ness
16-Sep-2008

Håkon Håkonsen (1990)

IMDb: 6.3/10 (808 votes)

Eg kan aldri hugse å ha sett for mange filmar når eg var barn, men «Håkon Håkonsen» såg eg og hugsa både innhold og tittel på, det var ein film som gjorde sterkt inntrykk. Den vekka eventyrlysta og var utruleg spennande og eg følte den traff meg som ein god film skal gjere. Problemet med slike filmar så lenge etter er å bestemme seg for om ein skal våge seg i gong med å sjå dei igjen, for det hender like ofte at slike gjensyn skuffar som at du oppdagar at filmen faktisk inneholdt nokre kvalitetar.

Når det kjem til «Håkon Håkonsen» har eg forutan dei gongene eg har sett tittelen eller høyrt den nemnt aldri tenkt meir på om eg skal sjå den i ettertid, det var når eg fann den i hylla på universitetsbiblioteket eg faktisk tenkte på gjensyn i heile tatt, og det tok meg ikkje mange sekundane før eg avgjorde at eg skulle gi den ein sjanse.

Dette norske gutteeventyret handlar om unge Håkon som i farens stede må bli familiens inntektsbringar og dermed blir hyra som dekksgut på eit skip. Skipet som først legg til land i London skal seinare over på andre sida av jordkloten, til dei meir eksotiske strøk, det var berre å glede seg allereie. I London lurer ein pirat, spelt av godeste Gabriel Byrne, seg om bort under dekke av å vere ein britisk løytnant som skal guide dei trygt nedover, det luktar mytteri og temperaturen ombord vil definitivt stige etter kvart som skipet kryssar stadig fleire breiddegrader på veg sør.

Boka «Håkon Håkonsen» høyrer til blant ein type litterære verk som går under betegnelsen robinsonade, og sidan filmen er som boka er det naturleg å trekke parallellane til Robinson Crusoe utover når både Håkon og andre driv i land på ei øde øy. Det er ikkje snakk om same isolasjonen her og i «Håkon Håkonsen» tek ikkje ting så lang tid. Filmen kan vere vel så alvorleg for det, piratane blir framstilt som sleske og nådelause, her er nok av våpenbruk, hard straffing og forgifting førekjem og.

Om Nils Gaup sin film er det rett og slett nok positivt å uttrykke, det er ikkje før ein ser på det aller viktigaste, korleis spenninga i eventyret fungerar, at ein blir skuffa. No har eg tidlegare uttrykkt ståstaden i mitt syn på vurdering av film, at eg gjer dette på tvers av eventuelle målgrupper og kva eg trur andre måtte synast om filmen. «Håkon Håkonsen» når altså ikkje opp, eg synst det blir for simpelt, og at eg likte filmen endå betre som barn og at barn i dag sikkert vil ha glede av den hjelp ikkje meg noko.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Roar har sagt:

Ville sjølv gitt filmen 8 av 10. Synest filmen held seg godt. Den første delen (på skipet) er den klart beste, med ein Gabriel Byrne i toppform som pirat. Så dabbar det litt av mot midten av filmen, før den tek seg opp igjen dei siste 20 minuttane. Nils Gaup har gjort ein god regijobb, sjølv om det verkelege store klimakset kanskje let venta på seg. Skodespelarane gjer alle ein god jobb, spesielt Byrne og Stian Smestad. Filmmusikken av Patrick Doyle passar perfekt til denne type film.

Iversen har sagt:

Håhå, sekser? Du er jaggu en krevende mann! :D