Archive for oktober, 2009
tirsdag, oktober 27th, 2009
IMDb: 6.3/10 (820 votes)
Sienna Miller og James Franco i ein intetsigande romantisk komedie om eit nygift par, beståande av ei godtruande jente og ein eks-kriminell som skal på bryllaupsreise. På sitt beste har «Camille» så absolutt det som skal til for å få fram litt kjensler. Innimellom desse små, gode stundene er det diverre for mykje bruk av tåpelege klisjear, kostymer og generelt greier med stygge fargar. Verken dritsekken Franco spelar, eller ei birolle av David Carradine kan redde nok ære til å gi «Camille» overvekt av god filmoppleving. Heilt blåst er den ikkje, for å røre gjer den trass mykje middelmåte.
5/10
Posted in Adventure, Alle, Comedy, Drama, Romance | Tags: 5, Gregory Mackenzie | No Comments »
tirsdag, oktober 27th, 2009
IMDb: 7.8/10 (52,170 votes)
I fleire år har eg unngått å sjå «Airplane!». Nok ein gong viser det seg at eg burde latt tida gå vidare utan å sjå den. Usikkerheita eg hadde til filmen på førehand var identisk med ei eg har hatt altfor mange gonger før. Ei suppe av altfor billege slapsticks pregar filmen tungt, og desse som nok ikkje var gode når «Airplane!» kom ut har heller ikkje tålt tida. Halvannan time i helvete står som eit seriøst alternativ versus eit gjensyn. «Airplane!» er som Steve Martin på sitt verste. Så har Jim Abrahams også laga den grusame «Scary Movie 4».
3/10
Posted in Alle, Comedy, Romance | Tags: 3, David Zucker, Jim Abrahams | No Comments »
tirsdag, oktober 27th, 2009
IMDb: 7.5/10 (4,767 votes)
Woody Allen er tilbake i New York med «Whatever Works», og med det ein nevrotisk og misantropisk karakter i hovudrolla. Larry David har fått hovudrolla og passar i grunn perfekt som den Allen-liknande Boris. For sjølv om Boris Yelnikoff er ein karikatur av ein person gjort med enkle komedie, har Allen klart å balansere han med å gi meir av seg og sine problem. «Whatever Works» er god på å bidra til å skape latter frå alvor, og har nokre av dei mest treffsikre replikkane eg har sett Allen skrive. Den var i all enkelheit ei svært positiv overrasking.
8/10
Posted in Alle, Comedy, Romance | Tags: 8, Woody Allen | No Comments »
tirsdag, oktober 27th, 2009
IMDb: 8.2/10 (22,419 votes)
Jesse Eisenberg går frå «Adventureland» til «Zombieland», men forblir den patetiske hovudrolla som har hamna i ein ufrivillig og kjedeleg situasjon. «Zombieland» er ei blanding mellom road trip og splatter. Trass i tittelen er det lite fokus på levande døde som anna eit farleg irritasjonsmoment som står i vegen under road tripen. Sjølv om irritasjonsmoment blir litt feil, for nedslaktinga er blant det beste filmen byr på. Dette og andre visuelle godbitar gjer at tynne replikkar, deriblant mange rotne one liners, ikkje blir så brysame. «Zombieland» er levande hjernedød underhalding, men også for lineær og uskuldig, og mangel på djupn.
7/10
Posted in Action, Adventure, Alle, Comedy, Horror | Tags: 7, Ruben Fleischer | 1 Comment »
mandag, oktober 26th, 2009
IMDb: 5.9/10 (27,812 votes)
Litt spenstig CGI har aldri skada, men det er klart at resultatet blir skuffande når dette er det einaste «G.I. Joe» har å by på ved sidan av opptreden til Sienna Miller. Det er som om ramma for ein heilt kurant actionfilm er på plass, men den er fylt med dei verste klisjeane frå 1990-talet og aldri tek dei små originale vendingane som gjer at ein kan tru ein ser noko nytt. I ein duell står «Transformers» fram som ein klassikar. Så er ikkje formålet med «G.I. Joe» å bli eit meisterverk, men det er heller ikkje artig underhalding.
4/10
Posted in Action, Adventure, Alle, Sci-Fi, Thriller | Tags: 4, Stephen Sommers | No Comments »
mandag, oktober 26th, 2009
IMDb: 5.6/10 (71 votes)
Av Andy Warhol med factory girl Edie Sedgwick. «Poor Little Rich Girl» handlar om heller lite. Den første halvtimen er bilde ute av fokus, og det er heller vanskeleg å få med seg noko bestemt. I den neste, og siste halvtimen blir bilde skarpt og Edie held ein samtale med ein venn off-screen. Opptaka er to lange takes, samtaleemna er lause, og location er ein del av eit rom. Det som er fascinerande med dette enkle og langdryge konseptet er at me kjem sopass tett innpå Edie, som spelar seg sjølv, sjølv om kontakten til kamera aldri er direkte.
6/10
Posted in Alle, Documentary, Drama | Tags: 6, Andy Warhol | No Comments »
fredag, oktober 23rd, 2009
Eventuelt berre ti filmar som ikkje nødvendigvis treng vere dei verste eg har sett, men som eg føler for å uttale meg om ein gong i blant. Som akkurat no.
- «The ‘Star Wars’ Holiday Special» — verst i verda
- «SuperBabies: Baby Geniuses 2» — nest verst
- «Catwoman» — null substans
- «Biggles» — grusam, alt ved den
- «Who’s Afraid of Virginia Woolf?» — så vanvittig keisam
- «Fahrenheit 9/11» — feil gjort, Moore
- «Ice Age: The Meltdown» — sovna på kinoen
- «This Is Spinal Tap» — oppskrytt
- «Sin City» — sovna
- «The Da Vinci Code» — mykje tullball
Posted in Annonseringar | Tags: toppliste | No Comments »
onsdag, oktober 21st, 2009
IMDb: 7.4/10 (34,621 votes)
Start med det positive. «Layer Cake» er for det meste eit oppgulp av den semismart forteljarstilen som har prega ein uhøgtidleg narkosjanger siste åra. Handlingsforløpet er simpelt, men blir omstrukturert og det dukkar opp eit par unødvendige karakterar. Så kvifor 6? Eg let meg rive med, trass i overflatiske svakheiter er dette eigentleg eit interessant følgje av karakteren til Daniel Craig, som ufrivillig blir pressa opp i eit hjørne, som blir lurt sjølv om han er smart, men som held seg innanfor ei ramme det går an å ta for realistisk (nok). Men eg vil tvilsamt hugse «Layer Cake» lenge.
6/10
Posted in Alle, Crime, Drama, Thriller | Tags: 6, Matthew Vaughn | No Comments »
mandag, oktober 19th, 2009
IMDb: 7.1/10 (29,947 votes)
US Armed Services Radio får ein ny DJ som irriterer på seg befalet, men blir elska av styrkane. Det som gjer «Good Morning, Vietnam» bra er DJen si smarte omgåing av reglar og opprør mot eit hinsides befalsapparat. Om nokon skulle passe som DJ er det Robin Williams. At filmen heller ikkje unngår det blodige alvoret i Vietnam og stiller seg kritisk til både forsvar av og angrep på militær sensur er positivt. Men så er likevel filmen keisam, masete, den blir for prega av det store bilete framfor små genialitetar, og difor også forutsigbar på ein mindre god måte.
5/10
Posted in Alle, Comedy, Drama, War | Tags: 5, Barry Levinson | No Comments »
søndag, oktober 18th, 2009
IMDb: 8.0/10 (847 votes)
I tilknyting Film frå Sør var den japanske regissøren Kore-eda på Noregbesøk og likegodt ein tur innom Trondheim. Trass i at hans «Nobody Knows» var i tyngste laget for meg, tok eg turen for å sjå «Still Walking». Denne var derimot det stikk motsette, nemleg eit hyggeleg og koseleg familiedrama, sjølv med det tristare bakteppe for handlinga. Eg let meg ikkje så reint lite fascinere av magien i ei enkel familiesamling. Kore-eda, som har brukt mor si som inspirasjon til mora i filmen, har troffe godt med lengde, stemning, karakterane og resultatet er ein film du må sjå.
8/10
Posted in Alle, Drama | Tags: 8, Hirokazu Koreeda | No Comments »