Langt frå det beste romantiske dramaet eg har sett. Den gav ikkje meg den gode kjensla eit kvalitetsdrama i denne sjangeren bør gi. Innimellom var filmen kjedeleg, smått avveksla med småmorosame scener. Avstanden til favorittdramafilmane mine er nok stor. Og eg har ikkje så mykje til overs for Helena Bonham Carter.
Eg har heller ikkje så mykje til overs for Judi Dench, sjølv om eg kan tole ansiktet hennar. Det er altså ein fordel at ho ikkje er så altfor mykje med i denne filmen.
Historia er ei rein kjærleikshistorie, som eg nemnt over ikkje fekk den rette feelen for.
