behandla pÃ¥ lettare humoristisk vis, men er i full bestittelse av ein skarp tone og har sine alvorlege poeng. Fortalt med tilbakeblikk som den er blir dei fleste songane sunge i no-tid, tilbakeblikka er aldri for lange, men heller korte og presise til Ã¥ fortelje om ting som har vore med Ã¥ gjere Hansel til Hedwig.

Noko av det beste med heile filmen er songane; fengande og innhaldsrike, morosame utan å vere banale. «Hedwig and the Angry Inch» er ingen musikalsk parodi, sjølv om framstillingane av den androgyne rockaren til ei viss grad kan gjenkjennast i faktisk rockestjerner. Samtidig er det rått å sjå kor mykje Mitchell bidreg på lerretet som Hedwig gjennom heile filmen, denne oppsminka personen er så mykje meir enn berre pudder og parykk, og Mitchell held følge med karakterutviklinga gjennom filmen. Morosamt er det og å sjå Michael Pitt gjere ungdomsrockaren Tommy Gnosis, Pitt har det med å velje stadig tvilsomme rollar på fabelaktig vis.

Ei må-sjå-anbefaling frå denne kanten.

9/10

Strange Days (1995)

IMDb: 7.0/10 (21,334 votes)

Denne sci-fi thrilleren av ei perle med ein yngre Ralph Fiennes i hovudrolla kom som ei lita overrasking på meg, forutan å ha sett namnet på eit par lengre topplister har eg aldri bite meg merke i verken kva den handlar om, kven som er med eller noko anna om filmen.

Regissøren er godeste Kathryn Bigalow, dama som stod for regien pÃ¥ «Point Break», surfefilmen der hÃ¥rsveisen til Patrick Swayze kjempar mot havbølger om Ã¥ vere størst. No skal det ikkje handle om den her, men eg vil pÃ¥ sett og vis pÃ¥peike at samanhengen her er lovens lange arm i ulike kontekstar. Ralph Fiennes spelar ein eks-politimann, eit faktum som blir lite pÃ¥peika, men tydeleg er med pÃ¥ Ã¥ forme han som person. For tiden driv han, Lenny Nero, med langing av «minnediskar». Heile historien bygg rundt desse diskane, ein (mest sannsynleg) fiksjonell FBI-finansiert teknologi med moglegheit for opptak av hjerneaktivitet ved Ã¥ plassere ein kippa-liknande mÃ¥lar pÃ¥ hovudet. Desse opptaka kan igjen avspelast av andre som soleis fÃ¥r gjenoppleve handlingar som om dei var der sjølv, med sansing, syn — heile pakken.

Teknologien som er forbeholdt FBI har blitt attraktiv på svartebørsen, Lenny Nero (Fiennes) si salsvare er utfordrande opptak, porno, kriminalitet, o.l. Dei mange lugubre kontaktane til Lenny gjer at han etter kvart sansar at eks-dama er i fare, og ein disk han får i fanget innheld farleg informasjon som skaffar han folk på nakken.

James Cameron har hatt mange fingrar med i spelet, både som produsent og manusforfattar, dette har satt sine spor. Cameron veit stort sett kva han driv med og har sikkert vore med å styre produksjonen nærgåande, med mange gode trådar, idear og spenning som alt heng saman, blir sci-fi-debuten til Bigelow av det betre.

Filmens handling er satt til ei nær framtid, 1999, fire år fram i tid, dei vesentlege forskjellane i samfunnet ligg i eit kaosprega Los Angeles og for oss blir det «minnediskane» som skapar sci-fien. Dei mange forseggjorte ideane fanga meg frå starten av, stemninga som delvis kan samanliknast med «Blade Runner» er til å ta på, men ting eg ikkje heilt klarar å sette fingeren på gjorde sitt til at eg utover mista litt fokus. Nær slutten blir trådane samla, ikkje alle på vellykka vis, men nok til at eg blei med på notane igjen og gjorde sitt til at 2t 22min ikkje blei bortkasta på nokon måte.

7/10

Beauty and the Beast (1991)

IMDb: 7.9/10 (51,761 votes)

Blant det beste av eigenprodusert Disneyanimasjon siste 20 åra finn ein «Beauty and the Beast», historien om ein ung og kjekk prins som blir forvandla til eit beist, og berre kjærleiken til ei ung, vakker kvinner kan forvandle han tilbake.

Ved ein liten, fransk landsby bur Belle saman med faren. Både Belle og faren skil seg ut frå den gjennomsnittlege innbyggaren, men Belle blir likevel sett på som den penaste jenta der. Når faren skal på oppfinnarmesse og klarar å rote seg vekk, hamnar han ved slottet til beistet og blir satt i fange der. Hesten som slapp unna før han blei fanga kjem heim til Belle og ho følger den igjen tilbake til slottet, der ho går med på å bli tatt til fange i staden for faren.

«Beauty and the Beast» har det som eg forventar av eit slikt eventyr, trolldom, eventyrskapningar, ein person som ser forbi det som er på overflata og ein skurk som kjem tilsyne i form av dårlege menneskelege eigenskapar som egoisme og fordommar. Både fordi eg har sett filmen og fordi det ligg i korta veit eg kva som vil skje, viktig er det difor at det som skjer på vegen er både spennande og dramatisk og utført med ei stødig hand. Nokre songnummer som ligna på alt anna i Disneysamanheng krev litt ekstra å komme seg gjennom, ser eg forbi dette likar eg forteljinga godt, den brukar enkle og effektive grep til å fortelje ei trist, men ikkje deprimerande kjærleikshistorie, heile vegen med glimt i auge.

Nettopp fordi dette ligg nær fullkomment det beste eg har sett av Disney trekk eg sopass opp. Fullstendig klar over at eg har størsteparten av gullperioden (?) (1940-1960) på skal-sjå-lista, som kan endre den alltid vanskelege talkarakteren sett i samanlikning.

8/10

Death Race (2008)

IMDb: 6.7/10 (5,349 votes)

Det frista eigentleg å nemne «Death Race» her av to grunnar, den første er det grunnlaget for framtidsvisjonen i filmen som har blitt svært aktuelt med dagens finanskrise. Den andre er at «Death Race» overraska positivt.

Nyinnspelinga av «Death Race 2000» frå 1975 har Jason Statham i hovudrolla som Jensen «nye Frankenstein» Ames, livet hans forandrar seg brutalt når han blir beskulda for å drepe kona, satt i fengsel og begynnar med racing.

Racing og fengsel, her er det noko som ikkje stemmer heilt tenker du kanskje. Her kjem det mest banale med filmen inn i bilde, forutan tidvis dÃ¥rleg filmmusikk, det har seg sÃ¥nn at den amerikanske økonomien kollapsa i 2012, som følger av dette har kriminalitet eksplodert. For Ã¥ kunne huse alle fangane har fengselssystemet blitt privatisert, og for at dei private eigarane skal fÃ¥ dette til Ã¥ lønne seg har det blitt starta «death races» — billøp der fangane har fÃ¥tt spesialbygde bilar med vÃ¥pen og ingen reglar herskar pÃ¥ bana, alt er lov for Ã¥ vinne, og løpa blir streama pÃ¥ internett.

Avstanden mellom tøff og banal kan ofte vere kort i denne type enkle, eksplosive spenningsfilmar. Denne er underholdande først og fremst fordi den er blodsseriøs — Statham passar pefekt til Ã¥ halde maska utan Ã¥ bli den komiske typen, fordi den er over toppen av brutal og dermed kan sjÃ¥ast pÃ¥ som litt uhøgtidleg likevel og framleis tøff, og fordi den aldri sporar av. «Death Race» er ein enkel film med ei rett fram historie, som sagt er grunnlaget enkelt og har ein lyst kan ein stille mange spørsmÃ¥l rundt det, men det ser eg ikkje poenget med.

Utan Ã¥ ha søkt for mykje opp pÃ¥ det har eg forstÃ¥tt det som at denne først og fremst innheld mange ville stunt og heller mindre CGI, noko som er utruleg forfriskande i ei tid dÃ¥ denne type enkle filmar gjerne tyr til halvdÃ¥rleg dataanimasjon. Iallfall ser det meste ganske ekte ut, fysikken stemmer stort sett og det er ikkje lagt opp til type teiknefilmfysikk som i «Shoot ‘Em Up» og «Wanted», andre stjernefyllte og simple spenningsfilmar eg vil plassere i same bÃ¥s som «Death Race».

Innstillingane mine til «Death Race» på forhånd var ikkje utelukkande nøytrale, måten denne klarar å bli tøff på og heilheita trekke vekk fokuset frå alle småtinga som ikkje nødvendigvis heng på greip gjer at eg nesten kan anbefale denne vidare.

7/10

HÃ¥kon HÃ¥konsen (1990)

IMDb: 6.3/10 (808 votes)

Eg kan aldri hugse å ha sett for mange filmar når eg var barn, men «Håkon Håkonsen» såg eg og hugsa både innhald og tittel på, det var ein film som gjorde sterkt inntrykk. Den vekka eventyrlysta og var utruleg spennande og eg følte den traff meg som ein god film skal gjere. Problemet med slike filmar så lenge etter er å bestemme seg for om ein skal våge seg i gong med å sjå dei igjen, for det hender like ofte at slike gjensyn skuffar som at du oppdagar at filmen faktisk inneholdt nokre kvalitetar.

Når det kjem til «Håkon Håkonsen» har eg forutan dei gongene eg har sett tittelen eller høyrt den nemnt aldri tenkt meir på om eg skal sjå den i ettertid, det var når eg fann den i hylla på universitetsbiblioteket eg faktisk tenkte på gjensyn i heile tatt, og det tok meg ikkje mange sekundane før eg avgjorde at eg skulle gi den ein sjanse.

Dette norske gutteeventyret handlar om unge Håkon som i farens stede må bli familiens inntektsbringar og dermed blir hyra som dekksgut på eit skip. Skipet som først legg til land i London skal seinare over på andre sida av jordkloten, til dei meir eksotiske strøk, det var berre å glede seg allereie. I London lurer ein pirat, spelt av godeste Gabriel Byrne, seg om bort under dekke av å vere ein britisk løytnant som skal guide dei trygt nedover, det luktar mytteri og temperaturen ombord vil definitivt stige etter kvart som skipet kryssar stadig fleire breiddegrader på veg sør.

Boka «Håkon Håkonsen» høyrer til blant ein type litterære verk som går under betegnelsen robinsonade, og sidan filmen er som boka er det naturleg å trekke parallellane til Robinson Crusoe utover når både Håkon og andre driv i land på ei øde øy. Det er ikkje snakk om same isolasjonen her og i «Håkon Håkonsen» tek ikkje ting så lang tid. Filmen kan vere vel så alvorleg for det, piratane blir framstilt som sleske og nådelause, her er nok av våpenbruk, hard straffing og forgifting førekjem og.

Om Nils Gaup sin film er det rett og slett nok positivt å uttrykke, det er ikkje før ein ser på det aller viktigaste, korleis spenninga i eventyret fungerar, at ein blir skuffa. No har eg tidlegare uttrykkt ståstaden i mitt syn på vurdering av film, at eg gjer dette på tvers av eventuelle målgrupper og kva eg trur andre måtte synast om filmen. «Håkon Håkonsen» når altså ikkje opp, eg synst det blir for simpelt, og at eg likte filmen endå betre som barn og at barn i dag sikkert vil ha glede av den hjelp ikkje meg noko.

6/10

Kjærlighetens kjøtere (1995)

IMDb: 7.5/10 (572 votes)

Henrik Larsen (Gard B. Eidsvold) reiser etter eit mislykka frieri frå varme Oslo til kalde Grønland der han skal drive jakt for eit fangstkompani. I lag med to andre skal han halde til på eit isolert område i eit år.

Folka han møter er som staden kalde ytterpunkt i samfunnet, Randbæk, Stellan Skarsgård i ein av hans beste rollar og Holm, Bjørn Sundquist, er like forskjellige frå kvarandre som frå Larsen, men i den ugjestmilde naturen er dei alle avhengig av kvarandre.

«Kjærlighetens kjøtere» er ei brutal psykologisk og fysisk historie, der natur og kultur ligg på frysepunktet og avstanden til galskap store delar av filmen ligg og vippar på 0. Nokre lyspunkt gir håp utover og ei tydeleg karakterutvikling, først og fremst med Larsen, gjer at ein aldri blir for komfortabel med å forstå handlingan undervegs.

Eg hadde høyrt mykje bra om «Kjærlighetens kjøtere», men blei tatt litt på senga over kor komplett denne føles, kor godt den brukar tida og held seg sjølv i live over 2 timar, utan å faktisk ha så mykje anna enn forholdet mellom tre vidt forskjellige menn langt unna allfarveg å styre med.

8/10

Døden er et kjærtegn (1949)

IMDb: 7.0/10 (41 votes)

Edith Carlmar sin regidebut skapte oppstyr, det er ikkje ofte ein høyrer om attentatforsøk i forbindelse med kinopremiar, men det var faktisk det som skjedde når «Døden er et kjærtegn» blei vist på Colosseum i 1949, Edith Carlmar blei trua med å bli skoten. I Kristiansand blei filmen i heile tatt nekta vising, noko som aldri ville ha skjedd i dag då den dengong så mykje omtala «skandalen» verken inneholdt nakenheit eller stygge ord, såvidt eg forstår ville nok flesteparten i dag vore knekkande likegyldig ovafor det «kontroversielle» temaet.

«Døden er et kjærtegn» er ei filmatisering av ein Arve Moen roman om ei sann kjærleikstragedie frÃ¥ 1930-talet. Ein forlova ung mann og ei gift eldre kvinne finn tonen og meir til og knyter eigne bÃ¥nd, sÃ¥ blir det knute pÃ¥ trÃ¥den, dei finn ut at dei er altfor forskjellige, unge Erik er arbeidsklasse og eldre Sonja er middelklasse. Det stÃ¥r sÃ¥ godt bak pÃ¥ omslaget til filmen: «… et klasseskille man ikke bar kan hoppe bukk over».

Norsk film på denne tiden kan verke litt stiv i dialogen og denslags, slik var no eingong stilen, eg synst det gjer seg godt og blir litt av gleden med å gå så lang tilbake i tid, eg forventa noko annleis enn dagens og får det servert. Oppstyret filmen skapte gjer at eg ser litt annleis på filmen, hadde eg ikkje visst ein ting så hadde det ikkje vore så altfor drøyt, ikkje at det er det elles heller, men du ser kanskje poenget mitt?

Når alt kjem til alt handlar det om å like eller ikkje like filmen, og eg likte den forsåvidt litt. Eg satte pris på den brutale framdrifta, enkelt og effektivt utført, ingen nøling her. Eg likar også tanken om at denne snodde seg rundt sensuren og satte ein støkk med tematikken.

6/10

Band of Brothers miniserie

10 episodar.

Variasjon.

Måtane å starte på når eg skal skrive om «Band of Brothers» virkar å vere like mange som soldatar i Easy Company, den enkle utvegen blir å kalle serien ei lengre skildring av eit enkelt kompani sine kampar under 2. verdskrig, men eg vil først og fremst vektlegge følgande i opningsavsnittet: ei bemerking av variasjonen dette ti episodars lange krigsrelaterte tv-produktet står for.

HBO sin kritikarroste, prisvinnande og godt mottekne serie blant publikum er enkel å skryte over: «det er den beste serien eg har sett», «det ser så utruleg bra ut», «dette er kvalitet», «eit hav av gode skodespelarar bidreg til å gjere dette like interessant med samansetning under lupa som med historie», kanskje. Eg vil helst ikkje trekke fram noko som står seg ut som betre enn alt det andre, eg vil og passe meg for å sjå enkeltdelar opp mot andre. Når eg no er fullstendig klar over at eg vil bruke ein av dei mest slitne metaforane er eg ikkje mindre i tvil om at alle puslebitane i lag utgjer det store bilde.

Så var det variasjonen, som er like naturleg som utviklinga i Easy Company si krigshistorie, handtert på ein måte som gjer at serien ikkje sler seg til ro og ikkje skapar tryggleikskjensla ein forventar i seriar. Ti episodar består av den hardaste opptreninga, dei blodigaste kampane, dei tyngste dagane og dei verste avsløringane. Intensiteten kan kjennast på kroppen i fleire av hendingane, skildringane er på høgde med det beste på film, mitt forhold til krigsfilm gjer samanlikningane begrensa, eg kan i skrivande stund trekke fram kinesiske «Assembly» som einaste kampskildring i røffe, skitne stil. Episodane eller delane, spreidde over åra 1942-1945, er enten fortalt frå ein allvitande ståstad eller frå enkeltsoldatar som har overlevd og levd lenge nok til å dele historiane sine med Stephen Ambrose, forfattaren av boka serien er basert på. Variasjonen ligg ikkje berre i situasjonane, forteljarstilen endrar seg frå del til del og får oss til å sjå både folka og relasjonane på mange måtar.

Miniserien, eller den avsluttande serien har ein fordel at den kan behandle karakter med større fridom enn som enten gjesterolle eller fast. I «Band of Brothers» vil enkelte ansikt utmerke seg meir enn andre over tid, Damian Lewis og Ron Livingston går oftast igjen og utgjer ei slags kjerne, men kan like fullt hamne i bakre rekke når andre soldatar har viktige historiar. Denne måten å sjå ein serie på er uvant for meg, eg likar å ha oversikt over eit persongalleri, gjerne med ein, eller få i dei sentrale rollane som går igjen. «Band of Brothers» er ikkje fullstendig anarki, men krev litt ekstra, her blir gruppa av folk variert over tid, folk du knapt la merke til i starten står igjen seinare, og motsett. Samholdet er hovudrolla.

Ikkje alt går like inn på meg, nokre episodar er litt lange, mens andre er hypnotiserande gode og føles altfor korte. Eg kan vel så godt like dei dialogfrie, kulepeprande kampane som kalde nedgongstider og set pris på at dette ikkje er ti timar med formål om å vise halsbrekkande og påkosta kampar, men også nærgåande og dramatisk, med fokus på ulike sider ved samhold av soldatar i krig. Å kalle «Band of Brothers» den beste serien eg har sett som eg gjorde innleiingsvis var ikkje sant, det er ein god serie eg blei litt hekta på, men for å sette det i perspektiv har eg blitt meir hekta på betre seriar, det har med interesseområde å gjere. Å kalle dette kvalitet er heller ikkje uproblematisk, for kva er kvalitet?

1 / 212