IMDb: 7.2/10 (19,010 votes)
Eg har sett lite film i det siste, men har rukke å få med meg «Quantum of Solace» på kino. Elles har det stort sett gått i bøker.

Daniel Craig er tilbake som James Bond i det som denne gongen er ein Marc Forster-regissert film der mellom anna Paul Haggis har skrive manus. Eit røft preg, mykje vald og ein litt kald og kynisk Bond har i lag med det nokon kallar mangelen på vante James Bond-kjenneteikn fått enkelte til å reagere. Men her er det nok fleire som ikkje har sett godt nok etter.
Personen James Bond er langt nede etter tapet av Vesper i forrige film, han kan framstå som brutal og oppslukt i ei hemnjakt, men er bak maska stadig like kalkulert og det kjem etter kvart nok spor til ein leiken agent som er glade i det kvinnelege selskap. Craig held maska med stil i den tidlege delen av filmen, men den som følgjer godt med kan legge merke til ei endring i personen hans, om ikkje stor så iallfall nok til å kunne oppdagast.
Av fart og spenning byr «Quantum of Solace» på alt i frå sprø biljakt, til båtjakt til fotjakt og eksplosjonar. Her er det meste, det går hardt for seg, men det er ein variasjon å setje pris på. Dessutan har lengda blitt klart å halde nede på 1t 46min, ca 40 minuttar kortare enn forrige film. Nokre veit å setje pris på lengre filmar, eg er av oppfatting at fleire Bond-filmar er for lange og synst denne var perfekt med tanke på historia.
At skurken ikkje er ute etter å øydelegge jorda, men at han er ein utspekulert menneskeforbrytar gir meg ein større grunn til å mislike han, men også å like han som skurk.
Eigentleg var det ingenting eg beit meg merke i som dårleg med denne, sjølvsagt kunne eg gått inn for å samanlikne den med ein av dei første filmane med Connery og komme med at Bond er ein glattare og meir kvinnebedårande person der, men eg ser heller ikkje poenget i at alle filmane skal vere heilt like, og denne har meir enn nok til å vere ein Bond-film.
8/10
IMDb: 6.8/10 (2,957 votes)
Også Alexander Payne har utvikla seg til å bli ein høgt ansett regissør i min vesle filmverden. «Citizen Ruth» lev opp til forventingane av ein Paynefilm og Laura Dern er ikkje mindre enn fantastisk i rollen som Ruth, ein narkoman gjengangar i det lokale fengselet som blir gravid og hamnar midt oppi kampen for og mot abort. At ho ikkje gir mindre enn faen i det som skjer rundt ho så lenge ho får ha det gøy, kan få pengar i hendene og ein god rus er det som passar så vanvittig godt oppi debatt av denne skalaen. Filmen er god på å ikkje dømme for eller mot og innfridde stort sett heile vegen, det blir litt i lengste laget, men er elles bra.
7/10
IMDb: 6.3/10 (3,687 votes)
Eg har sikkert nemnt det før, men det skadar ikkje å gjere igjen, Cronenberg er ein av mine favorittregissørar. Heldig som eg er finst det framleis usette filmar i filmografien hans. «Rabid» er ein av hans tidlegare bragder, ein sak som blandar inn eit zombieliknande utbrot i mindre skala med Cronenbergsk mutasjonsidé. Stemninga er til å ta på. Karakteren er kanskje urettferdig høg i forhold til andre Cronenbergfilmar, men sett opp mot det andre eg såg gjennom oktober så er det velfortent.
8/10
IMDb: 7.2/10 (68,429 votes)
Apropos dårlege teikneserieadapsjonar. Eg rekna med fleire vil vere ueinig med meg her, men denne er då ikkje noko særleg meir enn eit par artige actionsekvensar, og det er ikkje nok. Norton er kjedeleg, Tyler er litt søt, ingenting meir. Resten er kjedeleg, tilogmed «Spider-Man 3» forbigår denne.
4/10
IMDb: 3.2/10 (30,265 votes)
Haha! Me var altså berre tre stk. som møtte opp på eit vors, og medie/filmfolk som me er satte me like godt på ein film, «Catwoman» var meint som ein spøk, men me såg no heile, likevel om den var kattepiss tvers i gjennom. Einaste denne er perfekt som er å vere double-bill med «Batman & Robin».
2/10
IMDb: 6.9/10 (172 votes)
Kinodagen kom brått på meg, det blei berre med denne eine filmen, men for ein film. Til å vere enkel animasjon imponerte den i sitt visuelle uttrykk, den har sjarm, gjennomført stil, ei historie som virka å glede små barn (salen var full av smårollingar med foreldre) som oss vaksne, her ligg nok av vaksen humor som krev meir enn 10 år på nakken for å forstå. Ei anbefaling.
7/10
IMDb: 7.3/10 (83,907 votes)
Trass i fleire lattervekkande sider, dette er ikkje ein film som utmerkar seg spesielt. Joda, det er flust av spark i sida til filmbransjen, spesielt det me kjenner som Hollywood, men gjennom skin det eit relativt tynt krigsfilmplot. Eg lot meg underholde, kjeda meg berre litt her og der, så eg vil ikkje sei for mykje negativt, kanskje denne blir betre ved eit gjensyn? Det blei berre middels.
5/10
IMDb: 6.2/10 (885 votes)
Første film fulgte kjente oppskrifter på ein stødig måte, sånn sett følger denne som oppfølgar slike oppskrifter innanfor sjangeren like eins, den er ingenting å skryte av, det verste var at den stort sett spelte på ein måte å skremme på, som ikkje virka. Men det ser bra ut, historien fortset der første filmen slutta, og det er akkurat nok til å bli ein midt på treet film.
5/10
IMDb: 5.5/10 (37,793 votes)
Eg elska spela, tolmodigheita mi til å runde spel er under middels, men dette er ein av mine sterke spelopplevingar. Tempoet kan vere smått om du forventa rein actionfilm, men eg synst historia har blitt behandla godt etter å ha kome frå eit spel. Det visuelle uttrykket er herleg, Wahlberg klarar seg heilt greitt, kunne nok ha blitt betre, men det kunne vel i større grad ha blitt verre. Eg likte det eg såg.
6/10