40 Days and 40 Nights (2002)
Matt (Josh Hartnett) slit med psykiske problem forårsaka av for mange one-night-stands i forsøk på å gløyme eks-kjærasten som slo opp 6 månader i forvegen. Difor vel han, i tråd med katolsk kyrkjetradisjon å gi opp det han elskar i 40 dagar, nemleg sex og alt i nærheiten.
Naturleg nok møter han eit nytt kvinnfolk få dagar etter “prosjektet” er starta, og problema ballar på seg.
«40 Days and 40 Nights» er hovudsakleg ein ganske standard romantisk komedie. Det som skil den litt ut er at den handlar meir om sex og ja, sex og sex, enn håplaus romantikk. Dette gjer den til ein fortreffarleg romantisk komedie for mannfolk.
Sjølv om filmen helst går i dei mest opptrakka fotspora i Hollywood, så reddar den seg sjølv ved å trakke nær kanten, smøre godt på med sexrelaterte vitsar og pene damer. Ja, det er vel ikkje vits å legge skjul på det, filmen er ikkje spesielt djup.
