Odyssey 5 sesong 1

20 episodar.

Ein gong, dette er så langt tilbake i tid at opphavet for påstanden har gått tapt for meg, høyrte eg følgjande om det indiske folket sin måte å dømme film på: Var slutten god, ville filmen vere verd å sjå. Det motsette, så styrte dei unna.

Dette stemmer ikkje. Fans av TV-seriar som «Firefly» og «Deadwood» veit at handlinga undervegs er det viktige, mangelen på slutt kan faktisk føre til ei auka begeistring for sjølve reisa. Eg har på gode å vite om folk som har sett opp igjen «Firefly» meir enn to gonger, og ser korleis lysten på ei avslutning kan få ein til å søkje gjennom serien på nytt.

Dette gjeld TV-serie, og trass i at innlegget her handlar om ein TV-serie, skal eg kort sei eit par ord om sluttar i filmsamanheng. Kor mange gonger har du ikkje sett og likt ein film, for så å bli skuffa over ein svak slutt? Enkelte filmar er for gode til å slutte, det enkle punktumet balanserer ikkje den omfattande handlinga. Eksempel på det motsette finst, det er ikkje poenget mitt, men heller at ein svak slutt ikkje nødvendigvis betyr at resten av innhaldet er dårleg.

«Odyssey 5» har ingen slutt, trass i at det ikkje er FOX som står bak. Serien blei vist på Showtime, som i mindre grad enn reklamebaserte kabelnettverk brukar øksa. Det at Showtime valde å kansellere etter at berre 14 av dei 20 produserte episodane var sende, slår meg som oppsiktsvekkjande. For som påstått på fleire nettsider, kan eg bekrefte at serien sovidt fekk komme i gong i løpet av desse 20.

Det handlar om fem personar som frå eit romskip er vitne til at jordkloten imploderer. Dei møter så eit vesen som sender dei fem år tilbake i tid for å forhindre dette i å skje.

I løpet av sesongen blir me introdusert for ei omfattande og delvis uoversiktleg historie, men pÃ¥ den gode mÃ¥ten som vekkjer interessa for vidare forklaring. Ã… stoppe jordkloten frÃ¥ og implodere utan spor blir vrient, vegen er òg full av hinder i form av episodiske problem — litt i retning av sÃ¥nn som det er pÃ¥ «Buffy».

Så er «Odyssey 5» bra? Det mest gjeldande svaret er ja, her er det mykje god historie og fleire gode enkeltepisodar. Den gjennomgåande greia med vesen skapt gjennom intelligent programvare, for ikkje å snakke om det verdsromomspennande komplottet som blir introdusert i pilotepisoden. Serien har likevel nokre keisame svakheiter, den mest dramatiske er nok at det tok nettopp 20 episodar for serien å opne for det mest interessante problemet. Persongalleriet kunne hatt betre kjemi, her er det stort sett berre tendensar på gong. Peter Weller («RoboCop») er derimot sjef og balanserer så hårfint mellom glimt i auge og tidvis dårleg skodespel at sender meisteren sjølv, Bruce Campbell, ein tanke.

Eg kan konkludere med følgjande, at er du glad i sci-fi, tidsreiser og det som har med kunstig intelligens og gjere, samt set pris pÃ¥ ein kort serie — rett nok med open slutt — sÃ¥ kan «Odyssey 5» vere tingen for deg. Den fÃ¥r ikkje høgaste karakter av meg, men var verdt Ã¥ fÃ¥ med seg.

18 personlege favorittar

Å setje saman filmlister kan vere vrient, då ein ofte ikkje har sett alt som er å sjå innanfor det valde temaet. Ta ei toppliste for 2000-2010. Ingen normal person vil klare å sjå alt som er laga innafor tidsrommet og setje saman ei fornuftig liste. Ei liste vil alltid bli eit personleg utval eller kompromiss ut i frå eit samarbeid.

Unnataket er smalare tematiske lister, gjerne knytt til personar som har vore med i ei overkommeleg mengde produksjonar, eller ein smal sjanger. Med dette i tankane har eg sett saman ei liste over 18 personar innanfor filmbransjen. Det kan vanskeleg kallast ei liste over dei 18 beste, men er 18 favorittar eller personar eg per dags dato held eit ekstra auge til. Lista mi høyrer derimot ikkje til unnataket, då eg på langt nær har fullført filmografien til alle som er med.

Lista kunne ha vore ti gonger så lang, men eg legg meir vekt på variasjon enn å få med alt. Dette for å få fram at me slettes ikkje er eller treng vere eindimensjonale når det kjem til føretrukne filmar.

Woody Allen (1935-)

Woody har gjennom 40 år laga like mange filmar, og er framleis aktiv. Han har vore innom fleire sjangrar, og laga alt frå den ypparste komedie til skikkeleg drama og tøff thriller, stadig vekk med store namn innanfor bransjen, såvel i utlandet som i heimbyen New York.

Zooey Deschanel (1980-)

Zooey kan synge, og gjer det gjerne på film, i «Yes Man» hadde ho si eige, vesle synthpopgruppe, som var eit filmatisk samarbeid med Von Iva. Elles er denne unge kvinna søt, og spelar gjerne i rollar som litt usikker, sjenert. Men kan òg vere på kanten til psykopatisk, som i «Weeds».

Alec Baldwin (1958-)

Alec har dei seinare åra funne seg til rette i rollar som ofte blir skildra som typisk Alec Baldwin. Korleis han er personleg har eg ikkje oversikt over, men det er festleg å sjå han spele den litt sleipe fyren i dress, og ekstra artig når denne personen har ei mjukare side på litt humoristisk vis. Karakteren Jack Donaghy i «30 Rock» er eit godt eksempel.

James Stewart (1908-1997)

James var ei stor stjerne i gullalderen til Hollywood, og er ikkje mindre stjerne i dag. Med ei stemme som både kan fremme autoritet, begeistring og ei forvirrande sjel, utan eigentleg å forandre seg. James Stewart har spela i mange gode filmar av fleire udødelege filmskaparar, og har for min del endå tilgode å skuffe.

Steve Buscemi (1957-)

Med fartstid innanfor både blockbuster og smalare film er Steve sitt ansikt kjent i filmverda. Mine favorittar og grunnen til at eg følgjer Steve er titlar som «Trees Lounge» og «Delirious», og det er alltid kjekt når han dukkar opp i hovudrollar som i desse, eller finn på å lage ein film sjølv.

Amy Adams (1974-)

Både ei pen kvinne og god skodespelar med glimt i auge, som kan ta på seg sprø prinsesserollar og seriøse rollar i drama. Amy har gradvis bygd seg opp eit renommé og har med filmar dei siste åra vist at ho mest sannsynleg er kome for å bli. Held ho fram med å dukke opp i like mange gode filmar i åra framover, og kuttar ut det verste som «Night at the Museum: Battle of the Smithsonian», så er det meir enn grunn nok til å følgje dama vidare.

Jack Nicholson (1937-)

Jack har gjennom 40-50 år levert legendariske prestasjonar. Bl.a. som psykopat er han gull, og trass i alderen har han ikkje blitt mindre aktuell dei siste åra. Av eit mangfald filmar han har vore med i har eg sett altfor få av dei, men prøver stadig meg på fleire. Av desse forventar eg ypparleg skodespel frå Jack si side, og han skuffar sjeldan.

Michael Cera (1988-)

Som regel heldig med å hamne i gode ungdomskomediar. Han hadde òg eit veldig godt utgangspunkt etter å ha slått gjennom i «Arrested Development». Webserien «Clark and Michael» og rolla han spelar som seg sjølv i «Paper Heart» har gjort det lett å like imaget han skapa rundt Michael Cera.

David Cronenberg (1943-)

Har tidlegare laga fleire visuelt gripande og groteske filmar, men ikkje mista fokuset på historia. Før han dei seinare åra smått har endra retning og filmane meir har blitt ei skildring av indre konfliktar på andre måtar enn ei gjennom ytre manifestering.

David Lynch (1946-)

David er ein kunstnar som har trådd inn i filmbransjen og klart seg, han beherskar både streite filmar og meir eksperimentelle saker. Eg både hatar og elskar filmar av han, då han etter min smak har laga noko av det verste og beste som er. Det ligg difor alltid ei spenning knytt opp til det han lagar. Men mest av alt likar eg det han har gjort.

Sofia Coppola (1971-)

Fram til 2010 har Sofia laga tre filmar. Tre forskjellige, gode filmar, som eg godt kan tenke meg å sjå igjen i framtida. Så har ho brukt akkurat så lang tid mellom kvar film at eg har byrja å forvente ein like gjennomført film neste gong, med like gode karakterar, historie og stemning.

Wes Anderson (1969-)

Wes har auge for detaljar, og leverer ofte ei morosam historie som godt kan vere litt trist og alvorleg på same tid. Han har ein stil som er lett å kjenne igjen, brukar skodespelarar eg likar og som spelar litt sære karakterar som ofte fører dialog på den same, brå og tydelege måten som historiane blir fortalt på.

Judd Apatow (1967-)

Stilen og komedien som Apatow dei siste åra har fronta er midt i blinken for mitt vedkommande, med ein smule seriøst undertone blir det lettare å godta antiheltane som ofte er senter for filmane hans, og som ikkje alltid oppfører seg like sympatisk.

Nora Ephron (1941-)

Nora er ein filmskapar eg ikkje har fått utforska heilt endå, og ei som tydeleg har laga filmar av varierande kvalitet. Det beste ho har gjort har likevel fått meg til å halde eit auge med ho, og det viste seg å ikkje slå feil når ho gjekk i lag med Amy Adams og Meryl Streep i «Julie & Julia» i 2009.

Sienna Miller (1981-)

Sienna er først og fremst pen, og heller ikkje blotta for talent. Ho gjorde reint bord som motparten til Buscemi i «Interview» og var ikkje så aller verst som Sedgwick i «Factory Girl» heller. Ho har nok å bevise seg sjølv i framtida, men inntil vidare er dette ei karriere som eg godt kan følgje.

Jason Statham (1972-)

Som regel veit eg kva slags film eg får når den har Jason i hovudrolla, det er action, tøff action. Og Jason passar veldig godt i sentrum av tøff action, mykje takka vere eit steinhardt uttrykk i ansiktet som er så seriøst at det berre må bli godtatt som hardt.

Audrey Hepburn (1929-1993)

Audrey er ei av dei kvinnene frå eldre film eg har mest sansen for. Ho er den pene, smarte, uavhengige kvinna i mange av dei beste filmane sine, og passar veldig godt i desse rollane. Ho kan overraske med ein vanvittig dans i «Funny Face» og vere ung romantikar i «Roman Holiday». Så har ho fått æra av å spele mot både Humphrey Bogart og Cary Grant, som gjer filmane hennar endå meir verdt å sjå.

Charlie Kaufman (1958-)

Charlie har skrive manus til seks filmar, og har endå tilgode å levere noko som blir til ein dårleg film. Tre av filmane er favorittar hjå meg, og dei tre andre må eg få sett igjen. Det er ikkje mindre enn med høge forventingar eg ventar på neste prosjekt.

Ong bak 2 (2008)

IMDb: 6.4/10 (4,661 votes)

Tony Jaa er tilbake i det som skal vere ein prequel til «Ong Bak» frå 2003. Som ein har lært å forvente når Jaa er med i bilete, er dette eit spektakulært stykke slossing på film.

At karakteren til Jaa ikkje heiter det same som i den første filmen, eller eventuelle andre bristar i kontinuiteten som forskjellige tidsepokar, betyr ingenting for handlinga til «Ong Bak 2» — som like godt kunne hatt ein anna tittel. Etter ein keisam introduksjon tek filmen seg opp til eit behageleg nivÃ¥. Jaa viser nok eingong at han kan beherske mange kampteknikkar og vÃ¥pen, kombinert med saftig lydeffektar blir dei velkoreograferte scenene i lag med ei kurant historie om hemn til eit brutalt kampkalas som burde tilfredsstille mang ein kampsportentusiast.

Tony Jaa er pÃ¥ langt nær det største skodespelartalentet verda har sett, men filmen lid pÃ¥ ingen mÃ¥te av dette, dÃ¥ alt er bygd opp rundt den kompetansen han har. Reint personleg synst eg kampscenene hans overgÃ¥r stjerner som Jackie Chan, Bruce Lee og Jet Li — men eg kan jo nemne at eg utover desse slettes ikkje er oppdatert.

Det som trekk ned er historien og starten, men dette er jo ei smakssak, enkelte vil nok lettare klare å komme seg forbi ei svak historie når belønninga er så vakre kampscener som det «Ong Bak 2» byr på. For min del sette det ein liten dempar på sakene og var vanskeleg å ikkje tenke på trass i at det som utfoldar seg utover er svært så suggerende action.

6/10

Fantastic Mr. Fox (2009)

IMDb: 8.2/10 (9,438 votes)

Har du sansen for Wes Anderson, som mellom anna har laga «The Royal Tenenbaums» og «The Life Aquatic with Steve Zissou», så bør du få med deg «Fantastic Mr. Fox».

Anderson har eit auge for detaljar og viser dette på ein tydeleg måte, utan at det går på bekostning av flyten i filmen. Verken dette eller andre kjente estetiske grep manglar når han med «Fantastic Mr. Fox» har gjort sin første animasjonsfilm, i stop motion.

Karakterar og replikkar er òg eit resultat av det som ikkje kan vere anna enn full kontroll av Anderson under produksjonen. Historia til Roald Dahl, som filmen er basert på, forblir likevel alltid det viktigaste. I lag utgjer alt dette det meste ein kan forvente av ein slik film.

Det som held denne i frå å bli ein endeleg film, er at den på fleire område er for lik «The Life Aquatic with Steve Zissou», og gir inntrykk av å vere ein kopi i animert form. Personane og forholdet dei i mellom, dei estetiske grepa, forteljarstilen. Å unngå ei samanlikning er umogleg, og eg held ein knapp på «The Life Aquatic». På ei anna side er det slik som dette eg gjerne vil sjå Wes Anderson lage film.

8/10

Bakjwi (2009)

IMDb: 7.3/10 (6,431 votes)

Vampyrfilm er populært, og for å tilfredsstille folket har eg beslutta å skrive eit par velvalde ord om «Bakjwi», som er ute på det internasjonale filmmarkedet under tittelen «Thirst».

Først skal det nemnast at «Thirst» er ein god film. Den er sør-koreansk og laga av Park Chan-Wook, som mellom anna har laga «Oldboy». Så er «Thirst» ein lang film, men det går fint fordi den heile tida utviklar seg, innanfor ei historie og med overgang til nye. Dei som har sett film av Park Chan-Wook tidlegare vil kanskje forvente brutale scener; dette blir servert, men dei stel ikkje showet.

Humoristiske innslag som eg stort sett set pris på i sør-koreansk film, er det passe mange av til at dei fungerer som avbrekk og lettar på stemninga. Det var lett å merke at publikum sette pris på desse i den elles så mørke tematikken, og publikum under filmklubb og cinematekvisingar er godt over gjennomsnittet til å hente ut fornuftige inntrykk av.

Framstillinga av vampyrskapninga er gjerne grunnlag for diskusjon nÃ¥r nyskapande variantar kjem pÃ¥ bane. Kor nyskapande vampyrane er her har eg ikkje nok kunnskap til Ã¥ uttale meg om, men deira avstand frÃ¥ ei dyrisk framstilling (ikkje mine eigne ord) var ein eg sette pris pÃ¥ — her er det ingen tenner.

For den som ikkje har fått sett «Thirst» på festival eller Cinematek, så har den altså Noregspremiere 5. mars. Verdt å få med seg både for vampyrelskande og vanlege. Om kanskje ingen kandidat for topplassering på årslista mi, så fin å sjå på kino. Både for variasjonen og underhaldinga si del.

7/10