Archive for juli, 2009

Crank: High Voltage (2009)

onsdag, juli 29th, 2009

IMDb: 6.8/10 (16,005 votes)

crank_two_ver2«Crank» og oppfølgjaren er rimeleg like, rå og fullpakka av action. Jason Statham som mannen med kunstig hjerte, som lever på lånt tid og stadig må sjokklade seg på høgspentlinjer og liknande, har lite tid til å sitje i ro. «High Voltage» fungerar makelaust bra til å vere så enkel, det er nok fordi den er stilmessig gjennomført, den er seriøs, men tek ikkje seg sjølv høgtidleg. Den klarar å sjokkere med grove scener samtidig som den gledar med andre sprø og grove scener. Statham er no eingong Statham og har ansiktet til å fylle ei så overdrevi hard mannsrolle.

6/10

My Science Project (1985)

onsdag, juli 29th, 2009

IMDb: 5.4/10 (1,632 votes)

Ein UFO blir funne av amerikansk militære i 1957, motoren til UFOen blir gøymt, og funne av bilfanatikaren Michael og hans i utgangspunktet sympatidate med bokormen Ellie, i jakt etter eit originalt skuleprosjekt, 30 år etter. Dei ekstreme kreftene til motoren gir grunnlag for ein film som etterkvart blir ei eventyrleg blanding av tidsrifter, komedie og tenåringsromantikk. Minst av det siste. Dennis Hopper dukkar opp som hippieveteran og gir ekstra underhaldingsverdi. Like fullt underhaldande er spesialeffektane som er 1980-tals på den herlege måten. Filmen sit inne med nok slackerfaktor til aldri å bli ein slitsam affære, men blir uhøgtidleg gøy.

6/10

I Love You, Man (2009)

tirsdag, juli 28th, 2009

IMDb: 7.8/10 (15,292 votes)

i_love_you_manAlle treng vener, og Peter (Paul Rudd) har kome dit i livet at han treng sine. Som fersking i jakta på vener tek det ei stund før Peter møter den rette, Sydney (Jason Segel). Fan av Segel sine tidlegare rolleprestasjonar som eg er, let eg meg glede trass i at Rudd ikkje er like interessant heile filmen. Som komedie går denne i fleire opptrakka spor, men glimtar til med overraskingar og har stort sett god humor å servere. Samtidig er det ein balansen mellom venskap og kjærleik, begge sidene får nok tid og framdrift til å bli fortalt i heilskap.

7/10

Harry Potter and the Half-Blood Prince (2009)

mandag, juli 27th, 2009

IMDb: 7.8/10 (32,950 votes)

harry_potter_and_the_half_blood_prince_ver19Etter forrige runde, Order of the Phoenix, burde det bli betre. Og det blei betre, men i retrospekt er nok filmen litt tom i forhold til lengda, så betre kan det bli. Boka er halvgløymt, så samanlikning blir det ikkje. Greia med å kalle filmen Halvblodsprinsen verkar berre feil, dette er meir romantikk enn om Halvblodsprinsen. Romantikken har eg ingenting i mot, den er ganske underhaldande i Harry Potter-verden. Men eg saknar meir framdrift, stille før stormen er jo det neste bok (og film?) handlar om. Det var god underhalding, mange av skodespelarane glimtar også verkeleg til, svært positivt.

6/10

Halloween 4: The Return of Michael Myers (1988)

torsdag, juli 23rd, 2009

IMDb: 5.6/10 (9,567 votes)

halloween_4_poster_01Etter den grusomme «Halloween 3» blir fjerde filmen eit stort steg i rett retning. Den er ikkje best hittil, men eit hakk under nummer to. Me får det som er å forvente, ein Michael Myers som ikkje er død, og det same kan seiaste om Dr. Sam Loomis. Trådane til nummer to er tynne, men ikkje spesielt viktige. Oppbygginga som går over første timen er som brødskive, noko du tenker lite over at du får i deg. Mens siste del eigentleg gir oss så mykje action ein kan forvente, før ein nydeleg og hårreisande slutt rundar av filmen med stil.

6/10

Private Resort (1985)

onsdag, juli 22nd, 2009

IMDb: 4.6/10 (1,876 votes)

Sjølv om det er artig å følge Johnny Depp og Rob Morrow som ungdommar blir også «Private Resort» ein av veldig mange tenåringsfilmar frå 1980-talet som ikkje klatrar høgare enn til midt på skalaen. Det er for lite av den gode handlinga, og filmen spelar på at det er sommar, uskyldig alvor og lettkledde damer å sjå på. Eit par sekvensar innimellom viser at regissøren ikkje har kompetanse for å behandle seriøst drama, men humoren er på plass og trass i nok billeg slapstickhumor kjem det fram scener i blant som gjer dette til ein kurant komedie til utpå kvelden.

5/10

17 Again (2009)

tirsdag, juli 21st, 2009

IMDb: 6.5/10 (10,723 votes)

seventeen_againEg vil ikkje skryte for hardt av «17 Again», men filmen er festleg, så sant du ikkje hatar Zac Efron. Eg er nøytral, og ved å førestille seg Matthew Perry i Efron blir det artigare. «17 Again» er ein typisk kroppsbytekomedie, sjølv om den gjer forsøk på å stå på sidelinja i forhold til andre slike, det betyr lite, det eit oppdrag for å vende tilbake til normalen. Det artige er å følgje den vaksne som kan sette pris på å vere tilbake i ei syteslaus ungdomstid. Sånn sett kan vaksne sjå andre sider enn den vanlege målgruppa til Efron.

7/10

Adventureland (2009)

mandag, juli 20th, 2009

IMDb: 7.7/10 (7,724 votes)

adventurelandMottola («Superbad») med ny film, både manus og regi denne gongen. Adventureland er ikkje fullt så rar som seinare tenåringsfilmar med rar ungdom. Jesse Eisenberg («The Squid and the Whale») er den nye ungdommen i byen og har aldri hatt sex. Problemet er ikkje at han ikkje får damer, men det følgjer alltid med bagasje. Samtidig må han nøye seg med ein dårleg sommarjobb i den lokale temaparken. Adventureland er herleg roleg og morosam, den prøver ikkje for hardt. Men sidan alt ser ut til å klaffe, både humor, romantikk og bruken av kjente skodespelarar, blir det ein knallfilm.

8/10

Rad (1986)

søndag, juli 19th, 2009

IMDb: 6.7/10 (1,813 votes)

BMX virka kult, sykkelsekvensane i «Rad» har ingen problem med å få fram dette. Underdogen Cru sin kamp for å komme seg fram blant dei beste BMX-utøvarane i landet gir òg filmen ei stemme eller eit formål. Måten «Rad» til dei grader spelar på den dengong veksande interessa for BMX er i seg sjølv artig å følge med på. Men limet som held alt saman, skodespelet som er grunnlaget for handlinga, dei enkle og ikkje fullt så effektive sekvensane som utgjer den viktige utviklinga i filmen, er berre med på å bekrefte dette som ein fenomenfilm utan solid botn.

5/10

Summer Lovers (1982)

søndag, juli 19th, 2009

IMDb: 5.1/10 (1,341 votes)

Rekordhøg puppefaktor og eit sey trekantforhold er «Summer Lovers» i eit nøtteskal. Peter Gallagher («Sex, Lies, and Videotape») og Daryl Hannah reiser på 8 vekers ferie til Hellas og møter ei ung, fransk kvinne. «Summer Lovers» spelar på alle klisjeane, men unngår likevel den verste fallgruva. Det er den ultimate 1980-talsfilmen i både form og musikk, til dei grader på så seriøst vis at det blir eit fascinerande studie ved sidan av showet av nakne kroppar. Med meir opplagt sex kunne dette fort blitt softcore porno, men i staden er det eit eksempel på frigjort og eksperimentell ungdom. Cheesy.

5/10