2 sesongar.
Sær mainstream, kan stÃ¥ som merkelapp pÃ¥ «Pushing Daisies», ser ein bort i frÃ¥ to korte sesongar som levetid. Ein lys og lystig stil, der det fargeklare visuelle elegant blir løfta ekstra opp av det mest poetiske sprÃ¥ket eg har sett utanfor epokedrama basert pÃ¥ Shakespeare. At det handlar om døden er berre ein av fleire trekk som gir den ledige atmosfæren i og rundt paikaféen til «gjenopplivar av døde»-Ned ekstra djupn. Bryan Fuller («Dead Like Me») har sansen for det komisk morbide og hentar fram heile arsenalet her. Ei kjapp trÃ¥doppnausting i siste episode avrundar serien overraskande fint.
IMDb: 6.3/10 (933 votes)
«Gigantic» er akkurat smal nok til at den gøymer seg bort i mengden, men store menn som John Goodman, namn som Zooey Deschanel og ein Paul Dano som også står oppført som produsent, er dette meir enn fullstendig usynleg. Dano spelar 28-åringen med den livslange draumen om å adpotere ein kinesisk baby. Det er ikkje fullt så sært i samanheng, men ein ganske fin, liten romantisk film. Ikkje alt er gjort med den stødigaste handa, men gode rollar reddar mykje. Ein småforstyrra rolle gjort av Dano ligg som eit nysgjerrig slør over filmen, men blir ikkje utbrodert godt nok.
8/10
IMDb: 7.3/10 (174 votes)
«Garbage Warrior» er historia om Michael Reynolds, ein arkitekt som har via livet sitt til å konstruere hus av blant anna søppel og jord. Hus som er sjølvforsynt med vatn og straum. Dokumentaren tek mest side med den fargerike karakteren Reynolds når han møter mostand i systemet. Ein småeksentrisk, men samla person trass i veldig alternative idear. Introduksjonen til filmen var prega av svada og faktafeil, men den opna seg verkeleg opp etter kvart, og gjekk forbi å bli ei einspora trøytte. Sett forbi det moderne dokumentarfilmspråket har «Garbage Warriors» mykje godt å fortelje, og den klarar å fylle lengda.
7/10
IMDb: 3.9/10 (11,740 votes)
Siste film i «Halloween»-serien før Rob Zombie køyrte ein omstart med nyinnspeling i 2007. «Resurrection» er klart den nest dårlegaste av filmane, og lenge eit slit å komme seg gjennom. Men så skjer det at filmen tek seg ørlite opp siste halvtimen, og klarar å bli, om ikkje god, så ikkje mykje dårlegare enn den femte og sjette. Filmen spelar på eit dårleg realitykonsept, lik «Big Brother» som var relativt ferskt og populært på den tida, men det blir meir komisk enn grøss og spenning. «Halloween»-magien som var tilstades i dei dårlegaste filmane (minus trearen), er også borte.
4/10
IMDb: 5.3/10 (19,902 votes)
Etter nedturen «The Curse of Michael Myers» er «H20» som gull Ã¥ rekne, med omsyn til heile filmserien har faktisk denne scener som kjem pÃ¥ øvste del av lista over minneverdige augeblinkar. Jamie Lee Curtis er tilbake og handling frÃ¥ «Halloween 3» tilogmed «The Curse …» har aldri skjedd. «H20» er bÃ¥de ein frisk nesten-omstart i franchisen og ein habil skrekkfilm, spennande og grusame scener som veg opp for eit par upassande og halvkomiske. Josh Hartnett debuterar utan Ã¥ prestere pÃ¥ topp, men er som omtrent alle andre i filmen del av den beste rollebestninga hittil. Manglar Pleasance. Svak sjuar.
7/10
13 episodar.
Bryan Fuller, mannen bak «Dead Like Me» og «Pushing Daisies» mislykkast med «Wonderfalls», serien blei kansellert etter fire episodar, grunna urettferdige, men naturlege samanlikningar med den hakket meir publikumslikte «Joan of Arcadia». Heldigvis kom tretten episodar på DVD, for dette er ei lita perle. Smart og frekk humor lik den i «Dead Like Me», og med eit solid skodespelarensemble der kjemien sit som eit skot. Søskenforholdet mellom Caroline Dhavernas og Lee Pace («Pushing Daisies») er ein ting som veks utover og er mykje moro. Synd serien blei kansellert, men første sesong er heldigvis fullstendig nok til å vere verdt utforsking.
Total Sci-Fi Online har laga ei liste over det dei meinar er dei hundre beste sci-fi-filmane. Eg har utheva dei filmane eg har sett, som er 73 av 100. Opne innlegget for å sjå heile lista.
Les resten av innlegget »
IMDb: 4.6/10 (718 votes)
«Road Trip» var ingen klassikar, og det vil aldri «Beer Pong» bli heller. Dei to filmane har lite anna enn DJ Qualls og ein road trip til felles. Dessutan er «Beer Pong» ein rett på video-film, noko som senkar forventingane betrakteleg. Ei gruppe collegestudentar skal komme seg til ei beer pong-turnering, og vegen dit blir trøblete. Filmen er uoriginal, forutan eit greitt forsøk på å forklare reglane rundt beer pong. Humor er forsøkt, men stort sett mislykka, du skjønar kva intensjonane er, men det er ikkje lagt sjel i arbeide, og filmen vil selge på namnet uansett standard.
4/10
10 episodar.
«Veronica Mars»-skapar Rob Thomas m.fl. har samla cirka alle frå «Veronica Mars» i hovud- eller gjesterollar i «Party Down», ein serie om midlertidige servitørar i catheringbransjen på vent etter filmrollar. Denne Starz-komedien har den høgste tettleiken av kjente skodespelarar eg har sett i ein serie, men det forblir den einaste store greia med serien. Toppen eit par gullete gullkorn i kvar episode, og ingen særlege karakterar å bli spesielt interessert i, bortsett frå sjefen i serien, som har litt av Michael Scott i amerikanske «The Office» over seg. «Party Down» vil nok aldri bli den store serien.
IMDb: 4.4/10 (7,534 votes)
Sjette film i serien manglar alt av spenningsoppbygging, her er det nedslakting i full fart. Det er i mellom drapa det skal skje bra ting, men her er det mangel på stader å bruke godord. Paul Rudd er på sitt mest anonyme. Forsøket på å nauste i hop trådane frå dei forrige filmane er det mest minneverdige, men det blir påtatt og tamt. Donald Pleasance leverar nok ein parodi på sin tidlegare Dr. Sam Loomis, og det ein dårleg. Diverre døydde Pleasance under produksjonen. Altså er dette nok ein film det går an å hoppe over for ikkje spesielt interesserte.
4/10