Just Friends (2005)

IMDb: 6.3/10 (21,419 votes)

just friends«Just Friends» er litt morosam innimellom, den har eit par sjarmerande karakterar, men fell likevel altfor fort i opptrådde spor, klarar aldri å skape interesse for sjølve historia og endar opp midt på treet som ein døll, men heilt greitt søndagsfilm, dagen derpå-film eller bakfylla-fyll. Reynolds klarar ikkje å vaske av seg slimet og veks ikkje noko i løpet av filmen, Amy Smart er den kjedelege kjærleiksinteressa han går etter. Det er små glimt av den usympatiske Chris Klein og ei sprø Anna Faris som livar dette opp og skapar dei mest minneverdige studene, om eg tar i.

5/10

Winter of Frozen Dreams (2009)

IMDb: 4.4/10 (97 votes)

winteroffrozendreamsThora Birch var stor i «Ghost World», men gjer ei like kjedeleg rolle i «Winter of Frozen Dreams» som filmen er kjedeleg. Den støttar meg opp pÃ¥ pÃ¥standen min om at «basert pÃ¥ ei sann historie» betyr lite eller ingenting. «Winter of Frozen Dreams» er dÃ¥rleg strukturert, ein rotete film som ikkje klarar Ã¥ bygge seg opp til slutten som filmen blir introdusert med. Det er umotiverande Ã¥ sjÃ¥ ein film der den kriminelle handlinga er uinterssant, ufullstendig framstilt, langt i frÃ¥ mystisk og aldri skikkeleg løyst. Eg hugsar ikkje kvifor eg skulle sjÃ¥ filmen, men gløymer den forhÃ¥pentlegvis snart.

3/10

The Girlfriend Experience (2009)

IMDb: 6.2/10 (1,000 votes)

girlfriend_experienceEksperimentell film frå Steven Soderbergh som fell godt i smak. Pornostjerne Sasha Grey spelar dyr eskorte, eller luksusprotituert, på Manhattan. Soderbergh har klart å formidle livet til ei litt udefinert kvinne i eksortebransjen, viss verdiar og utstråling er vanskeleg å få tak på. Samtidig gjer han filmen til eit uttrykkande medium for finanssituasjonen som bygde seg opp mot presidentvalet i 2008. Filma med Red One kamera ser filmen nydeleg ut, musikken er litt utanom det spesielle, men like velfungerande. Filmtraileren er blant dei mest truverdige mot sjølve filmen eg har sett på lenge, og viser eit god eksempel på musikkbruken.

8/10

Synecdoche, New York (2008)

IMDb: 7.5/10 (8,620 votes)

synecdoche_new_york«Synedoche, New York» får pes av The Quietus, den einaste kulturnettsida eg følgjer. Men i mine auger er dette ein av dei beste, nye filmane i år. Den går inn under mi begeistring for filmar som er merksam på og nyttar forholdet mellom livet til karakterane og deira plass i eit fiksjonsunivers. Men her er det i forhold til eit teaterstykke i filmen. Kaufman er også ekspert på forholdet til verda utanfor fiksjonsfilmen. Filmen er smått langsom, men den tek av, forvirrar, blandar fiksjon med metafiksjon og hoppar uforsvarleg brått i tid på ein måte som dannar lysten på gjensyn.

9/10

Castle sesong 1

10 episodar.

castleNathan Fillion er eit namn eg skal ha med meg på tv (og i film), pga. «Firefly». Men diverre blir seriar han med i gjerne kansellert undervegs i første sesong. «Castle», må innrømme, er ikkje den smartaste etterforskingsserien, men det er festleg å følgje Fillion og Katic som dei to motsetnadane i hovudrollane. Politisakene er verken kjedelege eller spesielt spennande, men serien klarar seg på gode karakterar. Sesongen er kort, men serien er visst fornya. Eg var litt usikker, forutan karakterane og skodespelarane bak dei er det ikkje mykje å sei, difor har eg gjentatt meg sjølv tre gonger alt.

Flakes (2007)

IMDb: 6.3/10 (982 votes)

flakesDet har blitt gjort før, bokhandelen i «You’ve Got Mail», frisøren i «Barbershop», «Flakes» handla om den vesle kafeen som blir offer for eit forsøk pÃ¥ Ã¥ kommersialisere konseptet. Ã… ha ein kafe som spesialiserar seg pÃ¥ frukostblanding er tydelegvis ingen dÃ¥rleg idé for ein film, for det set kampen mellom store kjeder og smÃ¥ privateigde institusjonar sÃ¥ pÃ¥ spissen. «Flakes» fÃ¥r fram ei god stemning, og det ligg bÃ¥de humor og ei fin kjærleikshistorie til grunn, forholdsproblema er ogsÃ¥ fletta sÃ¥ godt inn i kafekampen at filmen ikkje mistar fokus. Zooey Deschanel gjer i tillegg ei sine beste rollar.

7/10

The Pleasure of Your Company (2006)

IMDb: 5.8/10 (4,221 votes)

pleasureofyourcompanyTi år sidan Jason Biggs gjorde «American Pie», og han har holdt seg til samme rolle, stort sett. Denne filmen her, som i norske sjapper går under «Wedding Daze», er nesten så enkel som du kan få det utan å bli direkte dårleg. Utgangspunktet er tragikomisk, men kunne gjerne blitt gjort meir tragisk. Det går igjen, ting kunne blitt gjort meir alvorleg, her blir det prøvd for hardt heile vegen å vere morosame, men det blir berre teit. Filmen hadde vunne på å vere trist i blant, for sånn elles så likar eg det eg ser. Midt på treet dette.

5/10

Jisatsu saakuru (2002)

IMDb: 6.7/10 (4,992 votes)

suicideclubJapanske «Suicide Club» er ei sprø, blodig og humoristisk innføring i J-Horror. Den tek typiske trekk ved retninga og gjer både narr av dei og overdriv. Tokyo blir ramma av ei sjølvmordsbølge, der ei ukjent kraft driv folk til dette. Men «Suicide Club» klarar ikkje å bygge nok spenning på dette, og mislykkast som J-Horror. Filmen er vanvittig blodig og grotesk til tider, noko som blir det mest fascinerande. Løysinga på mysteriet er så far out at det blir morosamt nok å følge med når slutten nærmar seg, men vegen dit er uoversiktleg, lite engasjerande, og litt søvndyssande.

5/10

Stranger Than Fiction (2006)

IMDb: 7.9/10 (62,950 votes)

stranger_than_fiction«Stranger Than Fiction» er blant mine Will Ferrell favorittfilmar. Den er morosam, Ferrell er nedtona og passiv, ei rolle han gjer godt. Den er smart, eller verkar så med sin litteraturprega, metafilmske, innfallsvinkel. Den har ei vittig forteljarstemme, som dessverre dukkar litt for sporadisk opp. Det er romantikk, med eit snev av underleg affeksjon mellom to vidt ulike mennesker. Filmen er altså likandes rar og annleis nok, men samtidig lettfatteleg og med kjente og kjære ansikt å knyte seg til. Den har det som skal til for å spre god stemning, samtidig som den kan skilje seg ut i mengda.

8/10

Gossip Girl sesong 2

25 episodar.

gossip_girl_ver7«Gossip Girl» har eit problem, dette problemet er at første sesong var god. For at tenåringssåpe/drama skal vere bra må det skje ting, ting er som regel forhold. Lykkelege forhold er kjedeleg, difor må folk slå opp. Interne romansar blir fort tynne, eksterne blir sjeldan så gode. Sånn tryna «The O.C.», der som i «Gossip Girl» viser andre sesong teikn til nedtur. Eg mista litt taket utover i sesongen, men sesongfinalen gav ein liten dytt i ryggen, og eg kan tru og håpe at dei med college neste år tek serien vidare. Spin-offen derimot virka relativt døv.

1 / 41234