Noel (2004)

IMDb: 6.3/10 (2,398 votes)

noel_ver2_xlgLuke nr. 16. Ikkje alle har det like kjekt til jul, mange er åleine og fleire har samlivsproblem som bles ekstra opp når det er meininga ein skal ha det ekstra bra. «Noel» tek for seg eit lite utval slike skjebnar, og gir dei håp i desse mørke tidene.

I dei mest sentrale rollane finn me Susan Saradon, Paul Walker, Penélope Cruz og Alan Arkin. Ingen leverer rollar verdt å bli Oscarnominert for, men alle solide nok for det filmen gir av forventingar. Av desse er det rolla til Saradon som blir den eg knyter sterkast til då ho, utan å oversjå dei andre sine problem, er den som fortener mest. Moglegheita til å lett knyte seg og spele på sterke sympatiske trekk i karakterane gjer at det er lett å bli rørt av filmen, men det er ikkje å nekte for at filmen ligg på kanten til å bli for sentimental, ikkje alt er lett å like, og noko moderne juleklassikar er det ikkje snakk om.

«Noel» er fin å setje på viss du vil ha eit godt og seriøst drama, men ikkje er ute etter tragiske juleforteljingar som dreg deg under. Den rundar av på fint vis, og det er det.

7/10

A Charlie Brown Christmas (1965)

IMDb: 8.4/10 (9,080 votes)

charliebrownLuke nr. 15. Mitt første møte med gjengen i «Knøttene» og eg føler godt at eg får med meg mange av tinga som utgjer denne serien. Det fell likevel ikkje meir enn sånn akkurat passe i smak. Både denne og andre eldre animasjonsfilmar har nok så sterke røter i juletradisjonar at det vanskeleg kan vere noko å hente ut av IMDb-rating for ferske for Charlie Brown som meg.

Charlie er deprimert og ser ikkje poenget med jula, det har litt med kommersialiseringa av jula å gjere, men meir med at Charlie er den personen som klagar. Sally prøver å hjelpe han ved og gjere han til ansvarleg for juleførestillinga, noko som endar i kaos då både han ikkje har det som skal til, og resten av ungane har konsentrasjonsnivå lik… barn.

Det skjer for lite her til at det blir artig nok, eg klarar ikkje sjå den store gleda i å vitne håplause ungar som ikkje gjer anna enn å repetere seg sjølv over ein halvtime. Blotta for humor er det derimot ikkje, eg synst blant anna at Snoopy er ein morosam hund og det er ikkje å nekte for at nokre av dei andre ungane òg glimtar til. Ein ny julefavoritt vil eg likevel sjå lengre etter.

5/10

8 femmes (2002)

IMDb: 7.0/10 (12,811 votes)

eight_women_ver1Luke nr. 14. Åtte kvinner og ein død mann, det er utgangspunktet for «8 femmes», ein adapsjon av eit skodespel som kryssar krim og musikal. Åtte kvinner, dei fleste i familie med kvarandre, blir tvinga til å forlenge samhaldet i nærvær av kvarandre då mannen i huset blir funne drepen. Vidare følgjer ei nesten to timar lang førestilling der kvinnene prøver å avsløre kven av dei som kan vere mordaren, for det er klart at ingen andre har hatt moglegheita.

Innesnøa og med kald stemning seg i mellom, «8 femmes» er ei framsyning av slu kvinner som manipulerer, hatar og elskar kvarandre, sjølv om det ofte er vanskeleg å definere den eigentlege naturen til karakterane. Studie av kvinnene som med dramatisk endring i humør like gjerne kunne hatt ti døde menn i etasjen over som ingen utan å oppføre seg annleis, blir både fascinerande og tidvis rimeleg keisamt. Mordet forsvinn i bakgrunnen og det er lite igjen som gjer dette til ei samanknytt filmoppleving. Dei musikalske innslaga er fine, om enn meir små pausar av lite kraftfulle songar enn noko anna.

Resultatet er ein altfor lang film om litt for lite, når mordhistoria må bli avslutta sit eg ikkje igjen med interesse for verken løysing eller utfallet til eventuelt skuldige og uskuldige som har fått pepar undervegs. Godt skodespel av kjente franske skodespelarinner er blant det positive, så å mislike «8 femmes» er ingen alternativ for min del heller.

6/10

How the Grinch Stole Christmas! (1966)

8.4/10 ( 17,112 votes)

SC00016-bigLuke nr. 13. Oppi fjellet bur Grinchen, og han likar ikkje julefeiringa som går føre seg nede i Whoville, så han bestemmer seg for å setje ein stoppar for høgtida.

Kortfilmen frå 1966 er over timen kortare enn langfilmen frå 2000, men manglar ingenting ved seg som Ron Howard gjer annleis i lag med Jim Carrey. Grinchen får både tid til å mislike, stele og levere tilbake tjuvgodset, då det går opp for han at jul er meir enn gåver og pynt.

Med ein så enkel, så viktig bodskap, er det ikkje nøye om årsakene til hatet i byrjinga forblir uvisst. Når i tillegg dette er ein sprek teiknefilm som både får fram sin eigen stil og aldri blir keisam å sjå på. «How the Grinch Stole Christmas!» har i tillegg Boris Karloff som forteljar og stemma til Grinchen.

7/10

The Star Wars Holiday Special (1978)

IMDb: 3.7/10 (3,673 votes)

star wars holiday specialLuke nr. 12. Litt historie først. Denne TV-spesialen blei sendt for første gang på CBS i 1978 som ein julespesial. Ideen var forfatta av George Lucas, men han hadde ingenting å gjere med filmen utover det. Når han så såg resultatet nekta han TV-kanalen å sende den, men det stod i kontrakten at den skulle bli sendt minst ein gong, og resten er historie. For meir enn det har den aldri blitt sendt. Den har ikkje vore i nærleiken av å nå eit anna medium. Heldigvis, viss det går an å sei det på den måten, var det nokon som tok opp programmet.

Grunnen til at eg ville sjå denne greia, som eg aldri hadde høyrt om før eg las om den i teikneseriebladet «M», var ei slags filmmelding i nummeret med tittelen «M Superalbum». For å sitere:

Det finnes flere typer «dÃ¥rlig» film. Morosam/dÃ¥rlig, som «Plan 9 From Outer Space», for eksempel — og sÃ¥ dÃ¥rlig/dÃ¥rlig, som «Alexander». Og sÃ¥ finnes det kjedelig/dÃ¥rlig, og irriterende/dÃ¥rlig og hÃ¥pløst, begredelig, gudsjammer/dÃ¥rlig. Og sÃ¥, et par hakk til lengre ned pÃ¥ stigen, nÃ¥r man trodde man skulle ha nÃ¥dd bunnen for lengst — se der er «Police Academy: Mission to Moscow». Og sÃ¥ et godt stykke under den igjen, finner man omside «Star Wars Holiday Special».

Dette her er jo åtvaring på sitt sterkaste, men åtvaringar av den typen er ofte freistingar til å gå imot. Eller?

Kvaliteten var det første som slo i mot meg, som eit hardt og brunt slag i trynet. Ta noko av det dårlegaste du har sett på YouTube, legg til ekstra støy, gjer det endå meir uskarpt og du har nesten kvaliteten her. Det er ikkje alltid bilde- og lydkvaliteten skal ha noko å sei på ein film, så lenge ein film er god nok, så har eg tålt mykje. Men her blei eg kvalm.

SÃ¥ til sjølve filmen. Historia er tam som ein fjert i verdsrommet, og dÃ¥ ser eg for meg at ein ikkje kan lukte der. Det er som du hÃ¥par pÃ¥ Ã¥ mÃ¥tte gÃ¥ pÃ¥ do, sÃ¥ filmen kan spele vidare utan at du har sett den pÃ¥ pause — akkurat som pÃ¥ kino.

Dei musikalske innslaga måtte eg seriøst spole forbi. Då det var igjen 25 minuttar av videofila, legg merke til at eg no har gått bort i frå å kalle dette ein film, fann eg fram eit teikneseriehefte og lét greia gå i bakgrunnen, med nedsett volum for ikkje å gjere meg fullstendig galen. Ein plass går grensa for kva eg kan fullføre, og eg trykka stopp 10 minuttar før slutt. Men det var for seint. Handlingsreferat er vanskeleg å skrive, eg står over.

Musikken her er kanskje verdt å nemne igjen, det høyres nemleg ut som ei atombomba speledåse her. Eg har aldri følt meg så tom innvendig som då eg pinte meg gjennom dei første 20 minuttane med grusom musikk og uforståeleg wookie-prat utan teksting..

Eg skriv ikkje særleg meir, du har forstått poenget. Det finst ikkje ein positivt ting å sei om dette. Eg er ein idiot som såg så mykje av den som eg gjorde, og veit ikkje heilt kva eg ville oppnå. I forhold til det andre eg har gitt den dårlegaste vurderinga på Filmdagbok, så er dette dårlegare. Hadde IMDb hatt eit 0-punkt… Ein så dårleg film skal eg aldri sjå igjen.

1/10

Un conte de Noël (2008)

IMDb: 7.3/10 (1,663 votes)

un-conte-de-noel-1-gLuke nr. 11. Elizabeth har støytt ut den yngre broren sin frå livet sitt, noko heile familien lid av. Då mora deira får kreftdiagnosen fem år seinare er det lite som kan hindre ei familiegjenforeining rundt juletider.

Det handlar ikkje så mykje om ein dysfunksjonell familie, då det mest er forholdet mellom Elizabeth og broren Henri som er trøyttande, men om ein familie med mange individuelle problem. Lite julestemning er det å hente, med mentale problem og kjølige familierelasjonar på plakaten.

Det er nok her til å bli god film, synd er det at ein del glir vekk i litt mange sidesprang og nesten tilfeldige innslag av forteljarstemme, som på langt nær verkar som ein gjennomtenkt sak. «Un conte de Noël» set lys på mange spesielle situasjonar undervegs, men ei forventa stemme frå filmskaparen glir smått bort i alt levenet. Godt er det då med fargerike karakterar som både utfyller og støyte frå kvarandre i dette møte, og til ei viss grad klarar å tilføre filmen noko å bli interessert i.

6/10

A Christmas Story (1983)

IMDb: 8.0/10 (49,071 votes)

christmas_storyLuke nr. 10. «A Christmas Story» er ein julefilm på kjent vis, familievennleg og utan særleg negative overraskingane. Regissør Bob Clark har forteljarstemma og gir, i eg-person, stemme til 9-årige Ralphie ein desember månad omkring 1940.

Det var flott korleis filmen så godt fortalde historia frå perspektivet til eit barn, slik at eg sjølv levde meg inn og kjente meg igjen i dei universelle tema filmen tek opp. Trass i at det er 50 år mellom min eigen barndom og den til Ralphie. Tida før jul der ein går og ønskar seg eit spesielt leikety utarta seg nok ikkje på same måte i dag, fleire ungar får det dei ynskjer seg seg mest. Men sidan eg for nokre år sidan, når eg var på denne alderen, aldri fekk garantert toppønske mitt, så treff denne godt.

No handlar ikkje filmen berre om leikety. Den gjer meir enn å sende meg tilbake til barndomen igjen. «A Christmas Story» er utruleg hyggeleg, ein kosele, morosam og vennleg film, der glede ligg i dei små detaljane. Alt fell naturleg på plass i tilvere til familien Parker, ein humrar meir enn å bryte ut i gapskratte. Verkeleg ein solid julefilm.

8/10

Nothing Like the Holidays (2008)

IMDb: 6.2/10 (918 votes)

nothing_like_the_holidaysLuke nr. 9. Jesse kjem heim frå Irak, Roxanna frå Los Angeles og Mauricio frå New York for å feire jul med resten av den Puerto Ricanske familien sin i Chicago. «Nothing Like the Holidays» er ein tradisjonell julefilm når det kjem til å samlast for å feire i lag med dei næraste, og med problem som følgjer av eit slikt møte.

Familie, drama og humor. Det er ingenting å utsetje på det her. Temperaturen under taket er høg og diskusjonane ofte glødande, om filmen viser til faktiske Puerto Ricanske skikkar er eg usikker på, men i tilfelle var det òg litt opplysande.

På skodespelarsida finn me gamle travaren Alfred Molina og «Six Feet Under»-stjerna Freddy Rodríguez, men det er Luis Guzmán – som alle burde kjenne til no – som får mest ut av karakteren sin og bidreg til dei artigaste scenene.

«Nothing Like the Holidays» får fint til å bli både latino- og julefilm, og blir ekstra artig fordi det er den første filmen av denne blandinga eg har sett. Den største forskjellen i verda er det nok ikkje mellom denne og eit gjennomsnittleg amerikansk familiedrama sett til juletider, f.eks. «The Family Stone» som den kan bli samanlikna med, men det er nok til at den skil seg positivt ut.

7/10

The Muppet Christmas Carol (1992)

IMDb: 7.4/10 (9,692 votes)

muppet_christmas_carolLuke nr. 8. Ei juleforteljing av Charles Dickens har blitt framstilt i tallause variantar, det skulle berre mangle at ikkje dei Jim Henson-skapte tøydokkene skulle få sin eigen.

Muppets har for vane å få ein til å hygge seg, og det er ingen veg utan her heller, sjølv om nok «The Muppet Christmas Carol» er prega av at historien er litt trist veit ein at det vil gå bra til slutt.

Stemninga er til å ta på i den mørke og snørike juleforteljinga. Som gamle og gretne Scrooge har me den formidable Michael Caine. Scrooge mislikar både dei glade menneska og sløsinga som skjer rundt juletider i so stor grad at det påverkar dei rundt han til det verre. Ei natt får han besøk av tre spøkelse som viser innverknaden han har hatt, har og vil komme til ha – viss han ikkje forandrar seg.

Muppets åleine har vore grunnen til at eg har sett denne tidlegare, men utan det klassiske verket til Charles Dickens kunne fort dokkene rota seg vekk i snøen. Dei er ein fryd å ha med å gjere når det er i strikt regi, men kan lett sjangle som ein akevittfull julenisse viss manuset har opning for å gå inn i mellom anna den usikre karakteren til Kermit.

So det du har her er altså det beste frå to verdenar, Muppets i sitt ess og ei kjekk – og langt i frå fjern – tolking av ei klassisk juleforteljing. Eit nydeleg teknisk arbeide er nok med på å skape akkurat den kulda her og varmen der som skal til for at karakterane fell på plass i miljøet, og at du vidare får nettopp kjenne dei på kroppen og då skapar ei interesse for å følgje med på dei ut filmen.

6/10

Pettson och Findus 3: Tomtemaskinen (2005)

IMDb: 6.2/10 (70 votes)

nissemaskinen_lLuke nr. 7. Gubben og katten er ute på nye eventyr i den tredje filmen, ei samling av hendingar rundt juletider. Katten ynskjer seg besøk av nissen til jul, og Gubben må stå hardt på for å finne opp ei nissemaskin så katten ikkje blir skuffa. Katten er smart nok til å forstå at Gubben vanlegvis er julenissen, og Gubben har teke litt vit til seg og forstått at Katten har fått med seg dette, så han ser etter ei anna løysing.

Historia er enkel nok, som ein kan forvente av ein barnefilm barnefilm, men trass inga spesiell oppbygging eller vendingar er det morosamt nok. Teikningane har eit rikt detaljnivå og er passe sprø, noko som gjer dette til god underhaldning for både barn og vaksne. Det skal likevel nemnast at eg har hatt eit forhold til «Gubben og katten» frå barndommen av.

Tidlegare har det komme to «Gubben og katten»-filmar, den første er nok framleis favoritten min med historia om pannekakerøra. Uansett er det jul, og «Tomtemaskinen» er god som gull når det kjem til animert julefilm.

7/10
2 / 3123