Bring It On (2000)
fredag, februar 27th, 2009I denne enkle ungdomsfilmen med potensiale møter me cheerleadingteamet til den oppdikta skulen Rancho Carne High School, eit kort stykke utanfor Los Angeles. Fotballaget til R.C.H. er dårlege nok, men cheerleadingteamet har vunne «nationals» fire år på rad og er populære i lokalmiljøet.
I den sentrale rollen som Torrance, den nye kapteinen til teamet det følgjande skuleåret, har me ei søt, men litt stiv Kirsten Dunst. Ho viser ei bra side som privatpersonen Torrance, men manglar ei viss ledigheit som synast å følgje framstilingar av spretne cheerleaders i amerikansk populærkultur, og det er ein del av det eg forventar.
På overflata er «Bring it on» ein enkel gladfilm, det er høgt tempo, musikk med trøkk i (om ikkje alltid min favorittsjanger), og relativt pene folk. At filmen ikkje serverar ein «rags to riches»-historie, gir den inntrykk av å ha meir å spele på enn eit lag sitt mål om å vinne.
Det som er synd er at Peyton Reed, regissøren her, aldri vågar å ta sjansar. I løpet av 100 minuttar streifar me innom fleire gode tema og problem som det kunne ha blitt via meir tid til refleksjon av, som kunne bidratt til å gi «Bring it on» den djubda eg synst den fortenar, utan at det hadde gått på bekostning av cheerleadingplottet. Behandlinga av Torrance sitt forhold til det nye søskenparet på skulen og dei homofile sin plass på teamet er skyvd i bakgrunnen.

Grunnen til at eg saknar dette er at me i det heile får ein smakebit av det, måten det berre blir streifa innom gjer at eg ser på filmen si handtering av problem som generelt litt for enkel å gripe fatt om. Det er positivt at det ligg under overflata at det er meir ved desse folka og denne skulen, men trekk ned at det ikkje er forsøkt hardare å bli behandla.
Det sagt, filmen har fleire gode sider enn negative, den blir for eksempel aldri kjedeleg og fyller godt sekken for underholdning. Humor er på plass, koreografien og generelt all cheerleading er eksellent utført. Karakterutvikling viser fram jentene med ei modenheit nok til at det verkar naturleg, i lyset av at formatet er Hollywoodungdomskomedie.
Oppsummert: Potensiale, fråver av dødpunkt, desse to tinga er med på å trekke middels god ungdomsfilm opp frå å vere ein av mange ubetydelege gjennomsnittsfilmar.
