Brief Interviews with Hideous Men (2009)

IMDb: 5.9/10 513 votes

John Kransinski har gått frå den amerikanske versjonen av «The Office» til regissørstolen med «Brief Interviews with Hideous Men». Her forsøker han å lage ein over gjennomsnittleg smart film, med djupe samtalar som viser at enkle personar er meir komplekse på innsida.

Det handlar om ei kvinne som jobbar med avhandlinga si. Tema krev at ho intervjuar menn om deira syn på, behandling av og observasjon av kvinner. Nyleg ut av eit ikkje fullt så hyggeleg enda forhold sjølv, kjem det naturleg at arbeidet går parallelt med hennar personlege liv i filmen.

Den gode samtalen er ofte tilstades, og Krasinski sjølv dukkar opp med ein av dei betre monologane eg har sett på aldri så lenge. Men bak samtalen kjennes det meir som filmen strevar etter erkjenning og lite anna. Handlinga manglar motivasjon, og det hjelp ikkje på dei anonyme karakterane at det er mindre anonyme skodespelarar som spelar dei.

«Brief Interviews with Hideous Men» var altså først og fremst ein skuffande adapasjon av boka til David Foster Wallace. Men den hentar seg inn på det eg kallar den gode samtalen. Og eg har eit inntrykk av at dette eigentleg er ei god historie som diverre berre har blitt litt dårleg formidla.

6/10

Spread (2009)

IMDb: 6.1/10 (5,640 votes)

Draumen om å bli stor filmstjerne trekk mange unge folk til Los Angeles, og flesteparten mislykkast. Filmstjerne er likevel ikkje den einaste vegen til eit luksuriøst liv på vestkysten, Nikki (Ashton Kutcher) livnærer seg på å sjekke opp og flytte inn hjå rikare kvinner i 40- og 50-årsalderen.

Det heile er ein form for svindel eller utnytting, Nikki har berre eit mål, det er å kunne leve i ein bra kåk, ha råd til å feste og ligge rundt med yngre kvinner så snart eigaren reiser bort eller noko. Ingen av forholda hans varer spesielt lenge heller, når krav om forplikting stig mot overflata eller dama byrjar å bli keisam, er det tid for å finne ei ny.

«Spread» er mykje ein film om pene menneske og pengar, trass i at dramaet dreiar seg om den fattige karakteren Nikki. Men det er ikkje til å unngå og trekkje fram at uansett storleiken på lommeboka hans, så er garderoben hans beståande av merkeklede frå topp til tå.

Tek ein då filmen for det den er, og unngår å forvente ei formidling av ei urettferdig eller i det heile ei realistisk skjebne, så er dette ei underhaldande historie. Den fortel om eit eventyrleg liv og gir eit lite innblikk det gode liv i draumefabrikken rundt Hollywood.

Litt moralisering finst, men stemma til filmen er ikkje fullt så kritisk som den kunne ha vore. Alvor finst, som det bør for ikkje at filmen skal bli for sukkersøt, mest for karakteren sin skuld, ikkje for at filmen nødvendigvis skal fortelje noko av betydning. Det minnar meir om ein hipp 1980-talsfilm, der folk spradar rundt i moteriktige klede, har sex med alt og alle, forskjellen ligg i det totale fråvere av narkotika i «Spread».

Dette er ein film rosa av filmkritikarane, eller ein som har sÃ¥ mykje Ã¥ fortelje, men eg likte den, stemninga den sette meg i og korleis den tek fokuset over frÃ¥ kva som vil skje til slutt mot det som skjer undervegs. Den er smÃ¥tt cheesy, men om det gÃ¥r an Ã¥ sei — i positiv forstand.

6/10

Jersey Shore sesong 1

10 episodar.

«Jersey Shore» har teke USA med storm. Michael Cera har stått fram og vist si begeistring for serien, Saturday Night Live har parodiert den og dei største talkshowa har gjesta karakterane, og det som kjenneteiknar ein suksessreality har vist seg; showet har fått massiv kritikk.

Konseptet er verken nytt eller spesielt innvikla, åtte personar i 20-åra frå New York-område, har blitt samla i eit hus ved kysten av Jersey. Ein populær stad for feriering og festing. Felles med desse folka er at dei kallar seg sjølv for «guidos» og «guidettes», som i all hovudsak i denne serien betyr at dei er italienskætta, jålete og fokusert på utsjåande, opphengt i å feste og sjekke opp folk. Sånt blir det god serie av!

Årsaka til at «Jersey Shore» har teke av er dei sjukt overdrivne personlegheitene til karakterane. Dei er enten passe dumme, fikserte eller dramatiske, eller ein drøss med andre tåpelege ting, og gjerne alt på ein gong, alle sidene er drege godt utover det naturlege mettingspunkt.

Eksempelvis har du Mike «The Situation», som stadig referer til seg sjølv som «The Situation» i tredjeperson, samtidig som han skyt inn ordet situation i alle situasjonar der det er mogleg. «The Situation» er òg kallenamnet på magemusklane hans, som han viser så ofte han kan.

SÃ¥ er det Pauly D med sin ikoniske hÃ¥rsveis, som han visstnok skal bruke over 25 min. pÃ¥ Ã¥ stelle i stand, og minst ei tube gele vil eg anslÃ¥. Han, som dei andre, er opphengt i TGL — tanning, gym, laundry.

Resten av folket er ikkje dårlegare! Det er ei altfor stor oppgåve å vise rettferdigheit ovanfor persongalleriet her, ettersom alle har så mange sider som må trekkast fram for å gi lys over kor overdrive dette er.

Det er ikkje garantert at du vil like «Jersey Shore», men for meg var dette så over toppen at eg blei fascinert allereie under introduksjonen av karakterane i første episode. Ved dramaet her er det ingenting nytt, dette er til for å bygge opp rundt fargeklattane av folka som J-Woww, Sammi og resten. Er originalitet noko du er på jakt etter styrer du unna. Kan du finne gull i søppel derimot, er det berre å setje seg ned.

Personleg har eg blitt hekta, ikkje berre av serien, men òg av alt oppstyret rundt den, den massive responsen på internett og i TV-kanalar. Denne serien ser ut til å ha like mange fans som set pris på kor tåpeleg det er som likar dette på grunn eit «seriøst» grunnlag, og det resulterer ein mangfaldig straum av tilbakemeldingar.

The Proposal (2009)

IMDb: 6.8/10 (29,869 votes)

«The Proposal» er den mest innbringande filmen med Sandra Bullock hittil, så med tanke på at «The Blind Side» som òg kom i 2009 blei den mest innbringande filmen i løpet av ei opningshelg for Bullock, så har den 46 år gamle kvinna gjort det skarpt det siste året.

Om «The Proposal» er ein fullt ut like skarp film kan diskuterast, men dårleg er den ikkje. Eit par ting skal vere sagt om denne type romantisk komedie, det er den typen som stadig vekk kjem tytande ut av dei store studioa, og der mesteparten er heller dårleg. I blant dukkar det derimot opp ein som du kan setje pris på, og sjølv om det kom langt betre komediar i løpet av 2009, er «The Proposal» verdt å nemne akkurat innanfor sitt felt. Eg viser då til bilete og tittelen, som du bør knyte visse assosiasjonar til.

Det er i grunn liten vits å seie noko om handlinga, det er verken originale vendingar eller ekstraordinære skodespelarprestasjonar å finne her. «The Proposal» er likevel passe frisk, den har humor som fungerer og sin del av små, hjertevarme augeblikk. Eg føler likevel, som eit innstikk her, at det blir viktig å åtvare dei som har ein generelt høg terskel for kva som ikkje er kvalmande søt romantisk komedie, då vil denne mest sannsynleg ikkje vil falle i smak.

For oss andre, som kan setje pris pÃ¥ ein film med store filmstjerner i rollane, som blir forelska over den eine klisjeen og under den andre, sÃ¥ er «The Proposal» godt over gjennomsnittet — i ein sjanger der mykje ligg under gjennomsnittet. Det betyr ikkje at dette er ein film som er god fordi andre liknande ofte er dÃ¥rlege, men fordi Bullock og Reynolds utgjer eit godt team og resultatet av dette møtet blir ein til tider nydelege film, med smÃ¥ stunder som bÃ¥de kan fÃ¥ deg til Ã¥ le og tenke — dog, ein skal ikkje overdrive tanken om tenkinga.

7/10

The Abyss (1989)

IMDb: 7.5/10 (47,168 votes)

James Cameron har laga ein spennande film med «The Abyss», eit undersjøisk eventyr innblanda med kald krig og utanomjordiske vesen.

Eit avansert farty drifta av godaste Ed Harris, blir sett inn for å hjelpe militære i å hente ut teknologi i frå ein havarert ubåt. Dette medfører eit basketak mellom usympatisk militært personell og dei litt for kjenslestyrde, dediserte personane som driftar redningsfartyet.

«The Abyss» er fiffig i oppbygging av spenning og det er eit sjakktrekk å plassere handlinga på botnen av havet, ekstra langt nede. Trusselen det høge trykket på alle kantar medfører set alle konfrontasjonar innvendig ekstra på spissen. Dette blir så effektivt at stereotypane Cameron brukar som rollefigurar, som eg ikkje har særleg i mot, blir tilsløra akkurat så mykje som det skal til for å svelgje det.

Store ord blir preika og det heile er ikkje i nærleiken av å vere realistisk, men «The Abyss» gir både grøss og kaldsveitt rygg på sitt beste, og oppnår innimellom litt av den klaustrofobiske atmosfæren som Ridley Scott fekk til i «Alien».

Svar på eventuelle spørsmål om «The Abyss» er verdt å sjå, kjem heilt an på i kva grad du forventar eller forlanger skikkelege rollefigurar og ei i heilheit original forteljing. Du får ingen av delene her, men innanfor dei rammene som eg har prøvd å setje her får du god spenning i massevis.

7/10

Twister (1996)

IMDb: 6.0/10 (58,563 votes)

DÃ¥ eg for kort tid sidan hadde eit gjensyn med ein gammal favoritt innanfor katastrofesjangeren, vulkanfilmen «Dante’s Peak» med Pierce Brosnan og Linda Hamilton, kom eg like etter innpÃ¥ «Twister» i ein samtale, og bestemte meg for endeleg Ã¥ sjÃ¥ den.

Då «Twister» kom i 1996 kan det godt hende den var imponerande. Massive tornadoar gjort realisert for lerretet med den ypparste animasjonsteknologien tilgjengeleg, det er ikkje effektane det står på den dag i dag heller. Ikkje storleiken på tornadoane heller, deira øydeleggjande kraft går nærare innpå meg enn den fatale katastrofen (i) «2012».

Det som ikkje fungerer i «Twister», om det skulle vere tvil kor eg stod i forhold til filmen med eit innleiande tonefall som så, er forma på filmen. Det som kjenneteiknar så mange store filmar på 1990-talet, desse klisjeane, og karakterar så eindimensjonale at radioaktiv stråling får deg til å kjenne betre. Eg snakkar her om kombinasjonen av overdriving, graden av føreseie og karakterar som du ikkje likar av di dei manglar snev av fornuft i toppen. Det treng ikkje vere eit problem at filmar inneheld litt av dette, men i «Twister» er mangelen på spenning og irritasjonen frå karakterane diverre for mykje av det gode.

Grunnen til at eg tok det negative først er at eg rett og slett ikkje kan anbefale filmen, så om du blir prega av den innleiande kritikken har eg oppnådd det eg ville. Men eg skal likevel slenge på nokre positive ord på tampen, for å forsvare den middels karakteren.

«Twister» har dramatikk, den rettar søkelyset mot øydeleggingane naturen kan og stadig vil halde fram med å gjere. Tematisk er den interessant, og sjølv om det mest er tomme, kjappe ord og stilig datadilling, dukkar det opp eit par fakta her og der som er fint å ha med seg. Greia er likevel at alt dette og mykje meir kunne ein ha fått i eit dokumentarprogram.

Det største problemet, og det filmen vinn på, er at den er så gjennomsnittleg, den er laga med ei stødig hand, men er uoriginal, effektane er gode, men blir misbrukt.

5/10

Cocoon (1985)

IMDb: 6.6/10 (16,251 votes)

I namnet åt kort oppsummering, utanomjordiske vesen er på planeten vår for å hente heim slektningar av seg. Ei gruppe eldre menn, klare for gamleheimen, døden og det som verre er, oppdagar at bassenget brukt som mellombels lagring for kapslane med skapningane, gjer dei spreke som ungdomar.

Cocoon er ein snill film, familievenleg og i det heile ein sci-fi i retning Close Encounters of the Third Kind. På sitt beste byr den på fin, uskyldig humor, då gamle folk på film tydelegvis kan finne på mykje sprøtt. Det som dreiar seg om dei utanomjordiske venene våre leverer derimot ikkje gode nok varer, då dette er ein slapp gjeng som etter byrjinga av filmen aldri byr på særleg spenning.

No kan det hende at eg berre blei skuffa fordi jordkloten aldri blir sprengt i fillebitar, og fordi venskap og forståing er keisamt. Og sidan eg aldri forventa at det skulle skje, så er eg vel passe nøgd med kva Cocoon har å by på. Karakterane er likande personar og handlinga trår aldri i dei djupaste, sentimentale gropene, så den flotte atmosfæren blir mogleg å svelgje.

6/10

Miss March (2009)

IMDb: 4.9/10 (5,521 votes)

Etter Ã¥ ha trÃ¥la gjennom forslaga Itunes gir meg nÃ¥r eg besøker sidene til filmar eg likar i Itunes Store, sler det meg at grensa mellom kva filmar eg likar og kva som er søppel er tynn. Det er dÃ¥ først og fremst snakk om komediesjangeren og den amerikanske butikken — som tilbyr utleige og kjøp av filmar.

Etter å ha tråla gjennom butikken eit par gonger til, vippar eg over mot at Itunes gir blaffen i kva samanheng det er mellom filmar, så lenge dei ligg i kategorien komedie. Eller at dei er sortert etter utforminga av plakaten.

Vanlegvis er det lett å styre unna det verste, etter å ha sett min del film veit eg kva eg skal sjå etter for å få noko betre, og silingsprosessen startar gjerne ved synet av plakaten eller eit par sekundar inn i ein filmtrailer. No skal det òg seiast at eg gir mange filmane ein rettferdig sjanse, som har ført til eit par bortkasta timar i løpet av dei seinare åra.

Poenget mitt er, for i dette innlegget er poenget viktigare enn filmen eg skal komme til, at i blant så vil forsvarsverket rakne. Under desperat lyst på å sjå ein komedie i går kveld, utan å ha nokon liggande, og utan å ha lyst til å bruke så altfor lang tid på og finne noko, blei eg villeia av ein tittel som Itunes anbefalte meg. Ein tittel som Itunes har anbefalt meg sidan første dag eg tok butikken i bruk, og som eg lett har styrt unna tidlegare, men som i går tok meg med grepet til ei tradisjonell marknadsføring; den gjentakande påminninga av eit produkt. Eit produkt eg eigentleg ikkje har bruk for, men når eg stod der denne dagen og skulle velje, så tok eg det som verka kjent. Fordi det var så lett.

«Miss March» er filmen eg skal fram til. Og viss du ikkje trur pÃ¥ noko av det eg har skrive over, sÃ¥ har eg òg tenkt ut ei anna Ã¥rsak for deg til at eg sÃ¥g filmen, assosiasjonar til Playboy, ordet Unrated bak tittelen og ei halvnaken kvinne. Dette er det einaste filmen kan skilte med som korrekt av kva den pÃ¥stÃ¥r Ã¥ vere, for den oppfyller fÃ¥ av krava til Ã¥ bli ein kjekk film, men er heller som altfor mange middelmÃ¥tige komediar; to morosame scener og resten eit godt alternativ til Pzizz — programmet for PC/Mac/Iphone som skal hjelpe deg til Ã¥ sove. Eg kan ikkje pÃ¥stÃ¥ Ã¥ ha prøvd Pzizz og vite at det verkar, sÃ¥ eg ser ikkje pÃ¥ metaforen som snikreklame.

Eit søk etter «Miss March» pÃ¥ Rotten Tomatoes avslører ei rating pÃ¥ grusame 4%, og brukarane pÃ¥ IMDb har stemt den fram til heldige 4.9/10 — ein lur karakter som kan vippe i begge retningar, dÃ¥ 5000 stemmer som filmen har per i dag kan bety ei titals ulike meiningar av kva ein karakter stÃ¥r for. Personleg hamna eg godt under dette, «Miss March» er dÃ¥rleg pÃ¥ sÃ¥ mange felt at eg fort kunne ha gitt den 3/10. Det som fekk meg til Ã¥ revurdere var i hovudsak dei morosame scenene, som viss eg tenkjer meg om ein gong til, var meir enn to. Det var nokre stader eg blei sittande og le lenge etter scena var ferdig, det mÃ¥ bli nemnt.

NÃ¥r filmen nærma seg slutten og eg var sovna, sÃ¥ vil eg best skildre den som ei brødskive loff med syltetøy nok til ein einaste bit — nÃ¥r du nærmar deg ferdig med brødskiva (du brukar lang tid!) er sukkernivÃ¥et i kroppen din sÃ¥ lÃ¥gt igjen at du kjenner deg meir sliten enn nÃ¥r du starta.

4/10

Waiting for Guffman (1996)

IMDb: 7.5/10 (14,324 votes)

Småbyen Blaine skal ha 150-årsjubileum, og når den rike historia frå grunnlegginga til i dag skal forteljast, fell valet på å produsere eit lokalt skodespel. Produsenten blir den aldri så feminine Corky St. Clair, spela av regissør og manusforfattar Christopher Guest. Corky ser dette som ei moglegheit til å bli oppdaga av Broadwayskribenten Guffman.

Små og lokale produksjonar på film har som vane for å møte motstand eller vere i overkant useriøse, «Waiting for Guffman» på skil seg ut ved å stå fram som relativt seriøs og med ein naturleg, lett humoristisk vri på grunn av småbysjarmen og begeistringa kommunestyret har for jobben Corky St. Clair gjer.

Med seg har Christopher Guest fleire kjente som fargar filmen; medmanusforfattar Eugene Levy («American Pie»), i tillegg til gjengangarar i Guest-samanheng; Fred Willard, Catherine O’Hara og Parker Posey frÃ¥ mellom anna den liknande filmen frÃ¥ ti Ã¥r seinare, «For Your Consideration».

Eg har ikkje sett så stor pris på andre filmar av Christopher Guest, men det let seg ikkje smitte over på «Waiting for Guffman», og gav meg heller lyst til å revurdere «For Your Consideration» og sjå meir av Guest. Som mockumentary er dette ein film som er morosam i det små, og for det meste styrer unna ein direkte form for humor og oppnår å skape både god stemning og truverdige rollefigurar. Dette resulterer i at filmen treff godt.

Om eg så skal trekkje på noko er det vanskeleg å finne bestemte deler ved filmen som er svake. Det heller litt mot at filmen er fråverande av noko som grip tak i meg og gjer meg meir interessert i skjebnane til desse folka. Om poenget til Guest har vore å skape ein avstand mellom publikum og karakterane for å få fram at dette er mockumentary, står eg ikkje heilt bak den avgjersla.

Denne og andre småting som gjer at eg ikkje heilt var oppslukt i dei gode sidene ved «Waiting for Guffman», resulterer i ein karakter ikkje fullt på toppen av skalaen. Likevel er dette ein god film, med flott skodespel og ein aldri så liten appetittvekkar for Guest med denne troppen.

6/10