Beste film: 2009
tirsdag, desember 29th, 2009
Etter eit år med fråvere av årsliste har eg nok ein gong rørt saman ei liste over favorittar. Kjapp samansett og full av cirkaplasseringar, men god nok til å få med dei eg tykkjer mest om.
Kor er «Avatar» spør du kanskje deg sjølv? Den har eg ikkje sett. Kva med «2012»? Den er heller ein kandidat for «10 filmar du like godt kan dø før du ser»-lista.
Litt om topplasseringen, «Funny People», ein av fleire på årslista eg ikkje har skrive om. Dette er utan tvil Judd Apatow sin beste film hittil; vaksen, full av god humor, lett tilgjengeleg, godt drama som står i god kontrast til komedien, lista er lang. Sjå den, det er oppfordringa!
Resten av lista er i stor grad prega av blandinga drama og komedie, pluss ein og anna blockbuster. Om ikkje den heilt store variasjonen, så fullt ut mi liste. Eg har knapt sett ein brøkdel av filmane som kom i år, og har fått mang ein favoritt frå tidlegare år i løpet av 2009.
Lenker
1. Funny People 2. The Boat That Rocked 3. Whatever Works 4. The Girlfriend Experience 5. District 9 6. (500) Days of Summer 7. Moon 8. Män som hatar kvinnor 9. Adventureland 10. Paper Heart
11. The Hangover 12. Watchmen 13. Arlen Faber 14. Zombieland 15. Drag Me to Hell 16. Up 17. I Love You, Man 18. Away We Go 19. Star Trek 20. 17 Again
Teen noir har eksistert ei stund. Forenkla kan teen noir skildrast som ungdomsfilm med inspirasjon frå film noir eller neonoir med ungdommar. Skiljet har ikkje akkurat blitt definert, men ei masteroppgåve frå Universitetet i Bergen er å finne på problemstillinga. Filmen «Brick» og TV-serien «Veronica Mars» er blant dei mest refererte titlane til når det gjeld denne sjangeren, stilen eller rørsla. «Assassination of a High School President» med sine tydelege sjangertrekk kan så gjerne tilførast kanonen.







