I «Shrink» får Kevin Spacey utfolde seg som den miserable og deprimerte psykiateren Henry Carter, busett i Beverly Hills og med eit stjernespekka klientell. Det er ingenting nytt ved Carter, han søv med klede på og røyker marihuana heile dagen, og det er pasientar med lette problem som grip inn og hjelper han ut av hans. «Shrink» sprenger altså ingen grenser, men er ein godkjent komedie om den miserable mannen, og ein film til å setje seg godt tilbake i sofaen med. For den bommar aldri stort, til trass for at den heller aldri treff midt i blinken. Den går.

Dette er ein film som lovar mykje, men som aldri innfrir. Byrjinga er langsam, men ikkje av det keisame slaget, både rollebesetning, staden for handling og den generelle stemninga gav meg i lag med den på førehand leste oppsummeringa av handlinga håp om ei inspirerande forteljing om urettferdig behandling og håp. «Dead Poets Society» klarar ikkje å nå dit hen at eg blir inspirert av motet eller rørt av ulykkelege skjebnar. Robert Sean Leonard viser potensiale, elles er det ein bleik gjeng me vitnar. Peter Weir behandlar nok materiale for lett og ei middels filmoppleving speglar dette. Grei, men mangelfull.
«They’re a Weird Mob» er eit portrett av møtet mellom ein veldig italiensk mann og eit veldig australsk Australia. Spesielt sprÃ¥ket som barrikade i dette møtet er framheva og klart. Det handlar om dei ulike mÃ¥tane ein kan møte eller ta i mot andre kulturar pÃ¥, og det heile er sett pÃ¥ spissen ved at Australia som sjølv er bygd pÃ¥ innvandring er staden dette skjer. «They’re a Weird Mob» lykkast bÃ¥de i sin enkle kulturkrasjhumor og framstilling av ein meir seriøs kamp for Ã¥ bli godteken som ny landsmann. I størst grad vinkla positivt blir det óg lun underhalding.
Britiske spesialsoldatar skal kidnappe ein tysk general. Deretter gjeld det å kome seg unna. Premissane er like i «Ni liv» og «Kampen om tungtvannet». «Ill Met by Moonlight» lykkast i å vere ein hyllest til bragda, sjølv om den ikkje alltid er like spennande. Som med fleire andre Powell & Pressburger-filmar er det eit nyansert bilete av dei mest sentrale karakterane, og ein respekt for personen trass i nasjonalitet og side i krigen. Eit nydeleg svart/kvit-foto må trekkast fram, som stadig slo tilbake og imponerte, og den forvirrande uoversatte tekstinga av blanda språk tilfører eit likevel positivt skilje.
Eg har lese boka, så det å forholde seg til filmen skulle bli interessant. Men så gjekk det utan problem, noko som i og for seg var det eg håpa. Filmen kutta ut ein haug med detaljar som er essensielle i boka, men det kjem den til gode, for det blir ein film til det fulle framfor ein film for adapsjonen sin del. Forskjellane undervegs er nok til å gjere det friskt, og til at eg aldri blir sittande å tenke at boka var betre. Ein svensk thriller på sitt beste er resultatet, med rom for innleving og nakkereisande reaksjonar.
Den tredje og siste DCUOAM-filmen for i år er ei blanding av mange superheltar og skurkar. Lex Luthor har blitt president og svertekampanjen mot uorganiserte superheltar som Superman og Batman, spesielt førstnemnte, kjenner ingen grenser. Egoet til Luthor styrer retninga til filmen, som også handlar om ein meteorittrussel. Animasjonsfilmen er ganske rett fram, har mykje action, men manglar det heilt store. Litt for ofte blir eg sittande å spørje meg sjølv kvifor Superman ikkje brukar varmeblikket og farten sin. Superman er ein vanskeleg karakter å lage spenning med, «S/B: Public Enemies» får kjenne dette, og blir aldri topp.
Det finst nok filmar om å finne seg sjølv, og at «Away We Go» handlar om to personar som skal finne «sin familie» er i bunn og grunn det same. Det som best kan skildrast som ein fin film, er ei reise frå den eine sære familien til ein anna med andre problem. I byrjinga verkar det noko tilfeldig, men etter kvart ser me at tankane til våre to anar den løysinga me har visst heile tida. Trass i eit klart og godt tema og skarpt skodespel manglar «Away We Go» det som skil den ut frå liknande sjølvutnemnd indiedramakomedie.
Etter forrige møte med David Lean, i form av «Brief Encounter», hadde eg ikkje dei høgaste forventingane til «Great Expectations». Men denne adapsjonen av romanen til Charles Dickens blei til ei betre filmoppleving. Ei nokolunde lik kjensle som dukkar opp når eg ser (dei gode filmversjonane av) «A Christmas Carol» kom til overflata her, og eg blei som arbeidsklasseguten i filmen sugd inn i ei rikare verd. Reint bortsett frå ein slutt som betyr lite er ingenting forhasta, filmen lukkast med ei oppstykkja historie og mistar aldri fokus på den sentrale karakteren i utforskingane i fleire tidsrom og ulike kjennskap.
Den nyaste frå Pixar var ein fin film, som ikkje innfridde heilt. Deler av ei god kinooppleving forsvann i eit hav av småsurr frå neste generasjon med djevelungdommar. Det som kan skuldast på filmen var den meiningslause 3D-en som heller resulterte i eit plastikkmonster i trynet og smalare widescreen, meir enn glede. Mitt første møte med 3D-kino skuffa litt. Men den vaksne tonen og at filmen til tider var hysterisk skygga over eit par for mange sløve bitar. Ein trist og urettferdig start danna eit godt grunnlag. Vippekarakter til denne strebaren etter perfeksjon, men Pixar har litt igjen.
Som den blaserte filmsjåaren eg er lever eg meg sjeldan inn i film, og animasjonsfilm er det verre med. «Ponyo» (på kort) hadde eg ikkje allverdens forventingar til, dei siste tre frå Studio Ghibli har i meir eller mindre grad glidd kjapt forbi bevisstheiten. Men «Ponyo» klarar å vekke meg igjen med magi og mektige naturkrefter, samtidig som den treff med det enkle. Eg blir sittande og forestille meg filmen gjennom augene til eit barn, all den spenninga og eventyret vesle Sosuke får oppleve. Samtidig treff den så veldig godt mitt innbilte vaksne sinn. «Ponyo» er klassisk god Studio Ghibli.
