Julekalender på Filmdagbok

julekalender.jpg

Snart advent, snart desember og snart julekalender. 1. desember betyr 1. luke i den 1. julekalenderen på Filmdagbok. Det blir mange nye innlegg om filmar der handlinga har med jul å gjere, der filmen har blitt laga som ein julespesial eller føregår rundt juletider. Det blir òg oppgulp frå arkivet som eg har finpussa på og framleis står for.

Litt oppdatert informasjon om julekalenderen (27. nov): Den har 24 luker. Det blir kortfilm, animasjon, komedie, europeisk film. Det blir dårleg film, god film, tradisjonar og nytt. Det blir litt jul, veldig jul, men berre jul. Det blir tilfeldig julefilm, lenge etterlengta julefilm og tidlegare sett julefilm. Det blir litt film frå mange sine favorittlister, men eit forsøk på å unngå for mange slike.

Alle innlegg vil bli merka med lukenummer og funnen på sida Julekalender 2009.

1. desember klokka 09:00 skjer det.

2012 (2009)

IMDb: 6.4/10 (22,969 votes)

2012Mayakalenderen skal ha det til at verda går under i 2012. Emmerich sitt forsøk på å gjere film av dette, er til dei grader utført på så klovnete vis at alle skeptikarar må ha ledd seg ihel før rekk å bli reddare. «2012» trengte ikkje vere så god for å fungere, gamle filmar som «When Worlds Collide» har drygare handling, men «2012» er så overausa med unødvendige klisjear, detaljar, og sirkus av spesialeffektar, både film og budsjett ville ha godt av ei «oppreinsking» i manus. Like den, den som vil, men «2012» er blotta for alt anna enn ufrivillig komedie.

3/10

Barbarella (1968)

IMDb: 5.6/10 (10,037 votes)

barbarella.jpg«Barbarella» er det beste frå to verder, herleg tåpelege b-film samtidig som den har vakre Jane Fonda i hovudrolla. Eit pulserande romskip med innreiing av pels i veggar og tak er basen til Barbarella, som uvitande om kva vondskap og våpen er, som barn under eit pasifistisk styre av verdsrommet, må setje ut på eit farleg oppdrag i å stoppe ei gjenoppblussing. Filmen rettar seg mot ei sensuell Barbarella heile vegen, og at det verka å skulle vere seriøst er noko som gjer det så vanvittig artig, når ikkje den tynne historia skin gjennom og det blir keisamt då.

6/10

Seksmisja (1984)

IMDb: 8.0/10 (3,008 votes)

poster-640.jpgPolen, 1984. Det er lov å stille seg litt skeptisk, nordmenn flest verka å ha ei innebygd tvil til landet, som berre blir forsterka dess lengre tilbake i tid ein dreg. «Seksmisja» er ein polsk science-fictionkomedie som i løpet av åra skal ha bygd seg opp ein dedisert kultfilmbase, noko som det kan vere vanskeleg å fatte før ein ser filmen. For utanforståande er det som regel den internasjonale tittelen «Sexmission» som møter ein, fylgt opp av det enkle handlingsreferatet: to menn i ei feministisk, fri for menn, framtid.

Den herlege kinoplakatane var det som fanga merksemda mi, i lag med ein tittel som ikkje kan gjere anna enn å vekke nysgjerrigheita kring kor vidt dette er ein seriøs film eller erotica som har snike seg til kinoen. Etter ein kort tur innom ymse nettsider går heller tankane mot ein dystopisk komedie.

To menn, Max og Albert, meld seg frivillig til å bli frosne ned i eit Professor Wiktor Kuppelweiser-eksperiment. Planen er å bli tint opp tre år seinare, men sånn går det altså ikkje. Max og Albert vaknar opp til ei verd utan menn, ein sivilisasjon under bakken med kvinner og atter kvinner som einaste menneske.

Andre ingrediensar i «Seksmisja» er billege spesialeffektar og sprø, elektronisk filmmusikk. Ideane er mange og fantasien er rik, og kulissene imponerande nok å sjå på. Gjennom alt dette lyser det ein humor som fungerer tilfredsstillande både frivillig og ufrivillig, samt ei historie du vil følgje utviklinga til. To essensielle sider for å gjere ei tilsynelatande simpelt setting berekraftig.

Det beste med filmen er at du heller ikkje treng å gå hardt inn for å like den, frå første minutt anar du at dette går den rette vegen. Du treng verken alkohol eller feststemning i taket for å le av den. No skal eg heller ikkje skryte for mykje av ein film som på mange måtar er litt enkel. Overbevisande skodespel og teknisk overlegeheit er ikkje-eksisterande. Men under komedien ligg det ei politisk stemme frå filmskaparen Juliusz Machulski, ein mann som blei svært så populær i Polen på 1980-talet med politisk satire og komedie.

«Seksmisja» har sin definitive sjarm og må seiast å vere ei positiv overrasking frå ein periode og geografi eg har lite kjennskap til. Det skadar ikkje å like science-fiction og ha låge forventingar til realisme for å sjå «Seksmisja», reint bortsett frå det er filmen verken spesielt einsretta mot nerden eller mot menn, trass i flommen av kvinner over skjermen.

8/10

Drag Me to Hell (2009)

IMDb: 7.3/10 835,737 votes)

drag_me_to_hell«Drag Me to Hell» er ein tur tilbake til ein sjanger fans av Sam Raimi kjenner han veldig godt frå med «Evil Dead»-serien. Det er skrekkfilm, men samtidig noko med forma som gjer det smått komisk, nok til at du ikkje slit ut stolen i mangel på original handling. Råvelde av djevelen er ingen ny ting. Samtidig er «Drag Me to Hell» eit meir seriøst forsøk på sjangeren enn «Evil Dead», utan at det gjer dei direkte samanliknbare. I blant blir den litt anonym og platt, men for det meste er filmen god på akkurat det den skal vere.

7/10

Interview (2007)

IMDb: 6.9/10 (7,152 votes)

interview_ver2Steve Buscemi er den frekke og utnyttande journalisten som får jobben å intervjue skodespelarstjerna spela av Sienna Miller. I filmen som Buscemi sjølv står som filmskapar bak får du ei dialogdriven handling som i stor grad føregår i karakteren til Miller si leilegheit. Den utspekulerte og mørke naturen til desse to karakterane, som i blant snik seg til overflata, resulterer i ein herleg, i blant rørande, i blant skremmande, dans av ein film. Du kan ikkje anna enn elske å hate både Buscemi og Miller i dette, som er den type film som viser det egoistiske, naturstyrte menneske under press.

8/10

All Quiet on the Western Front (1930)

IMDb: 8.1/10 (19,131 votes)

all_quiet_on_the_western_front«All Quiet on the Western Front» er ei sterk og ikkje minst storslått krigsforteljing og kampskildring av først verdskrig, der over 20 millionar mista livet i løpet av fire år ved ein front som aldri forflytta seg. «All Quiet on the Western Front» får fram nettopp dette som gjer krigen så mykje meir meiningslaus enn krigar generelt er. Sei meg gjerne i mot viss du har ei anna oppfatning av krigar. Sidan det sjeldan skjer meir enn ei stadig nedgraving av karakterane i håpløyse blir diverre òg filmen litt for lang og keisam i forma med 2.5 time på seg.

6/10

Starsky & Hutch (2004)

IMDb: 6.2/10 (44,852 votes)

168starsky_and_hutchEin herleg og enkel, frisk komedie med Ben Stiller og Owen Wilson. «Starsky & Hutch» er ein av desse filmane med desse to som lykkast i å dit hen å basere seg på to over toppen karakterar, og med endå drygare innslag av desse som utkledde spanarar. Sett til eit fargerikt 1970-tal og med eit funkprega lydspor har «Starsky & Hutch» det som skal til for å danne ei lett og lystig stemning, og er på langt veg der ein komedie som ikkje støttar seg til alvorsstunder for å framheve humoren, kan vere. Ein film blant dei rosverdige av the fratpack.

7/10

Battlestar Galactica: The Plan (2009)

IMDb: 6.7/10 (1,792 votes)

Battlestar Galactica The Plan DVD«The Plan» er for folk som har sett serien «Battlestar Galactica», og kan tenke seg svar på eit par spørsmål som aldri blei svara på undervegs. Det vil ikkje sei at den svarar på alt, og spesielt det som kan sjåast på som overnaturleg ved serien er utelaten. «The Plan» handlar om Cylons først og fremst, og fortel om deira side i krigen. Modellen «One» står i fokus, vinklinga mot Cylons er om ikkje akkurat fartsfylt, så grei nok på informasjon. Som supplement er dette greit, som film er det mangefullt og litt unødvendig. På ein god dag, godt nok.

6/10

Stalag 17 (1953)

IMDb: 8.2/10 (18,674 votes)

stalag_seventeenI brakke nummer fire, i ein fangeleir i Tyskland, er det 75 krigsfangar som lever under relativt dårlege forhold. Dei prøver i blant å rømme, men det viser seg at fangeleirsjefen alltid får med seg kva som er i ferd med å skje. «Stalag 17» er ein krigsfilm med humor, av det gode slaget, stødig regissert av Billy Wilder. Det er ein film om kameratslege band og den mørke sida bak det å ikkje passe inn i eit miljø prega av misnøye og sjalusi. Denne flotte blandinga av tema gjer seg godt i krigsfilmsamanheng, og «Stalag 17» viser dette godt.

8/10
1 / 3123