ness
04-sept-2008

Ung flukt (1959)

IMDb: 7.1/10 (48 votes)

Den siste av i alt ti filmar ekteparet Edith og Otto Carlmar laga, Edith var forresten den første norske kvinnelege regissøren, omhandlar eit ungt kjærestepar som reiser frå byen og foreldrer og slår seg ned i ein fråflytta gammal husmannsplass.

Når «Ung flukt» kom skapte den mykje oppstyr og blei tilogmed debattert i Stortinget grunna ei nakenbadande Liv Ullmann, som forøvrig hadde sin første hovudrolle med denne filmen. Ho spelar den unge jenta Gerd, ei uskikkeleg jente som har blitt i lag med den meir skikka og oppdratte Anders (Atle Merton).

Tittelen teke i betrakning er ein passande beskrivelse på filmen, det handlar for Anders og Gerd å vere på flukt samtidig som det delvis kan stå for Gerd sitt stadige forsøk på å flykte frå dei trygge omgivelsane ho eigentleg får etablert rundt seg.

Etter ei stund på husmannsplassen dukkar også ein karakter ved namn Bendik opp, spelt av Rolf Søder, han bryt idyllen med sin mandige sjarm som Gerd bit lett på og gjer Anders noko ukomfortabel og irritert. Samtidig er det foreldra sitt styr med å få ungdommen heim igjen.

«Ung flukt» er god på at den går utanom A4-tråkket og ikkje køyrer stereotypane i verken foreldre eller straffangen Bendik fullt ut, men overlet mykje til Anders og Gerd å finne ut av. Det er ei smått romantisk skildring med realiteten som stadig ligg og knugar under overflata.

Eg vil heller ikkje skryte for mykje av filmen, enkelte ting blir teke litt for lett på etter min smak, samtidig som andre mindre problem elegant blir via akkurat så liten plass som dei bør. Oppsummert hamnar dette godt over middels, utan å krype for høgt på skalaen heller.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10