Ein nedtur frÃ¥ «Dream Warriors» var ikkje uforventa, Wes Craven er igjen utelatt og Tuesday Knight har erstatta Patricia Arquette som Kristen Parker. «The Dream Master» er seriens første skuffelse, ein liten sÃ¥dan, dÃ¥ den ikkje ligg spesielt langt unna «Freddy’s Revenge». Eg turde Ã¥ hÃ¥pe pÃ¥ betre etter «Dream Warriors».
Ei avkrefting sømmer seg først, eg mislikte ikkje denne filmen, den er eigentleg heilt grei, litt kjedeleg i blant, men på andre sider har den mange godbitar å dele. Den gapar over mykje handling, men kvantitet er ikkje kvalitet, eg saknar betre samanheng til hovudhistoria omkring Freddy Kreuger. Kristen Parker er med, men då berre i namnet, for med skodespelarbyte blir det som ein ny person. Skodespelet generelt er ganske håplaust her, det stinkar av mange scener, kven ein skal legge skulda på er vanskeleg å sei, det ser ut til å ha blitt inngått mange kompromiss i redigeringsrommet.
Freddy er tilbake, det overraska ingen. Korleis han har klart å karre seg tilbake blir kort og svakt fortalt, dette burde derimot ikkje bry nokon som har satt seg for å sjå filmane, eg nemner det berre i forbifarten. Freddy er og blir eit monster, han går kanskje litt for langt i å nyte ondskapen sin her, men igjen er det vanskeleg å klage når dette godt kan vere filmens intensjon, for det går jo heilt greitt ned.
Bortsett frå nokre kjedelege augeblikk og dårlege skodespelarar er dette ein grei film, den har sine glimrande lyspunkt, eg har nemnt min elsk for utprega spesialeffektar i 1980-tals skrekkfilmar, men er også herleg grotesk som er lov til å like på film. Litt drøy på «det kule» frå 1980-talet er den også, men det er gøy! Humor er det flust av, ønska eller uønska.
Litt i overkant av det negative her i innlegget, eg ser det sjølv, i «A Nightmare on Elm Street»-samanheng er dette derimot ein heilt grei film.
