Import-eksport (2005)

IMDb: 5.6/10 (120 votes)

Import-eksport var ein skuffelse, og viss det er alt du treng vite om filmen, så er jo det heilt greitt. Viss du vil vite litt ekstra, så les eit par avsnitt til.

To scener gjorde meg begeistra når eg såg filmen, som omhandlar eit problematisk forhold mellom ei pakistansk kvinne og ein norsk mann. Det er bestemt at kvinna skal gifte seg med ein fyr frå Pakistan, og den norske mannen set i gong med ein plan om å overbevise foreldra til kvinna at ho bør gifte seg med han, utan å vanære dei ved å avsløre forholdet.

Det eg skreiv tidlegare, i innlegget om Line og norsk skodespel, at det ikkje alltid har så mykje å sei, gjeld ikkje her. Import-eksport har direkte platt skodespel, og tek stor skade av det. Faktisk er filmen rett ut flau å sjå på til tider, og det er i grunn dumt, for sjølv om handlinga ikkje er direkte original, kunne det i beste fall blitt ein fin og romantisk komedie.

4/10

Vegas (2009)

IMDb: 6.3/10 (149 votes)

Vegas er noko så friskt som ein ungdomsfilm sett til Bergen, ikkje Oslo. Det er eit stort pluss. Det finst altfor mange filmar som er sett til Oslo, og sjølv om fleire av dei er gode, så er det fint med forandring.

Dette handlar i all hovudsak om tre ungdommar som ikkje har det så greitt, og som hamnar i lag på ein barneheim der dei ventar på fosterfamilie og sånne greier. Med andre ord er det litt alvor inne i bilde, men Vegas, ein film der tittelen er sånn passe bak mål, er kul på grunn av andre ting. Ein av dei er Helge Jordal, som etter ein lengre pause har gjort eit comeback i denne filmen. Om han har andre filmar i vente har eg ingen peiling på, og eg var i grunn ikkje klar over at det var 10 år sidan sist han var med i ein film, då eg aldri har følgd så godt med på norsk film. Men her er altså Jordal, og han gjer ein framifrå prestasjon i ein lite krevjande rolle. Kudos til Helge!

Så kva med dei andre tinga, som gjer Vegas kul. Jo, det er ein ungdomsfilm som unngår å bli tåpeleg, trass i nokre klisjear her og der. No vil vel enkelte kalle dei for tåpelege, men i mine augo skal det gå eit stykkje før det ikkje er snakk om sjarm. Vegas har sjarm, og den har humor. Ungdommen finn på sprø ting, og eg blir gledeleg overraska over kor godt filmen bygg opp om enkelte scener, før den slår meg i magen med ein vanvittig twist. Folk som har sett den vil moglegvis nikke når eg nemner fotograferinga på danskebåten, eller fødselsdagen i fosterfamilien til Marianne.

Sjølv om Vegas har sine flotte sider, står den seg ikkje spesielt ut når det kjem til handlinga. Filmen har lite å sei, og der den prøver å vere alvorleg, blir den framleis litt for idyllisk, og tek for lett på andre sider som burde ha blitt problematisert. Dette trekk filmen ned til eit greit nivå, betre blir den ikkje.

6/10

Line (1961)

IMDb: 6.2/10 (37 votes)

Jacob (Maurstad) kjem heim etter mange år i utlandet som sjømann. Ein lege har anbefalt han å reise heim igjen, og snakke ut med faren om eit anstrengt forhold desse i mellom, som kan ha ført til at Jacob reiste til utlandet i første omgang.

Heime i Noreg prioriterer han tida annleis, han skaffar seg heller ein hybel, seier ikkje frå at han er komme heim. Og møter også ei ung, pen jente som heiter Line, før familie legg merke til at han er i Oslo. Me følgjer Jacob, ein person som har personlege problem, og Line, over ein sommar.

Filmen har god musikk, og er veldig god på å skape stemning. Dette og handlinga kombinert gjorde at eg følte det var eldre, fransk film eg såg. Litt som i det eg har sett av tidleg Godard, er det ein person utan særleg mål og meining som driftar rundt, møter på andre unge menneske, innleiar eit forhold, og elles vankar litt rundt, som om han ikkje høyrer heime nokon spesiell stad.

Skodespelet er kanskje ikkje heilt topp, men for Ã¥ kunne ha glede av mange, norske filmar, bør ein kunne sjÃ¥ forbi litt pÃ¥ dette omrÃ¥de. Det er ein anna stil, ei anna tid, og difor kan det vere annleis enn me forventar i dag. Det er nokre dialogar i filmen som er meir av typen «eg har sagt mitt, no sluttar eg Ã¥ snakke fordi du skal avbryte meg», enn ein skikkeleg samtale. Men pÃ¥ andre omrÃ¥de gÃ¥r bÃ¥de Toralv Maurstad og Margarete Robsahm godt inn i rollane sine, og Henki Kolstad er truverdig som ein sleip og innpÃ¥sliten hybelvert.

Line er ein god, eldre norsk film, om ein er interessert i norsk film, og filmar som handlar meir om personar enn kva som skjer rundt dei.

7/10

Secondløitnanten (1993)

IMDb: 6.6/10 (182 votes)

Då Espen Skjønberg spela i lag med Bjørn Sundquist i En håndfull tid, kunne eg ha vore begeistra. Møte desse to i mellom, i Secondløitnanten, er nettopp det eg den gongen kunne ha tenkt meg.

Hans Petter Moland har samla fleire solide skodespelarar til denne norske krigsfilmen. Me flyttar oss til tilbake i tid, til tyskarane sin invasjon av Noreg, og følgjer ein eldre sjømann som vervar seg til dei norske forsvarsstyrkane. Espedal (Skjønberg) blir sett ned på grunna alder og bruken av ei datert rang, men beviser seg sjølv som ein ekte fridomskjempar.

Espedal er ein person som er lett å like i ei hovudrolle. Han er ein helt, men har sine feil, utan at han må oppføre seg som ein idiot for å vise ei slik side. Filmen består i all heilskap av veldig få episodar ein stille spørsmål til, og får fram både realitetane i ei enkelt motstandsgruppe og situasjonen i landet. At me veit utfallet betyr ikkje noko i negativ forstand, men gjer heller at historia kan forteljast på ein lysare måte, då mørke uansett lurer i bakgrunnen. Nettopp dette gjer Secondløitnanten til ei tidvis lystig, ikkje useriøs, forteljing.

8/10

Engelen (2009)

IMDb: 7.4/10 (86 votes)

Gjennom den siste perioden har det gått i norsk film, og eg har no komme til Engelen. Dette er den første spelefilmen til Margreth Olin, og var eigentleg meint å vere ein dokumentarfilm. Meir om årsakene til dette finn sjølv.

At Engelen er ein god film, er det viktigaste å få fram først. Når eg såg filmen, var eg derimot ukonsentrert og hadde berbare maskina på fanget, i håp om å kunne minske sjansane for å smelle tilfeldige kjennskap på tjukken. Eg fekk difor ikkje levd meg så godt inn i karakterane som eg nok burde, men synst likevel dette var ein god film. Direkte sterk blei aldri.

Forventingane til filmen var ein dyster, kald sak. Men sjølv om dette er ei tragisk historie, blir den fortalt på ein vakker måte, med omtanke for karakterane, og fokus på urettferdigheit framfor giving av skuld.

Så sjølv om eg ikkje var hundre prosent konsentrert, var Engelen verdt å få med seg.

7/10

Snarveien (2009)

IMDb: 5.3/10 (164 votes)

Forventingane til Snarveien var låge. Plakaten er billeg og kritikkane er varierande. Men krava mine til skrekkfilm er ikkje så høge, og eg sat meg ned i god tru på at filmen kunne underhalde.

Dette er den type skrekkfilm der oppbygginga ofte blir noko kjapt og enkelt, og fleire filmar knapt klarar å skape sympati for karakterane. Dette var det største problemet til Rovdyr, men Snarveien unngår det fint. Oppbygginga her er ein av dei betre eg har sett på ei stund innanfor sjangeren. Det er sitrande spenning tilstades, og filmen undervurderer heller ikkje publikum med overtydelege hint undervegs. Det ligg i korta korleis dette går, og kva rollar folk har, så Snarveien kjem ikkje med nokon store overraskingar, men det var heller ikkje forventa.

Det er nÃ¥r filmen nærmar seg klimaks at det byrjar Ã¥ rakne. Heile greia rundt direktesending av «din siste time» pÃ¥ nett, som plakaten reklamerer med, blir for teit. Hadde det vore snakk om ein god, gammaldags, familie av psykopatar, hadde det blitt sÃ¥ mykje betre. Trass i at dette ikkje ville ha vore noko originalt trekk. Dessutan er det ikkje spesielt spennande lengre, etter at korta blir lagt pÃ¥ bordet. Folk tek for mange snodige avgjersler til at eg kan la det gÃ¥, og har ein først starte Ã¥ irritere seg, sÃ¥ fungerer slettes ikkje ein skrekkfilm.

Synd, men sånn er det. Ei oppbygging av denne typen kunne det godt ha vore meir av, men avsluttingar som her vil eg helst sjå mindre av.

5/10

Nord (2009)

IMDb: 7.0/10 (812 votes)

Skal ein først kalle ein film norsk, så kan Nord fungere godt som eksempel: Nasjonalromantisk i framstillinga av prangande, norsk vinternatur, og noko sår innvendig.

Jomar Henriksen (Christiansen) har det ikkje heilt godt med seg. Han drikk og gir faen, og har mest lyst til å vere innlagt på psykiatrisk. Dette før han får vite det han får vite, og legg ut på ei reise med snøscooteren sin, nordover. Undervegs, som er sjølve filmen, møter han nokre interessante menneske, i kjent road movie-stil.

Bortsett frå det teknisk filmatiske, som er praktfullt på alle måtar, er Nord litt nedtona, som for å spegle sinnet til protagonisten. Dette er ikkje eit nytt grep, men eit som er upåklageleg i bruken sin. Det er å føretrekke i road movies, føre filmar som prøve å toppe kvar nye stoppestad med drygare møte enn forrige. Nord prøve aldri for hardt å vere morosam, og lykkast godt med det.

Skulle eg trekkje nokon parallellar til anna norsk film, må det bli Den brysomme mannen. Desse to filmane har det same auge for flott kinematografi, og protagonistane kan minne litt om kvarandre, då dei ikkje har det heilt godt der dei er i livet. Samtidig er begge filmane komediar, bygd på relativt seriøse premiss.

7/10

Tommys Inferno (2005)

IMDb: 5.7/10 (286 votes)

Tommy er ein kristen ungdom. Han har vore i lag med Maria i tre år, og ho har lyst å ha sex. Tommy synst dei skal vente til dei har gifta seg. Problem oppstår.

Ove Raymond Gyldenås har skrive manus og regissert ein frisk ungdomsfilm med Tommys inferno. Tittelen er ein referanse til Dantes inferno, og handlinga har visse likskapar, utan at det er overdrive. Dette nikket til eit klassisk verk, samt ein utradisjonell vri, ved å setje ein ung gut i hovudrolla, som vil vente før han har sex, er gode sider ved filmen.

Som ungdomsfilm er dette både komedie og drama, der den første biten er det som er mest vellykka. Dramaet utviklar seg i litt for dramatisk retning, og spesielt depresjonen Tommy søkk ned i, blir vanskeleg å svelgje, utan at eg skal røpe meir.

Persongalleriet er rikt på ulike typar som lett passar inn, utan å verke overflødige for handlinga. Bakgrunnen for vala i livet til Tommy er stort sett godt grunngitte, og sluttresultatet er ein samansett film. Den når ikkje heilt opp, av di den ikkje er truverdig nok med dei mest seriøse tema sine, men den treff absolutt med komedien.

6/10

Lønsj (2008)

IMDb: 5.4/10 (372 votes)

Forsøket er eit godt eit, men Lønsj blir med stilen, og ei halvveges fortalt historie. Den set det heile i gong med ein prolog, etterfylgd av introduksjon av karakterane og byrjinga på nokre små problem. Etter dette skjer det frykteleg lite, og filmen får aldri eit klimaks, som den heilt i frå starten av verka å sikte seg inn mot.

Filmar som tek eit lite stykke av liva til nokre karakterar, koplar desse laust saman i eit felles fiksjonsunivers, kan godt vere gode filmar. Kravet er då at karakterane er godt skrive, eller at dei blir fletta inn i hendingar som klarar å trekke fokuset vekk frå eventuell mangel på slike. Lønsj har ikkje så interessante karakterar, det einaste inntrykket me får er av problema desse har, men verken korleis dei har hamna dit hen, eller at dei behandlar problema sine. Det blir som å observere eit flott smørbrød på ein tallerken, men sjølv om du er svolten, står du heller å ser på smørbrødet til det ikkje er fullt så delikat lengre. Meiningslaust. Lønsj er litt meiningslaus, men positivt innstilt til filmen som eg var, så kunne eg sjå potensiale til ein betre film i dette, og eg likte både stil, stemning og oppbygging, sjølv om mangelen på å fullføre det sistnemnte prega tanken mot slutten.

Det eg vil fram til, er at dette er ein grei film ganske lenge, men skuffar dit hen ein bør kunne forvente at trådar blei samla, i det minste for dei individuelle. Eg er raus med karakteren sånn sett, men det er fordi det var fleire deler av filmen eg likte, undervegs.

6/10

En håndfull tid (1989)

IMDb: 7.0/10 (140 votes)

En håndfull tid vann Amandaprisen for beste norske spelefilm og beste norske, kvinnelege skodespelar, då den kom i 1989. Med Espen Skjønberg, Nicolay Lange-Nielsen og Camilla Strøm-Henriksen i hovudrollane, og eit halvt dusin kjente norske skodespelarar i bi-rollar, var En håndfull tid utan tvil ein stor tittel i samtida.

Ikkje overraskande handlar dette om tid. Skjønberg spelar gamle Martin, som er byrja å bli tullete, og både i draumar og vaken tilstand minnast ungdomskjærasten Anna, og turen dei tok i lag over fjellet til Vestlandet. Stemmene til Anna i hovudet hans, og ei nekting for at ho er død, får han til å rømme gamleheim og sjukehus, og reise på eiga han mot Vestlandet, nok ein gong.

En håndfull tid er eit flott kjærleiksdrama som knyter to historier med minst femti års mellomrom flott og tydeleg saman. Den kvir seg ikkje for å ta opp seriøse tema, som fødsel, alderdom, og ikkje minst død, på utbroderande vis, gjerne grafisk. Nettopp det å vere så rett fram, er litt uvant, og filmen er nok modigare enn fleire nyare norske filmar, sånn sett.

Eg veit ikkje om eg likar filmen på grunn av at den gjer ei uproblematisk bruk av element eg har blitt for van med å ikkje sjå på film, mellom anna fødslar, eller om dette stel for mykje av fokuset. Filmen er ikkje heilt topp, dette har med den langsame rytmen å gjere, som ikkje går heilt i lag med stemninga deler av filmen prøver å setje meg i. Dette er vel det største minuset, at eg ikkje lev meg godt nok inn i dette til at alvoret set ein støkk i meg.

6/10
1 / 3123