Velkommen til framtida
Trudde du at verda gjekk framover, at me etterkvart har utvikla oss nok til å kunne dele på ressurar, leve i harmoni og gløyme alt som var krig og kriminalitet? Tru igjen, i følge høgst realistiske og sannsynlege framtidvisjonar i ulike filmar er det nok djevelskap å sjå fram til i løpet av dei neste ti-, hundre- og tusenåra. Eg har samla 18 slike scenario nedover.
Men først, 7 ting som faktisk har skjedd, for å bygge under påstanden om at alt under mest sannsynleg vil skje, tross delvis motsigande idear knytt til dei ulike årstala, har eg i starten av lista inkludert ein del ting, framstilt på film, som allereie har skjedd og som viser til at film er sant, alt som skjer på film er ekte, rett, realistisk, korrekt.
Eg er ikkje i tvil om at det vil skje fleire grusomme ting, men følgande er altså ei liste over ting eg har oppdatert meg på.

- År 1968: Sovidt Dr. Robert Morgan visste var han det siste menneske som levde ved sidan av virusinfiserte tidlegare menneske som dukkar opp om natta. Du hugsar det, sant?(«The Last Man on Earth»).
- År 1977: Lenge såg det ut til at Robert Neville, M.D. var einaste levande igjen på jorda, ved sidan av virusinfiserte, vampyrliknande, tidlegare menneske. («The Omega Man»).
- År 1984: Det som er kjent frå 1984 er at folk blei overvaka av eit Tankepoliti i det totalitære herskane regime kjent som Oceania. Det var forbudt å ha private tankar. Ledarfiguren gjekk under namnet Storebror. («Nineteen Eighty-Four»).
- År 1997: På grunn av den drastiske aukinga i kriminalitet rundt 1988 blei Manhattan i New York sperra av og gjort om til eit opent fengsel for fangar på livstid. Sovjetunionen ekisterte framleis og den globale situasjonen var stadig prega av trusselen om 3. verdskrig. («Escape from New York»).
- År 1999: Ein teknologi gjorde at opptak av sanseinntrykk blei mogleg. Opptaka føregår gjennom ein slags liten hatt som les av hjernebølger og blir spelt inn på Sony sine gode, gamle Minidiscar. Er du i besittelse av utstyret kan du oppleve andre sine handlingar som om du var der sjølv. («Strange Days»).
- År 2000: USA som me kjenner det blei oppløyst grunna finasiell krise og militærkupp som enda opp i at statane blei til den fascistiske politistaten United Provinces. For å halde folket tilfredsstilt med tilværelsen pågår stadige gladiatorkampar/løp med ombygde drapsmaskiner av bilar. I desse dødsløpa er ikkje gjennomføring av løpet på førsteplass einaste måten å vinne på. («Death Race 2000»).
- År 2005: Eit dobbelt atombombeangrep på Texas førte USA endeleg ut i 3. verdskrig. «The PATRIOT Act» gav myndigheitene grunn til å starte US-IDent som overvåkar all personleg aktivitet. Statsgrensene er heller ikkje som dei var. Samtidig har energiselskapet Treer si utnytting av energitypen Fluid Karma fått jorda sin rotasjon til å endre seg og forårsake hol i tid og rom. («Southland Tales»).

- År 2010: Ukontrollerbart bråk har fører til at franske myndigheitene murar inne ein ikkje namngitt forstad. Innanfor murane vil gangsterar, narkotika og vald herske. Myndigheitene ser seg etterkvart lei på bråket og har mest lyst å kvitte seg med heile skiten. Blir det bombing? («Banlieue 13»).
- År 2012: Igjen står Robert Neville tilsynelatande åleine på jorda, om natta lurer zombieliknande, virusinfiserte superskapningar av tidlegar menneske seg ut for å bite han. Ingen håp for deg her heller! («I Am Legend»).
- År 2012: Den amerikanske økonomien har kollapsa fullstendig. Grunna eksplosiv auking i kriminalitet har etterspurnaden av fengsel bana veg for private aktørar å ta i mot fangar i fengsel som hentar inntekt ved å la fangar køyre i såkalla dødsbilløp, der løpa blir streama på internett mot betaling. («Death Race»).
- År 2013: Krig har øydelagt det meste, menneske eksisterar endå i gjenverande byar, men håpet om at myndigheitene vil kunne bygge opp igjen begynnar å svinne hen, det er uklart korvidt Staten framleis finst. («The Postman»).
- År 2013: Som med New York i 1997 blir Los Angeles gjort om til eit fengsel etter o store jordskjelv separerar byen frå land. Presidenten av USA skapar trøbbel for seg sjølv og sitt fedreland då satelittvåpenteknologi som er meint å brukast mot andre land vil hamne i klørne på ei anti-amerikansk gruppe. («Escape from L.A.»)
- År 2019: Forskarar vile skape biologisk tilnærma perfekte kopiar av menneske, grunna eit opprør blir desse forbudt på jorda. Likevel ekisterar dei stadig meir sofistikerte «etterlikningane» i blant menneske og spesialpoliti vil ha som oppgåve å ta knekken på dei. Du vil mest sannsynleg vere interessert i å ha ditt eige husdyr. («Blade Runner»).
- År 2019: Neo-Tokyo har oppstått etter Tokyo blei atombomba i 1988, under 3. verdskrig. Siviliasjonen blir gjenoppbygd, men berre på eit strukturalistisk basis. Bybildet blir prega av sosial uro og gjengopprør. («Akira»).
- År 2022: Verden vil vere overbefolka, drivhuseffekten har auka temperaturen. Ekte mat blir ei luksusvare for dei rikaste og vanlege folk må ete ulike fargevariantar av «soylent - high-energy plankton». («Soylent Green»).
- År 2027: Grunna ein verdsomspennande pandemi har ikkje folk kunne fått barn sidan 2009. Verdens yngste, «Baby Diego», er kjendis. Storbritannia vil oppleve ein stor straum av asylsøkande flyktningar. («Children of Men»).
- År 2035: Robotar blir kvardagsmaskiner. Intelligensen er upåklageleg og tre lover skal hindre robotane i å gå sine eigne vegar: Ikkje drepe menneske. Følge ordrar gitt av menneske. Ivareta sin eigen eksistens om det ikkje går på bekosting av dei to førre lovene. Men ein dag vil ein robot utføre eit drap og ting blir aldri som før. («I, Robot»).
- År 2038: Krigen mot terror tok av rundt 2018 og resulterte i politisk uro. USA vil hamne i ein stadig pågåande borgarkrig og England blir totalitært med det ultra-høgre fascistiske partiet Norsefire i styre. Sjølv om situasjonen roar seg etter kvart, forblir England totalitært. («V for Vendetta»).
- År 2054: Tre muterte menneske kan sjå inn i framtida og blir brukt, tilkopla politiet (Precrime) sitt datasystem, for å fange kriminelle før dei føregår si kriminelle handling. Folk blir overvåka av edderkoppliknande skapningar som føretek iris-scanningar. Precrime sine tolkingar av dei muterte sine visjonar blir stilt spørsmål omkring. («Minority Report»).
- År 2084: Feriering på planeten Mars blir mogleg. Selskapet Rekall vil kunne tilby skreddarsydde spenningsferiar, der du vil få ei minnebrikke med eiga personlegheit implementert i skallen. Bli ein spion, eller bli noko heilt anna. God ferie. («Total Recall»).
- År 2116: Høgaste levealder tillatt blir satt ned til 21 år, etter det vil folk la seg frivillig henrettast. Alle vil ha ein krystall i håndflata som fortel korvidt folk er yngre enn, nær, eller 21 år. For kontroll vil alle leve i ein og same kuppelbeskytta by. («Logan’s Run»)
- År 2199: Menneska kjempar ein kamp mot intelligente maskiner skapt i det 21. århundre. Mørke skyer dekkar jorda i forsøk på å kutte energitilførselen til maskinene, maskinene finn ei alternativ energikjelde i menneskeleg kroppsvarme og bioelektrisk energi og «dyrkar» menneske i belgar for å samle energien. For å halde menneska i sjakk vil me, uviss om at vår verd er uekte, leve i ei simulert verkelegheit. («The Matrix»).
- År 2505: Dumme mennesker har fødd stadig fleire barn enn smarte og blir etter kvart det absolutte fleirtalet i samfunnet. Media, miljø og politikken vil bere preg av den herskande idiotien. Vatn blir erstatta med ein Powerade-liknande sak, Brawndo, og på mystisk vis vil alle avlingar slutta å produsere mat når vatninga skjer med Brawndo. Presidenten i USA kjem til å vere tidlegare porno- og wrestlingstjerne. Den beste underholdninga på tv består av promping. («Idiocracy»).
- År 3978: Apekattar herskar på jorda, menneska har blitt slavar og kjæledyr for apekattane og blir sett på som uintelligente skapningar. («Planet of the Apes»).
- År 802701: Blå skapningar, «morlocks», lev under jorda og livnærer seg på dumme menneske som dansar rundt i ein paradisliknande verden på overflata og blir hausta når dei når ein viss alder. («The Time Machine»).


Spennende og imponerende omfangsrik post, ness! Jeg aner en viss ironi i innledningen din, men, tross alt, imponerende.
Sprekt! Og en fin liten inngangsportal til mye bra film.