Mens presidentvalnatta nærmar seg
Som tittelen seie, eg ventar på at tv-sendingane skal starte for fullt. Politikk er ein ting eg sjelden følger, vanleg tv likeså, og å sitte og vente med tv-en på i bakgrunnen utan å ta for meg noko spesielt er vel omtrent eit eingongstilfelle. Strengt tatt skriv eg no, vidare på gårsdagens samlepost, men sjå bort frå at kommuniseringa her er ein særting.

Catwoman (2004, Pitof)
Haha! Me var altså berre tre stk. som møtte opp på eit vors, og medie/filmfolk som me er satte me like godt på ein film, «Catwoman» var meint som ein spøk, men me såg no heile, likevel om den var kattepiss tvers i gjennom. Einaste denne er perfekt som er å vere double-bill med «Batman & Robin».
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
The Incredible Hulk (2008, Leterrier)
Apropos dårlege teikneserieadapsjonar. Eg rekna med fleire vil vere ueinig med meg her, men denne er då ikkje noko særleg meir enn eit par artige actionsekvensar, og det er ikkje nok. Norton er kjedeleg, Tyler er litt søt, ingenting meir. Resten er kjedeleg, tilogmed «Spider-Man 3» forbigår denne.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Rabid (1977, Cronenberg)
Eg har sikkert nemnt det før, men det skadar ikkje å gjere igjen, Cronenberg er ein av mine favorittregissørar. Heldig som eg er finst det framleis usette filmar i filmografien hans. «Rabid» er ein av hans tidlegare bragder, ein sak som blandar inn eit zombieliknande utbrot i mindre skala med Cronenbergsk mutasjonsidé. Stemninga er til å ta på. Karakteren er kanskje urettferdig høg i forhold til andre Cronenbergfilmar, men sett opp mot det andre eg såg gjennom oktober så er det velfortent.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Citizen Ruth (1996, Payne)
Også Alexander Payne har utvikla seg til å bli ein høgt ansett regissør i min vesle filmverden. «Citizen Ruth» lev opp til forventingane av ein Paynefilm og Laura Dern er ikkje mindre enn fantastisk i rollen som Ruth, ein narkoman gjengangar i det lokale fengselet som blir gravid og hamnar midt oppi kampen for og mot abort. At ho ikkje gir mindre enn faen i det som skjer rundt ho så lenge ho får ha det gøy, kan få pengar i hendene og ein god rus er det som passar så vanvittig godt oppi debatt av denne skalaen. Filmen er god på å ikkje dømme for eller mot og innfridde stort sett heile vegen, det blir litt i lengste laget, men er elles bra.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
