Då eg har skrive om dei to førre sesongane til GRΣΣK ved tidlegare anledningar, blir spørsmålet i dette innlegget kor vidt serien held seg. Men først ei kort oppsummering av tenåringssåpe til ABC Family. (Les vidare under bildet).
Serien dreiar seg omkring medlemmane i tre bror- og søsterskap på Cyprus-Rhodes University. Relasjonane desse i mellom kan nok best skildrast som ei dramasåpe, men serien har store mengder av komedie i seg. Avstanden til den klassiske collegekomedien på film er sånn sett så kort at fokuset på drama til tider blir utviska. Dette er positivt då serien, i likskap med andre ungdomsseriar (og dramasåper generelt) repeterer seg sjølv nok gonger.
Tredje sesong leverer som forventa nokolunde det same som dei førre. Det er festing, konfliktar mellom brorskapa og kjærleiksdrama i store mengder. Serien forsøk å løyse konfliktar og slå seg til ro med sentrale forhold, der spenninga har vore tydeleg i serien over lengre tid. Men endå er det lenge igjen før alle relasjonane er oppbrukt, og serien gir ikkje, trass i repeterande handlingsstrukur, inntrykk av å gå på tomgang endå.
Med unnatak av nokre episodar i byrjinga av sesongen, som på sitt beste var greie nok, er GRΣΣK ein stabilt god ungdomsserie. Erfaringa mi med ungdomsseriar er at mange av dei beste har brukt opp potensielle kjærleiksforhold allereie etter første og andre sesong, og dermed lid sterkt når dei skal hale ut fleire sesongar på suksessane sine. GRΣΣK har aldri nådd opp til eksempelvis nivået første sesong av The O.C. haldt, men viser langt større driv enn The O.C. gjorde etter tredje sesong.
Party Down er ein komedie frå Starz, frå mellom anna skaparen av Veronica Mars, Rob Thomas. Framfor kamera mangler det heller ikkje på kjente, som Adam Scott, Ryan Hansen, Martin Starr og Lizzy Caplan.
Då eg skreiv om første sesong var eg ikkje over meg av begeistring. Serien som handlar om eit team i catheringsselskapet Party Down, hadde mange kjente gjester, men tok aldri av. Dei fleste i teamet som får jobbar rundt om i Los Angeles, består av skodespelarar som går frå audition til audition. Store deler av grunnlaget for humor i serien spelar på kontrasten mellom drøymande og håpefulle unge i servicebransjen i forhold til det rike miljøet dei serverer for.
At andre sesong er betre enn første, kan ha med at humoren i fleire tilfelle verkar mykje drygare enn tidlegare. Eit portrett av ein kald og kynisk bransje, sett på spissen, men samtidig mogleg å ta til seg, får sterkare fram eit samhald i teamet frå Party Down. Dette bidreg til å skape eit sterkare band mellom episodane, som ikkje står på nokon historieark gjennom sesongen i utgangspunktet.
Det viser seg at det blei med to sesongar av Party Down, ein serie som trass i mange profilerte ansikt ikkje har blitt via så altfor mykje merksemd. Dette er synd når andre sesong i større grad enn første, som for all del var underhaldande den òg, i tilstrekkande grad underholdt og hadde det vesle ekstra som gjorde at den skilte seg ut.
Den amerikanske versjonen av The Office har for lengst gått frå å vere full av god humor og engasjerande relasjonar, til å bli ein monoton repetisjon av seg sjølv. Formatet er det derimot ingenting dårleg med, og når Modern Family tek til seg den observasjonelle, dokumentariske stilen, er det igjen ein flau humor som klarar å markere seg på skjermen.
Modern Family kan ved sidan av å ha henta inspirasjon frå The Office, seiast å ha eit par likskapar med Arrested Development. Desse ligg i strukturen til serien, som er bygd opp rundt ein stor og delt familie, med tre generasjonar, og dei vidt forskjellige persontypane denne består av. Kritikken av TV-serien som medium og spesielt dei billege situasjonskomediene er i motsetnad til i Arrested Development, fråverande. Modern Family har eit sett med tradisjonelle eigenskapar i rollefigurane sine, og gjenkjennelege relasjonar mellom desse, som gjer at serien har ei trygg plattform under alle dei sprø uttrykka. Når alt kjem til alt er det rollefigurar med sympatiske trekk som du knyter eit forhold til, og her skil ikkje serien seg ut frå andre familiekomedier.
Men med latterboksen borte og ein obervasjonell forteljarmåte, og likevel eit fargerikt persongalleri som i ein god situasjonskomedie, så er Modern Family ein vellykka familiekomedie som kan anbefalast for dei som skulle jakte på ein ny komedie.
Eg var først meint å introdusere Steve Carell, påpeike at han utover nokre få gode filmar, har vore med i mykje dårleg. Dette skulle gå over til å gjelde Date Night, og til samanliknast med innsatsen Carell og Tina Fey gjer i filmen. Men etter å ha gått gjennom filmografien til Carell, innsåg eg at han har spela i nok gode og middels gode til at det var urettferdig å vinkle karrieren hans som beståande av halvparten gode og halvparten eller fleire dårlege filmar. (Les vidare under bildet).
Poenget mitt med dette var som følgjer, å påpeike at Date Night ikkje gjorde spesielt godt inntrykk. Med unnatak av eit par småhysteriske scener og flotte realiseringar om giftarmålet Carell og Fey portretterer i filmen, var dette ein film der vegen til pauseknappen var kort. Difor gjer det meg heller ingenting, når eg no skriv om filmen, å oppsummere deler av handlinga i detalj for å få fram dette.
For å tilføre nye inntrykk i eit ekteskap som er grodd fast i ein slitsam kvardag, tek Carell med Fey på restaurant i Manhattan. Der utgjer dei seg for å vere eit anna par for å ta ein reservasjon på ein travel restaurant. Ved bordet, sjølv om det betyr ulykke, skålar dei med tomme vinglas. Dette får følgjer. Dei blir jaga gjennom byen av kriminelle og rotar seg borti mafia og bestukne politimenn.
For å få plass til alt som skal skje undervegs, er det halde tilbake på intellektuelle dialogar, noko som helst slags form for dveling ved seriøse poeng og eventuelt andre ting som kunne ha tilført djupn til komedien. Eg forventa ikkje dette i utgangspunktet, men det betyr ikkje at filmen er god utan.
Å nå opp med ein politikomedie som Cop Out er, med den rollebesetninga Cop Out har, det skal litt til for å få til. Den lyse poltimannen, spela av Bruce Willis, har med seg den lystigare mørke, spela av Tracy Morgan. Willis har bevist at han er god purk tidlegare, mens Morgan er ein ekspert på å irritere. (Les vidare under bildet).
Kevin Smith står som regissør utan å vere manusforfattar denne gongen, og etter oppturen med Zack and Miri Make a Porno for to år sidan såg eg fram til Cop Out før kritikken byrja å hagle inn. På sitt beste leverer Willis og Morgan gode karikaturar av stereotypane dei fyller, men dei unngår å gro fast i desse rollane, samtidig har filmen ein del flotte vriar, samt ein porsjon latterframkallande augneblinkar.
I heilskap er derimot Cop Out lite nytt. Historia er ein lang klisje og det er for lenge mellom dei altfor få verkeleg gode augneblinkane til at Kevin Smith kan sei å ha tilført buddy cop-sjangeren noko nytt. Det er synd å sei, men både Jersey Girl og denne filmen, som er nesten nede på same nivå, som to av fire filmar frå Smith siste 6 åra, så må han verkeleg bevise seg i framtida. Dette er litt for midt på treet.
Russ Meyer betyr ein film fullstappa av nakne kvinner med store bryster. I Finders Keepers dreiar plotet seg omkring ein strippeklubb og er eit simpelt ransforsøk. Før den harde kriminaliteten tek over filmen er det 45 minuttar med softcore action. Ein relativt stor del når filmen klokkar inn på 65 minuttar.
Å forsvare karakteren er vel strengt tatt unødvendig, men det må tilførast at filmen òg inneheld herleg skodespel, dristig kameraføring og ein lettfatteleg leksjon i mannssjåvinisme.
«When Man entered the atomic age, he opened a door into a new world. What we’ll eventually find in that new world, nobody can predict.»
Om det ikkje er monster frå verdsrommet som trugar, så er det monster skapt som følgjer av menneskelege eksperiment som gjer det. I Them! er det radioaktivitet frå prøvesprengingar i New Mexico-ørkenen som har skapt gigantiske mutasjonar av eit kjent, lite krypdyr. Blir ikkje desse utrydda tidsnok står sivilisasjonen vår i fare for å stryke med.
Them! har mykje god dialog og konfliktar mellom sivile og militære, men er mest av alt fokusert på samarbeid. Det blir ikkje ein film du irriterer deg over enkeltmennesket si stupide avgjersle som går ut over alle andre. Den største feilen er trass alt gjort. Vidare forbi dialogen har Them! òg dei gode actionscenene og det manglar ikkje på modellerte monster.
Hausu eller House er ein spesiell sak som påstår å vere ein skrekkfilm. Dette tek det ei stund før den viser at den er, men heller ikkje når det er klart er det overbevisande. Før det overnaturlege tek over er det komedie, tenåringsfilm, avant garde redigering og surrealisme i solide porsjonar. Den lystige musikken slepp derimot aldri taket, og dette resulterer i ei udefinerbar stemning utover og gjennom skrekken.
I Greenberg er det Ben Stiller sin tur til å bli seriøs og miserabel. Ei rolle me forsåvidt kjenner han igjen frå The Royal Tenenbaums, som òg var komisk ladd.
Som med det andre av Noah Baumbach er det eit drama der komedien kjem snikande i andre rekkje, og som med dei andre filmane hans forsvinn dei sterkaste kjenslene i dette møte. Filmen er aldri keisam, den fengjer og held meg merksam, men likevel sit eg ikkje igjen med så mykje som eg skulle ønskje. Kritikk til side, Stiller og den kvinnelege hovudrolla i filmen, Greta Gerwig, har ein fin og klumsete kjemi.