District 9 (2009)

IMDb: 8.6/10 (58,649 votes)

district9Eg stilte blank til «District 9», og enda opp med å bli positivt overraska. Ei velfungerande liksomdokumentarisk vinkling, heftig action, ukjente og difor «vanlege» menneske i rollane i eit stortslått scifi-eventyr med ei godt skapt historie i løpet av kort tid. «District 9» handlar om undertrykking og misforståingar, som gir grunnlag for å blande inn kamp mellom menneske og romvesen, sjølv om det føles feil. Helten vår er heller ingen moralsk voktar, noko som gjer han langt meir interessant, ettersom vala hans ikkje er gjort på human logikk. Samtidig er «District 9» enkel og lettfatteleg, og kanskje haustens kinovinnar.

8/10

Moon (2009)

IMDb: 8.1/10 (7,039 votes)

moon_ver2Førpremiere av «Moon» på Trondheim Filmklubb, som kanskje dukka opp i Noreg etter nyttår. Ein scifithriller satt til månen, med Sam Rockwell i hovudrolla som vedlikehaldsarbeidar av gruveoperasjonen som månebase er bygd opp for å drifte. «Moon» er like mykje ein thriller for alle som ein film som frir til fans av scifi. Den lykkast på alle område og det endar i ei ganske komplett kinooppleving, den er underhaldande, pirrar nysgjerrigheiten, set fart i dei små grå både under og etter filmen. Den er spennande og lykkast med ein liten dose humor. Duncan Jones lukkast godt med ein knallsterk debutfilm.

8/10
2 / 212