IMDb: 5.9/10 (4,103 votes)
Terry er blant dei penaste og mest populære jentene på skulen. Når ho vil hevde seg i ein konkurranse mellom journalistar i lokale skuleavisar, er inntrykket hennar at utsjåande blir eit hinder for at ho skal bli teken seriøst. Det er på tide å kle seg om!
Ein hårklypp og herreklede er alt som skal til for å forvandle vakre Terry (Joyce Hyser). Byte av skule og nye venner følgjer etter kvart, og det blir fort klart at dette er ein film som er ute etter å vise for ungdomen, at ting ikkje alltid er slik som ein trur dei er, når ein er ungdom. Passe gøy er det uansett, Terry hamnar i ein del kniper som krev glupe eller frekke utvegar, og denslags blir det komedie av.
Som med mykje ungdomskomedie går ikkje dette så djupt, og utfoldinga av handlinga ligg aldri langt unna det forventa. Det blir heller aldri eit minus, for filmen legg ikkje spesielt vekt på overraske. Det enkle plottet kring kjønnsskifte i utkledingsforstand er åleine godt nok til å bere ein film av denne sort.
Enkel moro og ein komedie som har noko den vil seie, som trekk litt opp, sjølv om eg ikkje ser på bodskapen som noko nytt for min del. Artige karakterar og ein del episodar som gjer inntrykk undervegs, reint komisk sett.
6/10
IMDb: 6.3/10 (12,038 votes)
Francis Ford Coppola er mest kjent for å ha laga filmar som The Godfather, The Conversation og Apocalypse Now! Men ved sidan av dei gode har han òg laga fleire ikkje fullt så gode, og ca. i det leie er det me finn «Peggy Sue Got Married».
Det er gjenforeining, 20 år etter high school, og Peggy (Kathleen Turner) har nyleg forlate mannen sin, Charlie (Nicolas Cage). Eit anfall under samlinga sender Peggy inn i ein slags koma, og ho får ein sjanse til å leve opp igjen ungdomstida.
Filmen viser kva Peggy, med fleire år som vaksen, ville ha gjort annleis om ho fekk sjansen. Den er òg rettferdig mot påverknader som miljø og eigen kropp har på Peggy, som i utgangspunktet trur ho veit betre, på grunn av den eigentlege alderen.
Sett til både 1960- og 1980-talet blir denne filmen ei blanding mellom retro ungdomskomedie og vakse drama. Ved å la Peggy behalde minnet sitt, og utnytte idear til oppfinningar som etter 1960 har gjort folk rike, kjem filmen såvidt innpå problemstillinga kring alle dei faktorane som spelar inn for at endring skal skje. Men det blir stort sett leiking med tanken, for det meste av fokuset til «Peggy Sue Got Married» ligg på det å vere open og våge å trå utanfor dei trygge råmene sine, for kanskje å finne livet betre utanfor.
Filmen lukkast i å preike om toleranse, og er til ei viss grad interessant når det kjem til Peggy, som har kunnskap om hendingar fram mot 1980-talet. Utanom dette er det ikkje all verden å hente, litt komedie og eit kurant drama. Ikkje blant dei skarpaste til Coppola, men framleis over middels.
6/10
IMDb: 5.4/10 (2,412 votes)
Corey Feldman og Corey Haim, eit legendarisk par når det kjem til tenåringsfilm på 1980-talet, sjølv om dei berre spela i tre filmar i lag før 1990.
I «Dream a Little Dream» har Feldman fått hovudrolla, medan Haim blir skyvd til sides som birolle og venn. Filmen føyer seg inn i rollebytesjangeren, og handlar om ein gammal mann som tek kroppen til Feldman.
Filmar om rollebyte er stort sett føreseielege, så innpakninga og komedien blir i større grad enn dei vanlege tilpassingsproblema personen møter, avgjerande for om filmen lukkast. «Dream a Little Dream» har eit opplegg rundt fantasi og draumar som blir for mykje av det gode, og som øydelegg flyten i filmen. Det lovar heller ikkje godt når dei ti første minuttane kjennest ut til å vere tilfeldig redigering som møter kryssklypping. Dei brukar så lang tid på å bygge opp mot at noko skal skje, at det går over frå spenning til avriving av hår av håpløyse.
Sagt med andre ord ligg dette eit stykkje unna fullkommen, god film. Men Corey Feldman i hovudrolla leverer, om ikkje Oscarrolle, så iallfall alt eg forventar av ungdomsskodespel i tenåringskomedie. Han er både eit klisjéprega 1980-tals ikon, tilfeldig kul og har ei side ved personen sin som skil han ut, eit snev av alvor i eit slaskete uttrykk, som gjer at dette blir meir enn ein tom tosk.
5/10
IMDb: 6.3/10 (1,765 votes)
I havet av tenÃ¥ringsfilmar frÃ¥ 1980-talet er det fleire som har henta inspirasjon frÃ¥ barndomen til ungdomskulturen. James Dean, rock ‘n roll og swing, 1950-talet er lett Ã¥ idyllisere pÃ¥ film, med ein samla ungdomsskare, der livet dreiar seg om drive-in-kinoar, diners og dating fredags kveld.
«Mischief» føyer seg inn i rekkja, og har mellom anna fleire likskapstrekk med «Rebel Without a Cause», som den stadig refererer til. Ved sidan av å handle om ein ny ungdom i byen, bilkøyring og motorsyklar, er dette ein film om 17 år gamle Jonathan, som gjennom eit nytt vennskap blir pressa til å utfordre det pysete, kvardagslege seg. Som mykje anna tenåringsfilm frå 1980-talet handlar det om å debutere, og ein klossete veg dit. Har du ei pyse og ein ny, tøff ungdom i byen, så har du òg den lokale bølla som slepp unna med mobbinga si.
Dei aller største stjernene er fråverande i «Mischief», men filmen lykkast godt utan. Som periodefilm er den passe idyllisk, utan at det går utover handlinga. Handlinga er ikkje den mest originale, men den engasjerer meir enn den gjennomsnittlege tenåringskomedien, og har ingen tydelege svakheiter heller. Heilskapleg sett ting i lag her og resultatet er tilfredsstillande, og ikkje negativt prega av tiåret den blei laga i.
Til informasjon: No set eg stor pris pÃ¥ bÃ¥de film som tydeleg skin gjennom som «typisk 1980-tals» og meir tidlaus film frÃ¥ perioden, sÃ¥ det er ikkje noko eg nødvendigvis trekkjer ned pÃ¥, verken det eine eller det andre.
7/10
IMDb: 6.1/10 (1,769 votes)
Ferris og Angel er to femten år gamle jenter som skal på leirskule. Og som alle femten år gamle jenter med respekt for seg sjølv, hamnar dei i konkurranse med kvarandre, om kven som klarar å miste jomfrudomen først.
«Little Darlings» er ingen uskuldig film, ingen moralpreik, men heller ingen «American Pie». Komedie i drama er best skildrande for kva denne filmen er, då hovudvekta her ligg på å fortelje historiene til Ferris og Angel, framfor å få oss til å le. Desse blir framstilt som meir enn to pene ansikt, utan at det tys til ekstraordinære livshistorier.
I all hovudsak står «Little Darlings» fram som ein film i harmoni med seg sjølv. Den gjer mykje godt, spesielt i å vere ein tenåringsfilm for tenåringar. I det legg eg, at denne ligg eit stykkje unna type underhalding, som mellom anna «American Pie», blir for mitt vedkommande.
To ting som kan seiast på tvers av handling og underhalding: Cynthia Nixon, best kjent som Miranda i «Sex and the City» gjer si filmatisk debutrolle i «Little Darlings». Dessutan er det Matt Dillon si andre filmrolle, men det blir liksom ikkje det heilt store å nemne.
6/10
IMDb: 7.1/10 (183 votes)
Turen innom Kosmorama, Trondheim internasjonale filmfestival, blei kort i år. To filmar blei sett, men det var to gode filmar!
Favoritten min blant «Air Doll» og «Desert Flower», blir sistnemnte. Ei filmatisk skildring av livet til supermodellen Waris Dirie, frå oppvekst til gjennombrot. Med Liya Kebede i hovudrolla, har regissør Sherry Horman bygd opp filmen der notida er situert rundt gjennombrotet i London, medan tilbakeblikk fortel den lange vegen dit.
«Desert Flower» er ikkje ein typisk lykkeleg film, og innslag frå den glamorøse verda til modellane er heller få og lettar stemninga, enn å prege historia i filmen. Temaet som blir behandla er det om kvinnemishandling, omskjering og Waris Dirie si rolle som den mishandla, og seinare ei av dei som blei den sterke stemma som gjorde verda merksam på situasjonen i Somalia.
Det kan høyrast ut som dette er ein tung film, med så tung tematikk å ta tak i. Men med stødig hand, har Sherry Horman lagt inn stadige komiske avbrekk, av den nedtona typen som aldri risikerer å trekkje ned seriøsiteten til resten av filmen. Resultatet har blitt ein film som går under huda på deg, får deg til å tenkje, men ikkje etterlate deg i ei sky av håpløyse.
Som pluss er «Desert Flower» pakka inn i ein god lydmiks og har flotte bilde, den forsvarar lengda på 2 timar og kjem, trass i tekniske problem under visinga, ut av det heile som ein sterk film. Takk, Kosmorama.
8/10
13 episodar.
Eg brukte nokre kveldar på å sjå «Better Off Ted», og sidan spørsmålet om kor vidt ein TV-serie er verdt å bruke tida på, er større enn om ein film er, skal eg gi plass til nokre ord om denne serien.
Dette er ein komedie, som blir sendt i USA på nettverket ABC. Typen er enkeltkamera og ingen publikum. Lengda på 22 minuttar gjer det lett å setje seg ned med ein eller fleire episodar. Krava mine var difor ikkje skyhøge til levering.
Me følgjer ei gruppe tilsette i ei avdeling av det oppdikta selskapet Veridian, som driv med forsking og utvikling av nye produkt. Miljøet er litt som i «30 Rock», du har ei hovudrolle i ei sjefsstilling, som har orden over fleire andre tilsette, og må svare til ein noko spesiell sjef. Men i motsetnad til «30 Rock», så manglar «Better Off Ted» det smarte manuset, sjølv om dei i 12. episode («Jabberwocky») er nære. Ein episode eg kan anbefale òg utanfor samanheng med resten av sesongen.
Synet mitt omkring serien er at den manglar det som skal til for å sende den i toppen, men over ein gjennomsnittleg komedie er den. Det kan ikkje skyvast under ein stol at det er seriøst mykje drit som dukkar opp kvart år. Men for ikkje å dryge dette lengre, har du gått tom for dei beste seriane, så er «Better Off Ted» ein trygg stoppestad på vegen vidare, men sjå for all del «30 Rock» først om du ikkje allereie har sett.
IMDb: 6.3/10 (27,681 votes)
Bruce Willis er mannen som må redde dagen i ein fartsfylt science-fiction spenningsfilm sett til år 2054.
Me blir introdusert for eit samfunn som har delt seg i to, dei som har omfamna det teknologiske framsteget som gjer det mogleg å leve livet gjennom fjernstyrte robotar, og dei som held seg i ein isolert bydel utan teknologien. Bruce Willis er del av den førre gruppa, og er politimann i ein idyllisk by, fri frå lovbrot.
Frå byrjinga av legg filmen tydeleg opp til at Willis etter kvart vil snuble over eit problem, som sender han på hovudet inn i eit ukontrollerbart helvete. Han vil naturlegvis stille spørsmål til om livet levd gjennom eit surrogat, som dei fjernstyrte robotane blir kalla, er eit fullverdig eit. Sånn går filmen, utan noko overraskingar, men med dei føreseielege vendingane.
«Surrogates» er trass i eit tynt plott, smått underhaldande som spenningsfilm. Problemet er i størst grad forsøket den gjer på å framstå som kritisk til teknologisk vinning. Med sitt uskuldige forsøk verkar den både datert og lite dømmande, mangelen på ei sterk kritisk stemme forsvinn i at «Surrogates» skal ha med litt om alt, og endå meir spesialeffektar.
Resultatet av det mislykka forsøket på å stake seg ut ei tydeleg retning, er då likevel ein gjennomsnittleg studiofilm. Den kan fungere om dagsformen er ukritisk, og heimekinoen maktar å ta overhand over sansane dine, med dei påkosta bilde- og lydeffektane som «Surrogates» har.
Eg merkar at i løpet av den månaden som har gått sidan eg såg filmen, så har inntrykket mitt av den gradvis forverra seg. Det er ein heilt kurant film, men du vil med liten innsats lett finne ein science-fiction som har både ei god kritisk stemma og god action. «Strange Days» frå 1995 er ein av mange som kan anbefalast.
6/10