Filmdagbok

28. mars 2012

Avalon (1990)

Avalon er den tredje av Barry Levinson sine Baltimore-filmar. Dette er filmar med handlinga lagt til den amerikanske storbyen i perioden rundt 1940 til 1960. Barry Levinson var frå Baltimore, og har henta mykje inspirasjon frå sin eigen barndom og … MEIR

27. mars 2012

The Hunger Games (2012)

Det er lett å henge seg opp i samtidig filmkritikk i premieretidene til ein etterlengta storproduksjon. The Hunger Games hausta gode kritikkar, med ei og anna stemme om at filmen er for lite kritisk til barnerap. Eg set ikkje ut … MEIR

26. mars 2012

Tin Men (1987)

I lag med Diner, Avalon og Liberty Heights er Tin Men ein av Baltimore-filmane til Barry Levinson. Handlinga er lagt til Baltimore på tidleg 1960-tal, heimbyen og ungdomstida til Levinson. I Tin Men møter vi to salsmenn av aluminiumspanel til … MEIR

22. mars 2012

Diner (1982)

Diner er den første av dei fire Baltimore-filmane til Barry Levinson. Fire filmar som legg handlinga i Baltimore mellom 1940 og 1960, i perioden då Levinson sjølv vaks opp i byen. I Diner møter vi ei gruppe unge menn, men … MEIR

20. mars 2012

The Boys & Girls Guide to Getting Down (2006)

The Boys & Girls Guide to Getting Down tek sikte på å orientere oss i utelivet i Los Angeles. På ein humoristisk og systematisk måte får vi eit innblikk i korleis folk oppfører seg før fest, på fest og etter … MEIR

19. mars 2012

A Night in Casablanca (1946)

Marx-brørne er eit kjent namn i filmhistoria. Groucho, Harpo, Chico og Zeppo Marx, i blant i lag med Gummo og seinare utan Zeppo, har fem filmar blant American Film Institute 100 beste komediar. A Night in Casablanca er den tredje … MEIR

18. mars 2012

Like Crazy (2011)

Anna (Felicity Jones) og Jacob (Anton Yelchin) møtes, blir forelska, og blir åtskilt. Anna er frå England og er student med visum i USA. Jacob er frå USA. Då visumet til Anna går ut, blir det stormforelska paret separert. Like … MEIR

17. mars 2012

UHF (1989)

Som eit resultat av «Weird Al» Yankovic sitt samarbeid med Jay Levey er ikkje UHF overraskande ein parodisk film. «Weird Al» har gjort karriere på å parodiere popkulturelle songar, og viste med White & Nerdy i 2006 at han framleis … MEIR

16. mars 2012

Antitrust (2001)

Milo (Ryan Phillippe) er ein dyktig programmerer som har tenkt å starte selskap i lag med programmerervennene sine. Det er før dataselskapet NURV hyrer han inn på ein attraktiv kontrakt til å hjelpe med deira neste storsatsing, kommunikasjonssystemet Synapse. Så … MEIR

15. mars 2012

Motel Hell (1980)

Bonden Vincent kidnappar forbipasserande og grev dei ned til halsen på fritida. På dagtid sel han områdets beste, friterte kjøtprodukt. Samahengen er klar frå første stund. Skrekk møter komedie i Motel Hell, der Rory Calhoun er den mest profilerte. Om … MEIR

14. mars 2012

Hung (2009–2011)

Ray Drecker (Thomas Jane) er lærar og fattig. Han treng ei ekstrainntekt og blir prostituert, den einaste som sære Tanya Skagle (Jane Adams) er pimp for. Dette er tre sesongar med Hung oppsummert i eit avsnitt. Serien siktar ikkje høgt, … MEIR

13. mars 2012

The Goonies (1985)

Like før familien skal flytte finn brørne Mikey og Brand, i lag med vennegjengen til Mikey, eit skattekart. Mikey ønskjer å leite etter skatten, som eit siste oppdrag før han og Brand skal flytte. Resten av vennegjengen the goonies er … MEIR

12. mars 2012

WarGames (1983)

David (Matthew Broderick) er opphengt i dataspel og er ein kløppar på hacking. I forsøk på å komme seg inn på maskina til spelprodusenten ProtoVision, hamnar han hjå militæret. Spelet han startar mot supermaskina Joshua får store følgjer. WarGames kom … MEIR

9. mars 2012

Howl (2010)

I 1955 gav poeten Allen Ginsberg ut diktsamlinga Howl and other poems. Språket og innhaldet var for kontroversielt og sterkt for enkelte. Forlaget som gav ut samlinga blei saksøkt for det nokre meinte var unødvendig språk, og den følgjande rettsaka … MEIR

8. mars 2012

My Chauffeur (1986)

Casey Meadows (Deborah Foreman) blir hyra inn til å køyre limosin i eit firma som stort sett består av konservative, gamle menn. Casey er den strake motsetnaden og møter motstand, både i arbeidsmiljøet og i oppdraga. Men jenta har sin … MEIR

7. mars 2012

Hot Dog… The Movie (1984)

Harkin (Patrick Houser) er skientusiast. Han har spart opp pengar og er no på veg til Squaw Valley for å delta i freeride-konkurransar. På vegen dit plukkar han opp Sunny (Tracy Smith), ei ung pen kvinne som blir med han … MEIR

5. mars 2012

Casual Sex? (1988)

Casual Sex? er ein romantisk komedie med Back to the Future-Lea Thompson og Victoria Jackson. Som to sjølvstendige og single kvinner reiser dei på ferie i lag. Thompson som Stacy har levd i sølibat i ti månader, frivillig. Jackson som … MEIR

4. mars 2012

Seven Chances (1925)

Seven Chances er ein romantisk slapstick-komedie med stumfilmlegenden Buster Keaton frå 1925. Støtta av pianomusikk og tekstplakatar blir historien om James Shannon som skal gifte seg fortalt på 56 minuttar. James og partneren ligg an til å gå konkurs og … MEIR

3. mars 2012

Northern Exposure (1990–1995)

Northern Exposure handlar om livet og røra i den oppdikta småbyen Cicely i Alaska. Joel Fleischman er nyutdanna lege og skal ha praksis for å betale ned studielånet. I seriens første episode kjem han til Cicely mot si vilje. Han … MEIR