Femte film. Alice frå forrige, «The Dream Master», blir smelt på tjukka og gjennom den verste skremselspropagande mot tenåringsgraviditet og teikneserie (av alle ting) dukkar Freddy opp. Tidlegare i serien har me fått vite litt om Amanda Kreuger, nonna som fødde Freddy, «The Dream Child» går meir grafisk til verks og me blir vitne til at Freddy blir gjenfødt på same måte som hans ekte fødsel, gjennom draumane til det Alices ufødde barn.
Det heng ikkje på greip, på ein god måte, starten av filmen er relativt god og hastar ikkje med eksponering av Freddys herjingar. Gradvis blir me kjent med flate og usympatiske karakterar, den anonyme Alice i fronten kjenner me litt frå før, ved sidan av opptrappinga til den uungåelege sluttmøtet. Folk vil dø undervegs, ingen vil tru på dei involverte, i blant kan eg ikkje unngå å bli irritert på dette, ettersom det har skjedd i kvar einaste film hittil.
Tross ei nemneverdig oppbygging, billege kulissar som osar av sjarm, litt meir forseggjorte som trapperommet der opp og ned ikkje eksisterar (du veit, slike rom der alle går på kryss og tvers), pluss klapp på skuldra til «Take on me»-musikkvideoen til A-ha med blanding av teikneserie og realitet, «The Dream Child» har ei uengasjerande historie, gjer for lite ut av kvart enkelt stadie, irriterar litt for mykje med karakterar som aldri lærer av feila sine og har seriens hittil svakaste Freddyportrett.
