Skjult (2009)

IMDb: 6.0/10 (736 votes)

Norsk skrekkfilm, eit kapittel for seg sjølv. Det same må bli sagt om Kristoffer Joner. Og nok ein gong, seks år etter Villmark, er desse to gjenforent i tilsynet av Pål Øie.

Ei dyster lita bygd med ei tragisk historie, eit gammalt hus på ein bakketopp og ein mann som kjem heim igjen for å gravleggje si avdøde mor. På sitt beste har Skjult litt av den trolske stemninga frå Twin Peaks og den pressande atmosfæren frå The Shining. Mørke granskogar, fossefall, personar med uvisse motivasjonar og eit mørkt hotell er med på å framheve dette rundt mannen.

Mannen (Joner) er som dei fleste andre rollefigurane i filmen, ein person som er vrien å få heilt tak på. Han har ei fortid som blir halde delvis tilbake, og trass i at bygda er ei lita ei, er historia og sambandet hans med dei andre på staden, vag på sitt beste. Alt dette er gode ting, ein god skrekkfilm er ofte ein som skjuler informasjon i staden for å blottlegge.

Lenge er Skjult med på å gi gåsehud, med pirrande sekvensar som involverer den tradisjonell knirkinga og dei lange skuggane. Få av rollefigurane er irriterande idiotar som er skapt for å tulle ting til, og fleire av dei gir minimale innsyn i historiene sine. Men igjen kan tilbakehaldinga av detaljar vere ein fordel, både for å avgrense avstikkarane og potensielt utvide universet til filmen med uvissa.

Eg har vore raus med godorda. Dessutan har eg gitt filmen ein høg karakter. Det betyr ikkje at Skjult er fri frå feil. Kanskje har eg vore for raus, for bak det som til sjuande og sist berre er eit tal, er ein film som trass i rik stemning dør litt ut når innspurten nærmar seg. Dette har ikkje med at filmen manglar fart og spenning, noko du ikkje bør vente deg mykje av, men andre ting. Ting eg sjølvsagt ikkje har tenkt å nemne.

Sluttresultatet blir likevel ein av dei betre norske skrekkfilmane til dags dato. Ein som har gått inn for å dyrke gåsehud og spare inn på blodbudsjettet. Rollefigurane og prestasjonane bak desse er kanskje ikkje det mest sentrale ved filmen, men dei er då heller ikkje svake.

8/10

Hotel St. Pauli (1988)

IMDb: 4.2/10 (106 votes)

Hotel St. Pauli er ein av dei mest hata norske filmane nokon sinne. Det er òg ein av dei norske filmane som er vanskelegast å få tak i, i lag med den andre kalkunen Dis. Ja, det er i grunn dei fleste andre norske filmar som er laga. At Norsk filminstitutt er nær udugelege når det gjeld å få ut den norske filmarven til folket, er diverre ei mild underdriving. Kvaliteten på filmar som har kome ut, mellom anna gjennom samlinga Norske klassikere, er svært variert.

Det er mykje negativt å sei om Hotel St. Pauli, noko eit handlingsreferat ikkje kan fange. For i denne filmen skjer det så vanvittig lite i løpet av dei 105 minuttane den varer, at ei oppsummering heller latterleggjer filmen enn å kritisere den.

Filmane til Svend Wam og Petter Vennerød er godt kjent for ufrivillig humor, og heldigvis er ikkje Hotel St. Pauli eit unntak. Herleg dårleg skodespel og det drygaste av kinky sex du får på norsk film er stikkorda. Ja, òg så kjem hasjrøyking og kastrering like i ryggen.

Det einaste som er bra i Hotel St. Pauli, og då utelukkar eg den ufrivillige humoren, er musikken i brorparten av filmen og stemninga bruken av god musikk oppnår i ei skogsscene. Det er forresten i nemnde scene at Morgan (eine hovudrolla) spring rundt og ropar at han vil pule Gerda, før Gerda kappar av kuken hans og stikk til St. Pauli og blir sprøytenarkoman. Det er iallfall teorien min, for i forhold til tid heng dette tynt saman. Men i forhold til tidsbruk er filmen generøs. Litt som i 2001: A Space Odyssey er det mange og lange scener utan dialog her, hadde berre gleda av å sjå desse vore like stor.

Konklusjonen er at Hotel St. Pauli var betre enn forventa, men framleis er ein av dei verste norske filmane eg har sett. Den er så gjennomført elendig at det nesten har si sjarm. Få replikkar gjer at den legg opp til å kunne prate undervegs, og å kunne kommentere dårlege ting kan jo i og for seg vere artig nok. Men viss du ikkje har ei sann glede for dårleg film, har behov for å sjå Hotel St. Pauli i nokon samanheng, eller vil oppleve golden showers og ein bonde frå Nedre Eiker som onanerer på togstasjonen i Oslo, då kan du styre unna.

3/10

PÃ¥ solsiden (1956)

IMDb: 7.7/10 (12 votes)

Hartvig Riibe har invitert Joakim Bris på besøk for å overraske si kjære Ester. Mora til Hartvig, Margrethe, verkar ikkje vidare begeistra for Ester, og set ikkje større pris på vennene til Hartvig, som òg involverer slabbedasken Preben. Dette blir forsterka når Joakim dukkar opp. Søstra til Hartvig, Wenche, har ei fortid med Joakim frå ein ferie i Paris. Og skulle ikkje dette vere forvirrande nok, vil iallfall rollefigurane skape liv og røre.

Livet «pÃ¥ solsiden» er ikkje rein idyll, men nære, det er meir eit «lystspill» enn eit drama nÃ¥r det kjem til forviklingane. Skodespelet er teatralsk, ingen overrasking dÃ¥ filmen er basert pÃ¥ eit teaterstykke. Dette blir eit verkemiddel som tek brodden av dei dramatiske sekvensane, og fÃ¥r fram komedien. Likevel blir dette ein fin film om kjærleik, og det fungerer godt med komedie dÃ¥ den stort sett er drive av dialog.

Det tek aldri av, men blir aldri keisamt. Edith og Otto Carlmar har laga nok ein solid film med På Solsiden, men eg ventar framleis på å sjå filmen som vil vippe meg av stolen, då seks av seks av ti titlar i filmografien til Edith Carlmar som regissør gjenstår.

6/10