ness
31-Oct-2008

Goldfinger (1964)

IMDb: 7.9/10 (37,527 votes)

Ein ting eg har lagt merke til i dei fire første James Bond-filmane (den neste i rekka inkludert) er ein tendens til å ut av det blå føle trangen til å køyre ting i rask kino, noko som virka både billeg og unaturleg. Andre stader er det brukt kreativ klypping, ein variant eg er meir for, men det beste er jo sjølvsagt å få servert gode, lange tagningar - her er vel prislappen og teknologien ein viktig faktor.

Frå den noko upassande måten å opne mine ord om «Goldfinger» på, kritisk, hoppar eg rett på sak: Dette er ein god film. Plotet sit som støypt, litt enkelt er det, men det tek ikkje inn vatn over hovudet, planane til skurken blir gradvis avslørt, og før den tid er det nok av spionleiking og anstrengte møter mellom James Bond og forskjellige kriminelt involverte. Så kjem sjølvsagt alle kvinnemøta i tillegg, det er jo ikkje å legge skjul på at «Goldfinger» er gjennomført på den måten heller.

‹Q› får sin mest fullkomne framsyning hittil ved presentasjonen av det som kanskje er blant tidenes mest kjente Bond-bil, Aston Martin DB5, ein vakker liten sak fullpakka av teknologi og våpen. Alle desse bitane gjer at «Goldfinger» av mange blir kalla den definerande Bond-filmen, der dei fleste kjenneteikna for resten av serien er på plass i lag.

Dessutan får me servert ein flott opningsmelodi som fengar umiddelbart, eg kosar meg. Når det gjeld karakteren her er dette altså ein betre 7-ar enn «Dr. No», på ei anna side synst eg filmane er passe forskjellige til at det blir litt problematisk å vurdere dei på same skala. Dei er begge underholdande, begge på James Bond vis, men likevel på ulike måte. Slik blir det også med «Goldfinger» mot den neste i rekka, «Thunderball», som igjen bevegar seg litt til sides. Slik det skal vere.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10