Three O’Clock High (1987)

IMDb: 6.9/10 (3,400 votes)

Ei positiv overrasking, mindre kjente namn og generelt ukjent tittel tatt i betrakning. Etter ein sløv start blir filmen betre når hovudrolla Jerry klarar å rote seg bort i ein slosskamp etter skuletid, mot ei bølle som det blir gjort null forsøk på å vise medmenneskelegskap ovanfor. Det blir umuleg å komme seg unna slosskampen, og Jerry sine desperate forsøk på å sleppe toppar seg under forføringa av engelsklærarinna, då han med sigaretten mellom fingrane kliner med ho framfor klassen. Få vil nok sjå denne, så eg kan likegodt avsløre, at det ikkje overraskande, blir ein forrykandes slosskamp på slutten.

6/10

Fatso (2008)

IMDb: 6.4/10 (557 votes)

plakat_fatso_36594l«Fatso» sin flodhest minnar om den i «One Crazy Summer» med John Cusack, men der sluttar likskapen. Her er det meste godt på plass, ei søte svenske jenta på ei side, og ein sjenert, norsk sofagris. Lubne Kaalstad har tidlegare vist seg som ein god skodespelar, og gjer også Rino med stil, ev. mangel på. Gjennom den eine flaue augeblinken etter den andre får me både gullkanta komiske resultat og eit seriøst blikk inn i hovudpersonen. Det svakaste med filmen er når Rino opplagt går ut av rolla si og skal oppfylle Hollywoodske konvensjonar, som den brå karakterendringa på slutten.

8/10

The Last American Virgin (1982)

IMDb: 5.4/10 (2,641 votes)

Blant mykje rar tenåringskomedie er «The Last American Virgin» ein gråstein med gullkjerne. Som det beste dei siste åra er dette drama innpakka i romantisk komedie. Dessverre er både skodespelet og handlingane til hovudpersonen ruskande døvt. Men så er det den amatørmessige valsinga rundt på skjermen, i lag med eit overgjort seriøst tema, som reddar dette typiske eventyret, om tre unge gutar ute etter sex, frå å bli fullstendig feil. Av anna verdt å nemne er debuten til Kimmy Robertson (Lucy Morgan i «Twin Peaks») og ein slutt som konkurrerar med norske «1958» i brutalitet. Festleg, men ikkje fullt bra.

5/10

Van Wilder 2: The Rise of Taj (2006)

IMDb: 4.0/10 (7,561 votes)

van_wilder_the_rise_of_taj«Van Wilder 2» har to gode sider, og dessverre litt for mange dårlege. Kal Penn er morosam, spesielt når ein kan knyte han opp mot opptreden i House og Harold and Kumar. Og filmen unngår å dra episodar for langt ut, noko som ein burde forvente av all film, men som likevel skil seg ut som ei lys side i denne. Elles er det altfor tydeleg at både Ryan Reynolds og det særeigne ved personen Van Wilder er borte, og berre den lunka historia som er resten av strukturen i desse komediane er igjen. Filmen blir under middels, men uthaldeleg.

4/10

Halloween III: Season of the Witch (1982)

IMDb: 3.7/10 (10,866 votes)

halloween_3Namnet og eit glimt av «Halloween» på TV-skjermen er einaste klare koplinga til franchisen eg kunne finne. Elles er dette verken Michael Myers eller Sam Loomis, det er heller ikkje bra. Jo vent, bildekvaliteten var god, musikken var småtøff, reint elles luktar dette rett-på-video. Det som gjer den muleg å sjå ferdig er det morosame i det dårlege, og dei periodane av filmen eg datt fullstendig ut og ikkje fekk med meg noko. All handling er forutsigbar som fy, men det ligg litt underhalding i den tekniske vinklinga i historia. Samanhengen til tittelen gjekk meg dessutan hus forbi, finst den?

3/10

Halloween II (1981)

IMDb: 6.3/10 (15,023 votes )

halloween_ii«Halloween II» er omtrent like god som den første filmen, og på sin måte ein annleis film. Både terror og vedvarande scener med grøss er innslag, mens den første filmen spelte meir på oppbygging rundt det usette. Som oppfølgjar er den svært god, då den tek konseptet og gjer noko nytt ut av det, men beheld essensen, som er folks uunngåelege møter med Michael Myers. Jamie Lee Curtis er diverre langt mindre synleg enn i første filmen, og sjølv om det ikkje pregar filmen for mykje gjer einskilde rollar dumme val undervegs. Men det er spenning, og musikken er god.

7/10
2 / 212