Filmdagbok

Alt om Filmdagboka

For dei som vil ha litt bakgrunn.

Filmdagbok starta som ei utprøving av tenesta Blogger i mars 2004, over ein periode hadde eg starta å sjå meir film og såg etter ein grei måte å føre logg på desse.

Namnet mitt er Asbjørn (Ness), ein ganske vanleg person utan utdanning innan film, men med ei genuin interesse for kulturfenomenet, inkludert ei glede for moderne tv-serie.

Wordpress er ei begrensa plattform for diskusjon og det å bli kjent, så legg meg gjerne til på Facebook (profilen min) eller Messenger (hr_ness(a)msn.com - erstatt (a) med @) uansett kva det måtte vere.

Kategoriane er sjølvforklarande, det skjer lite her bortsett frå film- og tv-skriveri, i blant har eg nokre venner som skriv litt i kategorien for Gjesteanmeldelsar, noko du skal få lov til om du tek kontakt (eposten min er forresten a_ness(a)runbox.no).

Teknisk oppsummert: Brukar Wordpress, har laga layout sjølv.