Ein ting eg har lagt merke til i dei fire første James Bond-filmane (den neste i rekka inkludert) er ein tendens til Ã¥ ut av det blÃ¥ føle trangen til Ã¥ køyre ting i rask kino, noko som virka bÃ¥de billeg og unaturleg. Andre stader er det brukt kreativ klypping, ein variant eg er meir for, men det beste er jo sjølvsagt Ã¥ fÃ¥ servert gode, lange tagningar — her er vel prislappen og teknologien ein viktig faktor.

Frå den noko upassande måten å opne mine ord om «Goldfinger» på, kritisk, hoppar eg rett på sak: Dette er ein god film. Plotet sit som støypt, litt enkelt er det, men det tek ikkje inn vatn over hovudet, planane til skurken blir gradvis avslørt, og før den tid er det nok av spionleiking og anstrengte møter mellom James Bond og forskjellige kriminelt involverte. Så kjem sjølvsagt alle kvinnemøta i tillegg, det er jo ikkje å legge skjul på at «Goldfinger» er gjennomført på den måten heller.
Q får sin mest fullkomne framsyning hittil ved presentasjonen av det som kanskje er blant tidenes mest kjente Bond-bil, Aston Martin DB5, ein vakker liten sak fullpakka av teknologi og våpen. Alle desse bitane gjer at «Goldfinger» av mange blir kalla den definerande Bond-filmen, der dei fleste kjenneteikna for resten av serien er på plass i lag.
Dessutan får me servert ein flott opningsmelodi som fengar umiddelbart, eg kosar meg. Når det gjeld karakteren her er dette altså ein betre 7-ar enn «Dr. No», på ei anna side synst eg filmane er passe forskjellige til at det blir litt problematisk å vurdere dei på same skala. Dei er begge underholdande, begge på James Bond vis, men likevel på ulike måte. Slik blir det også med «Goldfinger» mot den neste i rekka, «Thunderball», som igjen bevegar seg litt til sides. Slik det skal vere.


Så, det heile starta med brask og bram. Dei ti første minuttane var «Step Brothers» like morosam som eg hadde håpt på etter å ha sett ein morosam trailer. Ikkje alle likar å trailerar, fordi dei ofte gir eit feil inntrykk av filmen, i dette tilfelle har likevel filmen meir å fare med enn dei få morosame scenene som blir brukt i marknadsføringa. For å sette dette i perspektiv, ein film kan ha ei morosam scene, men det må mange morosame scener til for at filmen kan seiast å vere morosam.
«Alias» vekka aldri interessa hjå meg før no nyleg, eit bilde av Jennifer Garner i fargerike parykkar som slengte seg rundt i wires og snappa opp antikke objekt tiltrakk meg aldri, men så var det stort sett ikkje meir eg visste om serien. Sett bort frå at J.J. Abrams står bak serien. Mannen bak «Lost» og haustens ferske sci-fi på FOX, «Fringe», var ein av grunnane til at eg til slutt valgte å finne ut kva «Alias» eigentleg dreia seg om.
«We Are Marshall» er basert på ei sann historie, denne historia veit eg strengt tatt ikkje meir om enn det som måtte ha blitt brukt i filmen, for alt eg veit kan mykje av det eg trur var sant vere fiksjon. Men det er då likevel ei greie med at dette er basert på ei sann historie.
«Smokin’ Aces» er ein type actionfilm som vil bli enten eller, enten klarar du Ã¥ innfinne deg med kvalitetane og manglane, eller sÃ¥ klarar du ikkje innfinne deg med manglane pÃ¥ kvalitetane. Uansett innfallsvinkel pÃ¥ problemet sÃ¥ er ikkje filmen perfekt, men enkelte vil klare Ã¥ hente ut ein grei opplevelse. Personleg hamna eg i bÃ¥sen over betrevitande som ikkje heilt klarar Ã¥ svelge dette hÃ¥rete monsteret.
Daniel E. «Rudy» Ruettiger var den tredje av 14 i ein søskenflokk. Heilt i frå barndommen av var draumen hans å spele for Notre Dame Fighting Irish, eit annarkjent amerikansk fotballag i collegeligaen. Heile vegen var det ingen som trudde han kunne klare det, etter kvart som han vaks opp til å bli knappe 170cm høg og rundt 75kg (godt under gjennomsnittet blant am. fotballspelarar) var det desto færre som trudde på han.
Buffy og gjengen har rasert high school, college i Sunnydale er det neste som ventar, for alle utanom Xander. Humoren som pregar serien blir fint ført vidare i form av mellom anna små ting som Xander sine stadige nye jobbar. James Marsters får status som fast rolleinnhavar med Spike i løpet av dei første episodane og ein ny fast i form av Riley blir å følge ved Buffys side utover sesongen.
«Sideways» frÃ¥ 2004 er ein av mine favorittfilmar, Alexander Payne som stÃ¥r bak den stÃ¥r ogsÃ¥ bak «Election» som eg har sett nyleg. I «Election» møter me Matthew Broderick som high school historielærar, ein jobb godeste Jim — som rollen hans gÃ¥r under — likar svært godt. Reese Witherspoon er eleven du elskar Ã¥ hate, men ogsÃ¥ kan beundre pÃ¥ avstand, fÃ¥ venner, men goalgetter som ingen andre er ho einaste eleven som ser ut til Ã¥ stille for student counsil president. Heilt til Jim fÃ¥r det for seg at den skada QB1 frÃ¥ fotballaget, spelt av Chris Klein («American Pie»), kan stille for Ã¥ gi Reeses Tracy Flick-rolle ekte motstand. Begrunnelsane til valet er frÃ¥ Jim si side reint personlege, noko som gjer det heile desto betre.