IMDb: 5.9/10 (1,679 votes)
Duplass-brørne er snart aktuell med komedien Cyrus, med Jonah Hill, John C. Reilly og Marisa Tomei. Og sjølv om dei insisterer på å ikkje selje seg til storfilmane (Total Film), er skilnaden stor til B-lista i Baghead. (Les vidare under bildet).

Så mens eg ventar på Cyrus, gjekk eg inn for å sjå meg opp på dei tidlegare filmane til Jay og Mark Duplass. Baghead som er den andre av dei to langfilmane dei har laga før 2010, handlar om ein vennegjeng som skal på hyttetur for å skrive filmmanus i lag. Filmen går mellom å vere komedie, skrekk, drama og romantikk ofte nok til at ein aldri heilt slår seg til ro med det eine eller det andre. Dette kan forvirre nokon, men for dei som vel å setje pris på det, er filmen udefinerbar og open nok heile vegen til at ein kan bli overraska av tilsynelatande enkle vriar.
Handhelde kamera og minimalt med stemningsbyggande musikk gir assosiasjonar til lågkostnads amatørfilm. No verken kosta eller tente Baghead inn store summar (ved si avgrensa kinolansering), men filmen får like fullt fram ei interessant og underhaldane handling. Skodespelet er ikkje i verdsklasse, men det manglar verken på kjemi eller kjensler, og det går godt i lag med filmen som heilskap.
Eg visste ikkje kva eg skulle forvente av Baghead, men får meir enn eg hadde rekna med. Det er ikkje ein film i verdsklasse, men likevel ein solid sak med amatørpreg og god sjangerblanding.
7/10
IMDb: 5.7/10 (9,955 votes)
Før eg legg ut om misnøya mi eg opparbeidde for Grown Ups etter kvart som den utfolda seg, viser eg til kinoplakaten. Ein film der definisjonen på gøy er fem vaksne menn i ei vannsklie, set ikkje høge mål for seg sjølv. (Les vidare under bilde).

No var det aldri kinoplakaten, men filmtraileren som gjorde meg merksam på Grown Ups. Eg burde uansett visst betre, då filmtraileren er eit medium eg ikkje har sett mi lit til på mange år. Likevel blei eg forført, og voldteken. Men kinoplakaten er ei passande skildring av innhaldet. Forsøka på humor bommar gong etter gong, og sender Grown Ups avgarde til den allereie overfylte søppeldynga med lavmåls komediar.
At dette skal er ein familiekomedie beskyttar på ingen måtar dei vala som har blitt tekne. For med ei rekkje av bevandra Hollywood-stjerner i hovudrollane er dette ein film som er like mykje meint å appellere til foreldre som til barn.
Det er i grunn liten vits i å dvele meir ved filmen, det har eit par morosame scener, men er elles godt under middels.
4/10
IMDb: 3.2/10 (929 votes)
Ã…ret etter Animal House fulgte H.O.T.S. i dei ideologiske fotspora til det som i ettertida blir rekna som blant dei ekte fedrene til collegekomedien. Unge, virile menn var blitt skifta ut med frisinna kvinnelege ungdommar, men konkurransennstinktet og skitne triks var framleis tilstades. (Les vidare under bilde).

Kunsten for å skape den gode collegekomedien er å få fram noko meiningsfullt blant innslag av beer pong og wet t-shirt contests. For eksempel kan det å få fram kor vanskeleg det er å vere ungdom, vere vrient nok, då mange problem vil framstå som enkle hinder for det eldre publikummet. Komediar som utelukkande klarar å levere humor på grunnlag av billeg, fysisk humor, og er fråverande mykje av det karakterbyggande, føles gjerne tomme og går lett i gløymeboka.
At H.O.T.S. er ein lite omtala film i ettertida har Ã¥ gjere med mangelen pÃ¥ tilknyting til karakterane. Det er lettare Ã¥ kjenne igjen jentene her pÃ¥ kroppsformene enn kva rolle dei spelar. HovudtrÃ¥den i filmen er av det slaget som me kjenner til frÃ¥ sÃ¥ mange collegekomedier, ei hemntok mellom eit tradisjonsrikt, men overlegent «hus» og eit slaskete eit. Det er ikkje her filmen taper terreng, men rett og slett at det verken er hjerte i filmen, eller kompetente skodespelarar for den saks skuld.
Forventingane var ikkje tilstades, så H.O.T.S. skuffar ikkje, men filmen er langt frå god, og heller ikkje anbefalt. Av rølpete collegekomedie er tilogmed dei fabrikkproduserte videofilmane til National Lampoon hakket betre.
3/10
IMDb: 8.0/10 (2,247 votes)
Det nyaste tilskotet i DC Universe Original Animated Movies-familien er den tredje Batman-filmen hittil i serien, og involverer Batman, Black Mask, Red Hood og Joker. Filmen er som resten av serien, basert på eksisterande materiale frå DC, som denne gongen har vore Under the Hood av Judd Winick frå 2005. (Les vidare under bildet).

Eg vil ikkje røpe meir av handlinga enn at hovudstrukturen til filmen er ei trekanta konflikt mellom vigilanten Batman, gangsteren Black Mask og oppkomlingen Red Hood som er ein mellomting av desse to. I kampen mellom desse spelar Joker ei sentral brikke. Filmen får danna ei god bakgrunnshistorie som går på tvers av fleire karakterar, noko som skapar ei spenning i actionsekvensane me blir bydd. Samanhengen mellom alt og alle blir tydeleg formidla innanfor rammene av 75 minuttar, og med gjennomsnittleg kjennskap til Batman står dette for meg fram som ein komplett animasjonsfilm.
Av andre sider som er verdt å nemne er kompliserte personlegheiter og noko eg vel å kalle ein vaksen tone. Desse to går hand i hand. Karakterane i filmen har sine eigne verdigrunnlag, og handlar tydeleg ut i frå meir enn eit oversiktleg bilde for kva som er rett og urett, godt og vondt. Me får oppleve både karakterutvikling og utnytting av svakare sider ved psyken, samtidig som filmen kan overraske ved å snu på ei femøring. Løysingar av denne sort bidreg til å gi ei kjensle av at filmen ikkje undervurderer publikummet sitt, og kan nå ut til fleire aldersgrupper.
På tampen vil eg gjere det klart at dette innlegget dreiar seg om ein type animasjonsfilm som kjem rett på video. Forventingane mine er andre til ein sånn film enn ein som er innom kino, og innhaldet her på lesast med dette i tankane. Om det burde vere sånn eller ikkje, er for øvrig ei sak å diskutere for seg sjølv. For med prislappar på DVD/Blu-ray ved lansering, samanlikna med det ein får for ein (billegare) kinobillett, burde ein kunne krevje at dette skulle legge seg på eit nivå over?
7/10